Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. januar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dagfinnsteinen ved Årdal kyrkje



Ved Årdal kyrkje på Årdalstangen står fire minnesteinar. Dagfinnsteinen er nær 700 år gamal. Han står oppreist på høgre sida av kyrkjegardsporten, tett inn til kyrkjegardsmuren.

Informasjonsplata om Dagfinnsteinen vart sett opp etter initiativ av Tomas Hæreid og vart kosta av Årdal Sparebank.

Informasjonsplata om Dagfinnsteinen vart sett opp etter initiativ av Tomas Hæreid og vart kosta av Årdal Sparebank.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Jonny Asperheim.

Dagfinnsteinen>
Dagfinnsteinen er av kleberstein, og er, slik han står nå, 195 cm høg 72 cm brei nede, 47 cm oppe og kring 16 cm tjukk. På framsida er det skriftteikn langs sidene og spor etter eit riss av ein mannsfigur. Ved sida av steinen er oppsett ei støypt metallplate med informasjon om steinen.

Funnen i 1867

Historia om Dagfinnsteinen gjennom dei siste 130 åra er ikkje heilt klårlagd, og opplysningane i det magre kjeldematerialet me har for hand, samstavar ikkje på alle punkt. Lærar, kyrkjesongar og bankmann Tomas Hæreid seier i eit brev til Årdal sokneråd, datert september 1982, at dei fann steinen under dørstokken i inngangsdøra då dei reiv den gamle stavkyrkja i 1867. Han vart så brukt i trappa til den nye kyrkja og plassert med framsida opp. Eit riss av ein mannsfigur vart med åra nesten heilt bortviska. Ordførar Endre Offerdal sytte for å få steinen flytta to gonger, fyrst frå kyrkjetroppa til kyrkjegarden, og så kring 1930 til noverande stad.
I ein bilettekst i heftet "Årdal kyrkje 100 år" står det at steinen straks han var funnen vart flytta til kyrkjegarden og deretter, kring århundreskiftet 1800/1900, oppteken og lagd i eit kvitmåla "vàr".
Merknad: vàr - noko til vern, t.d. putevàr. I denne samanhengen nærliggjande å tru at det vart laga til ei kiste av eitt eller anna slag til vern om den eldgamle steinen.

Opphaveleg eit gravminne

Innskrifta er skrivi med gotiske bokstavar. Professor Magnus Olsen har tolka ho slik: "Her kviler presten Dagfinn som her heldt messe. Han døydde Botolfsefta. Bed eit Fadervår for sjeli hans."
Dagfinn finst nemnd to stader som prest i Årdal, i 1323 og 1324. Det ligg nær å tru at steinen vart laga til som gravminne og plassert horisontalt over grava hans inne i kyrkja. Eit liknande gravminne frå Tønjum kyrkje er oppbevart i Bergen Museum.

Informasjon

Tomas Hæreid sette seg i sving for å få oppsett ei informasjonsplate ved steinen, og han fekk Årdal Sparebank til å ta kostnaden. På den støypte metallplata festa i ein stein i kyrkjegardsmuren like ved, står opplysningar om når steinen vart funnen, om presten Dagfinn og omsetjing av innskrifta til nynorsk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årdal kyrkje 100 år. 1867-1967.
Norsk historisk leksikon. Oslo 1999.
Øverland, O.A.: Illustreret Norges Historie. Kristiania 1888.
Brev til Årdal sokneråd, datert september 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR