Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gåtefull merkestein i Førde i Jølster



Det står ein temmeleg spesiell merkestein i skiljet mellom to gardsbruk i Førde i Jølster. På eine sida er det måla på gards- og bruksnummer og årstalet 1989. På andre sida er det rita inn liner og bokstavar og eit mykje eldre årstal. Ingen veit noko om steinen anna enn at ei gravemaskin fekk han i skufla under eit stort elvereguleringsarbeid i åra 1988-1989.

Den gåtefulle steinen nede ved elva i grenselina mellom gardane med bruksnummera  2 og 3 i Førde ved Breimsvatnet.

Den gåtefulle steinen nede ved elva i grenselina mellom gardane med bruksnummera 2 og 3 i Førde ved Breimsvatnet.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2001

Fotograf: Hermund Kleppa

På vestsida av elva

Før 1989 gjekk vegen til vassenden i Førdesfjorden (søndre del av Breimsvatnet), framom gardsbruka 1, 2 og 3 på vestsida av elva. Ved elvereguleringsarbeidet i åra 1988-1989 vart det bygd bru over elva lenger oppe og lagt ny veg på austsida av elva nedover til vassenden. Merkesteinen står i skiljet mellom bruka 2 og 3, heilt nede ved elva på vestsida, eit par hundre meter nedom brua.

Hol tvers gjennom og innritingar

Steinen er godt synleg frå vegen, men ein lyt spasera opp langs elva på vestsida frå den gamle brua for å ta han i nærare augesyn. Steinen er kring ein meter høg, kring 50 cm brei med ein noko smalare topp. Tjukna er nokolunde jamn, snaue 10 cm. Midt på går eit hol tvers gjennom steinen.

På austsida av steinen er måla på: Gnr. 75 , Bnr. 2, Bnr. 3 og årstalet 1989.

På vestsida, sida som vender mot gardsbruka, er det rissa inn fire horisontale liner som deler steinen inn i fem felt. I felt nummer to frå toppen står: NO * 2 * ASSF (med ein kort, horisontal strek over ein c-figur framfor bokstavane, og to korte, horisontalt, parallelle strekar etter. I det tredje feltet står årstalet 1842. I det fjerde feltet er holet. I felta oppe og nede er der ingen ting.

Låg i elveløpet

Ingen visste om steinen før ein gravemaskinkøyrar fekk han i skufla då han dreiv på og grov i elveløpet. Dei oppdaga strekane og skriftteikna og spekulerte fælt på på kva slags stein det kunne vera. Gravemaskinkøyraren undrast på om det kunne vera ei gravhelle.

Grensestein mellom to gardsbruk

Ei tid etter vart steinen sett opp i skiljet mellom bruka 2 og 3, no med raud farge på innritingane og nye bokstavar og tal i same farge på andre sida. Dei tykte han høvde godt som merkestein i skiljet mellom gardane. På denne måten vart steinen teken godt vare på og samstundes gjort synleg.

Gåtefull stein

Sidan 1989 har steinen fungert som grensestein mellom to gardar. Men steinen ber med seg ein løyndom. Kven laga innskrifta? Når? Kvifor? Kva står bokstavane for? Årstalet? Holet? Kva funksjon hadde steinen opphavleg? Kvifor enda han opp i elveløpet?

Årstalet og bokstavane

Her kan folk spekulera saman med gravemaskinkøyraren og andre. Årstalet 1842 kan stå for når steinen vart reist, eller for ei hending knytta til steinen, eller begge deler. Bokstavane minner om kombinasjonen me finn frå 1800-talet til dømes på måla på kister og på somme enkle, heimegjorde gravsteinar. Fyrste bokstav står for fyrste bokstav i førenamn, andre bokstav er fyrste bokstav i patronymikon (ord som fortel om farsnamn, t.d. Larsson eller Larsdotter), tredje bokstav er alltid s eller d som syner til kjønn, son eller dotter, og fjerde bokstav er fyrste bokstav i etternamn.

Spørsmålet er då om bokstavkombinasjonen ASSF passar med noko menneske i Førde på den tida? Brukaren på noverande bruksnummer 3 heitte Aksel Samuelson Førde (1788-1862). Feitar me opp firebokstav-kombinasjonen ASSF, får meAkselSamuelSonFørde - som stemmer med kombinasjonen på steinen. Det kan jamvel vera Aksel som har ordna med innskrifta. På den gamle grensesteinen attmed vegen oppe i bygda har ein mann "A.S. FØRDE" signert innskrifta. Det står: UDHUGGET AF A.S. FØRDE

Gravhelle?

Gravemaskinkøyrararen lanserte ein terori om gravhelle. Bokstavrekkja er av same slag som me finn på somme gravsteinar frå 1800-talet. Derimot passar ikkje elementet "NO 2". Ein kross ville vore meir naturleg. Funnstaden treng også ei forklaring. Kyrkjegarden ved kyrkja på Reed var førs-folket sin gravstad.

Rotestein?

I 1842 gjekk hovudvegen Den Trondhjemske Postvei om Førde (vegen vart nedlagd som hovudveg då vegen gjenom Våtedalen var ferdig i 1889). Vedlikehaldet på vegane vart på denne tida ordna som arbeidsplikt for bøndene. Eit område eller ein krins utgjorde eirote(rode) og innafor rota var vedlikehaldet delt inn i fastsette vegstykke. Etter veglova skulle vegstykka merkast med stolpar eller pelar. Slik merkepelar var ofte laga av tre, men somme stader av det meir haldbare materialet stein.

Kan Førde-steinen vera ein rotestein? Kan "NO 2" stå for eit vegstykke nummer to? Anders A. Førde er ikkje så heilt viss på det. Steinen vart funnen langt frå der vegen gjekk i eldre tid, og ein rotestein han har teke vare på, er mykje mindre og har ulik innskrift.

Kan det tenkjast andre forklaringar?

kjelder:

Hvattum, Harald: På gamle vegar i Valdres. (..). 1993.
Informasjon frå:
Anders A. Førde, Jølster.
Norges vassdrags- og energidirektorat. Notat, 19.01.2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR