Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Tekstilreiskap og tekstiltilverking



Det er eit markert innslag av tekstilreiskap i gjenstandsfunna frå Ytre Moa. Saman med kjennskap til beitetilhøve, funn av reiskap til sanking av for til sau og den historiske bruken av området, har dei mange tekstilreiskapane blitt tolka som eit teikn på at tekstilhandverk har vore viktig i denne regionen i vikingtida. Kva reiskap er det som er funne, og kva veit ein om prosessen med tekstiltilverking?

Handsnellehjul frå Ytre Moa. Hjula har er av ulike typar materiale, har varierande tyngd og storleik. Også storleiken på hola varierar.  Slike handsnellehjul kan daterast til jarnalder/mellomalder. (Foto: Fylkesarkivet).

Handsnellehjul frå Ytre Moa. Hjula har er av ulike typar materiale, har varierande tyngd og storleik. Også storleiken på hola varierar. Slike handsnellehjul kan daterast til jarnalder/mellomalder. (Foto: Fylkesarkivet).

Tekstilreiskap

I yngre jarnalder er tekstilreiskap ein av dei vanlegaste og mest talrike gjenstandskategoriane, ved sida av våpen og importerte gjenstandar frå dei Britiske øyene og kontinentet. Tekstilreiskap er svært vanleg å finne i graver frå denne tida, men også i hustufter. På Ytre Moa er det t.d. funne tekstilreiskap i dei fleste tuftene, men ikkje i dei undersøkte gravene. Det skal likevel nemnast at i ei av gravene på Moa-garden, like aust for Ytre Moa, vart det funne tekstilreiskap i form av vevlodd og ullkam i ei grav frå yngre jarnalder.

Spinning og veving

Spinning og veving var naudsynt, mellom anna for å skaffe stoff til klede og segl til båtar. Det var vanlegast å spinne ull, men lin og neslefiber vart også spunne. Det vart laga ullstoff til klede til ulik bruk, og stoff som seinare vart tova til vadmål eller loa. Det er funne tekstilar frå andre delar av landet frå denne perioden som viser at dei både kunne veve stoff med mønster, brodere og nytte ulike plantefargar for å foredle tekstilane.

Mange ulike reiskapar

Til gruppa tekstilreiskap høyrer ei rekkje ulike reiskap. Her finn ein både vevesverd, kljåsteinar, ullkam/linhekle, handsnellehjul, bein- og metallnåler, nålehus, saumglattarar og sakser. I tillegg kjem restar av t.d. brikkevev, vevkam, men også linklubber (som vart nytta i prosessen med å preparere fibrene i linstrået slik at det kunne nyttast i veving). Ulla vart karda med ullkammer eller hekler jarntenner, og garnet vart spunne ved hjelp av handteiner, der handsnellehjula vart nytta som tyngde. Til vevinga, som ofte vart utført på Opstadvev, nytta ein vevesverd til å slå trådane med. Blant tekstilreiskapa funne på Ytre Moa er 14 handsnellehjul, 10 kljåsteinar, ein vevreell og 4 sakser. Saksene er av ein type som har vore vanleg i vikingtida, og har m.a. truleg vore nytta i samband med tilverking av tekstil og klede. Det er også funne eit hengjebryne som det kan vere naturleg å rekne til tekstilreiskapa, ettersom slike bryne ofte vart nytta som nålebryne.

Handsnellehjul

Handsnellehjul er den vanlegaste tekstilreiskapen frå yngre jarnalder. Så også på Ytre Moa. Handsnellehjulet er ein del av ein handtein, som vart brukt til å spinne særleg ull og lin. Teinen er ei tynn pinne med ein liten krok øvst. Handsnellehjulet vart tredd inn på teinen for å sikre stø gange når ulla skulle tvinnas til tråd. Eit handsnellehjul kan vere gjort av stein, bein, tre eller brent leire. Av dei 14 som er funne på Ytre Moa, er eitt av fylitt og eitt av glimmerskifer, medan resten er av kleberstein. Forma på dei varierar - nokre har ei svakt kvelva overside og ein flat, eller svakt konkav underside, nokre er skiveforma, og eitt har ein oval kontur. Vekta varierar mellom om lag 10 og 40 gram. Tyngda på handsnellehjula har vore avgjerande for kor tjukk tråd som vart spunne. Jo tyngre hjul jo grøvre tråd. Forsking på førhistorisk tekstilproduksjon har synt at hjul med ei vekt på mellom 25 og 35 gram har vore det vanlegaste ved spinning av ull frå den gamalnorske korthalesauen.

Kljåsteinar

På Ytre Moa har ein funne 10 kljåsteinar, eller fragment av kljåstein. Kljåsteinane vart nytta som vevtyngder for å stramme reninnga på Opstadveven, ein opprettståande vevstol. Ved sidan av Opstadveven, vart brikkevev og grindvev nytta fram til flatveven vart introdusert i mellomalderen. Både form og storleik på dei kljåsteinane som er funne på Ytre Moa varierar, men dei fleste er ovale eller med tilnærma trekanta kontur, og veg mellom 3-400 gram. Dei har alle hatt hol i eine enden.

Tekstiltilverking - i kvardag og tru

Fleire forskarar hevdar at tekstiltilverking i hovudsak har vore ei kvinnesysle. Dette baserer dei mellom anna på gravfunn, der tekstilreiskap i hovudsak er funne i kvinnegraver. Også i etnografisk og historisk kjeldemateriale frå desse områda har dei funne støtte for dette. Det er likevel ikkje uvanleg å finne tekstilreiskap i mannsgraver, og då gjerne saman med våpen som sverd, pilspissar eller spyd. Veving og spinning er også kjent frå den norrøne litteraturen og det mytologiske universet i vikingtida. Mest kjent er vel dei tre nornene - Urd (fortid), Verdande (nåtid) og Skuld (framtid) - som spann livstråden og vevde lagnadsveven. I det mytologiske universet, er veving og spinning ofte kombinert med det kultiske, i samband med rituelle handlingar.

kjelder:

Bakka, E. 1965. Ytre Moa - eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.): Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Hoffmann, M. Fra fiber til tøy. Tekstilredskaper og bruken av dem i norsk tradisjon. Landbruksforlaget, Oslo. 1991.
Hofseth, E. H. Spinnehjul -xx symbol for kvinne. I Frà haug ok heiðni. Nr. 10. 1985. Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Rabben, Anders M. Med vevsverd og stekepanne. Tekstilredskaper og kjøkkenredskaper i vestnorske mannsgraver fra yngre jernalder. Hovedfagsoppgave i arkeologi, Universitet i Bergen 2002.
Øye, I. Textile equipment and its working environment, Bryggen inBergen, c 1150xx1500. The Bryggen papers, vol. 2, Bergen 1988.
Solberg, B. Jernalderen i Norge. 500 før Kristus til 1030 etter Kristus. Cappelen Akademisk forlag. Oslo 2000.
Steinsland, G. Norrøn religion: myter, riter, samfunn. Oslo 2005

PERMANENT IDENTIFIKATOR