Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. mars 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Redningsskøytene i Kalvåg og Bremanger



Kalvåg var redningsskøytestasjon i 65 år, frå 1907 til 1972. Redningsskøyta hadde eiga fortøyningsbøye midt i vågen. Når redningsskøyta ikkje låg i hamn, var ho ute på havet, kryssa att og fram på fiskefeltet, klar til å yta assistanse når nokon trong hjelp, eller ho var ute i rednings-oppdrag. Magnus Helge Torvanger har skrive om redningsskøytene i Kalvåg, - i eit hefte som Kalvåg bygdelag ga ut i 2003. Denne artikkelen handlar også om kjelder til Redningsselskapet si historie.

Redningsskøyta «Bergens Kreds», bygd 1912, på Kalvågsvika (utafor Kalvåg). Redningsselskapet hadde redningsskøyter i Kalvåg 65 år, frå 1907 til 1972. Mange av mannskapa kom frå Kalvåg; av dei dei best kjende kan nemnast Georg Nessen, Thor Stenseth og Nils M. Liset.

Redningsskøyta «Bergens Kreds», bygd 1912, på Kalvågsvika (utafor Kalvåg). Redningsselskapet hadde redningsskøyter i Kalvåg 65 år, frå 1907 til 1972. Mange av mannskapa kom frå Kalvåg; av dei dei best kjende kan nemnast Georg Nessen, Thor Stenseth og Nils M. Liset.

Eigar: Magnus Nødset

Datering: 1926

Fotograf: Einar Helgesen

RS

Redningsselskapet (RS) blei skipa i 1891 med namnet Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning (NSSR). Fartøya blir omtala som redningsskøyter sjølv om fartøya har endra seg mykje frå dei første skøytene bygde av tre, til dagens moderne fartøy i aluminium og glasfiber. Alle - bortsett frå ambulansebåtar - har RS (redningsskøyta) framfor namnet.

Ein hjelpar på havet

Føremålet til Redningsselskapet kjem fram i namnet: å redda, berga, folk i havsnaud, dessutan å berga materielle verdiar. Redningsselskapet har og alltid drive arbeid for å førebyggja uhell og ulukker. Dei første lovene, vedtekne 9. juli 1891, hadde denne føremålsparagrafen:

«Selskapets formaal er at virke for et privat redningsvæsen paa den norske kyst, og skaffe befolkningen kjendskab til redningsapparater og deres bruk»

I eit avisoppslag år 2015 finn vi Redningsselskapet si oppgåve formulert på denne måten:

«Redningsselskapets formål er å redde liv, berge verdier og verne kystmiljøet i norske farvann og å drive opplysnings- og ulykkesforebyggende arbeid for å bedre sikkerheten for de som ferdes på sjøen.”

Redningsskøytene i Kalvåg

Det var hausten 1907 at RS «Halten» kom til den nyoppretta redningsstasjonen Kalvåg. Operasjonsfeltet var strekninga «Frøyen – Bremangerpollen». Seinare kom andre, i alt 17 ulike redningsskøyter hadde stasjon i Kalvåg gjennom 65 år. Den siste var RS «Tønnes Puntervold», oppkalla etter ein av pionerane, handelsmann og skipsreiar Tønnes Puntervold i Egersund. Storparten i Torvanger sitt hefte byggjer på rapportar frå redningsskøytene, attgjevne i Redningsselskapet sine blad «Signal» og «Kystvakt». Torvanger oppsummerer resultatet av redningsskøytene si verksemd i dette avsnittet:

«Skøytene har mang ein gong berga både fartøy, reiskap og liv for dei mange i desse kystbygdene som har hatt fiskefeltet og sjøen som arbeidsplass fram gjennom åra. Men skøytene har også hjelpt og berga fiskarar og sjøfolk frå andre land, dei har gått med sjuke og barselkvinner til sjukehuset i Florø, og dei har skyssa både lensmann, prest og anna folk, ofte når veret var på sitt verste og ingen andre båtar kunne gå.

Gjennom dei nøkterne orda i rapportane får vi eit innsyn i mange av dei drama, med lukkeleg eller tragisk utfall, som har skjedd på dei verharde sjøstykka rundt Bremangerlandet og Frøya i desse 65 åra.»

Kjelder til redningsskøytene si historie

Utanom rapportane frå redningsskøytene brukte Torvanger to jubileumsbøker: «Hundre år med redningsskøyta» (1994) og «Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene» (2002), begge skrivne av Bjørn Foss. Dessutan hadde han nytte av Redningsmuseet i Horten, lokalaviser og framfor alt av ei rekkje privatpersonar han var i kontakt med.

Det kan leggjast til at Redningsselskapet gav ut eit jubileumshefte då selskapet runda 25 år: «Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning - Gjennem fem og tyve aar – 1891 . 9. juli . 1916», og vidare, at Redningsselskapet har avlevert heile det historiske arkivet sitt til oppbevaring i Riksarkivet. Arkivkatalogen er tilgjengeleg på nett.

Sesongen 1915/1916 – RS «Bergens Kreds» i Kalvåg

Redningsselskapet sitt jubileumshefte 1916 har rapportar frå kvar redningsskøyte i jubileums-sesongen 1915/1916 (hausten 1915 og vinteren/våren 1916. RS «Bergens kreds» var stasjonert i Kalvåg:

«Redningsskøite «Bergens kreds», fører Paul Eide, krydsningsfelt Bremanger - Kalvaag Raudeberg – fra midten av oktober 1915 til midten av april 1916. I november og desember 1916 var det ikke stort at gjøre for skøiten, da der ikke blev drevet synderlig fiske fra noget av værene. Den 16. februar 1916 indslæptes af skøiten en motorbaat med fem mann som hadde signalisert efter assistance, da propellen var blitt innviklet i garnene, saa maskinen ikke kunde benyttes.

Den 14. mars assisterte skøitens fører en motorbaats mandskap, som blusset efter assistance med at faa maskinen i orden og baaten i havn. Den 18. mars fik man signal fra en motorbaat om assistance, da denne hadde faat garn indviklet i propellen. Baaten med 6 mand toges paa slæp til land; og efter at det var blit mørkt den 20. mars, fik man se signal fra en motorbaat som ønsket assistance, den likeledes hadde faat garn i propellen. Baaten med 5 mand slæbtes op til Kalvaag. I vinterens løp er desforuten flere mindre baater indslæbt under storm og stygveir.»

Kvinneforeiningar i Bremanger

Kvinneforeiningar høyrer med i Redningsselskapet si historie. På to måtar var kvinneforeiningane i mange år ein viktig reiskap for Redningsselskapet; 1) ved å opplysa/informera, «fremme redningssaken», og 2) ved å samla inn pengar (utlodningar og basarar, sal av lodd i landslotteri, m.m.). Kragerø kvindeforening var den første, skipa 3. mars 1891. Trondheim kvinneforening skaffa heile finansieringa til RS «Halten», ny 1907. Lokale kvinneforeningane på landsbygda voks for alvor fram frå kring 1910.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt Prosjekt lagsarkiv 1992, registrerte lag og foreiningar i kvar kommune. Ikkje alle lag kom med. Prosjektet fanga opp 9 NSSR-foreiningar i Bremanger kommune. (årstala i parantes står for skipingsår og nedleggingsår, strek betyr at laget var i verksemd pr. 1992) 1) Isane (1956-1992), 2) Endal (1923 – 1960, 3) Rugsund (ca 1930 - ), 4) Leirgulen (1930 - 1965), 5) Kjelkenes (1930 - ), 6) Berle (1926 - 1990), Pernille Nyborg leiar i 20 år, diplom 1951, 7) Dalen (1937 - ca 1985), 8) Novelandet (1930 - ), 9) Havdur, Ryland ? (1922-1992).

Oversynet viser at desse 9 NSSR-foreiningane i Bremanger (fram til 1992), vart skipa etter måten seint (det første i 1922), og at dei sovna av mot slutten av 1900-talet (mindre enn ein tredjedel var i verksemd pr. 1992. Elles går det fram av registrerings-opplysningane at årlege basarar var den vanlege innsamlingsmåten.

Støtt redningsselskapet!

Redningsselskapet har alltid for ein stor del vore finansiert ved gåver og innsamla midler. Selskapet har i alle år oppmoda om å støtta Redningsselskapet, men måtar å gjera det på, har endra seg sidan starten i 1891. To døme illustrerer dette; det eine frå 2013, det andre frå 1916:

2013: «Kjøp din egen sjømil og støtt Redningsselskapet. Lille Norge har lengre kystlinje enn svære USA, noe som stiller store krav til redningstjenesten. – Vi oppfordrer norske bedrifter til å kjøpe nautiske mil til drift av sin lokale redningsskøyte for å bidra til at vi kan nå alle som trenger hjelp innen en time, sier generalsekretær Rikke Lind til Nordlands Avis.»

1916: «De drog du i det herligste veir, de gjorde en god fangst og fyldte sin baat med fisk, de satte mot land saa inderlig glade, over en rik dræt. Saa ryker det op en storm, baaten er snart inde i tyk snekave, det hyler hviner af vinden, det bruser og braker af braat og brand, det oprørte hav reiser sig som et bjerg og hvælver baaten. Det lykkes nogen at kravle sig op paa hvælvet, de andre synker ned i den vaate grav i dypet med tarreblad til hodepute og tang til liklaken. Kommer saa ingen hjælp, da gaar det slik til med dem der sitter paa hvælvet oversprøitede af bølgerne ute paa det vilde, oprørte hav, at kræfterne svinder, haanden lammes, taket løsner, og den skummende bølge skyller dem bort den ene efter den anden.

Dette hører med til mine mørke barndomsminder. Paa denne maate har jeg mistet min far, paa dette vis er saa at si hele min slægt gaaet under. Saa varmt og inderlig jeg formaar tilroper jeg derfor enhver kristen mand og kvinde, enhver som har noget av Guds barmhjertighet i sig: Kom dem til hjelp, som er i havsnød, ræk ut din haand, at din broder kan rives ut af dødens gap! Støt redningsselskapet saa gjør du en god gjerning! Biskop Dr. Bang»

Merknad: Anton Christian Bang (1840-1913), fødd og oppvaksen på Dønna, prest, biskop, kyrkjehistorikar. Sju år gamal miste han far sin på sjøen.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Torvanger, Magnus Helge: Redningsskøytene i Kalvåg og Bremanger. 1907-1972. 2003


Sørensen, G: Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning. 1891 . 9. juli . 1916.


Redningsselskapets historie

PERMANENT IDENTIFIKATOR