Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. januar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Hebridene - To vasskverner



"Norse Mill" står det på eit skilt ved riksvegen på øya Lewis nord på Hebridene. Ein gruslagt sti går fram til ei restaurert vasskvern. I Ortnevik i Sogn står og ei istandsett vasskvern. Husa eller bygningane er ulike på fleire måtar, men kvernene er nesten identiske.

<i>Shawbust Horiziontal Mill and Kiln</i> - ei <i>Norse mill</i> på øya Lewis på Hebridene. Husa er bygde på tradisjonell måte, låge murar og stråtekte tak. Huset nærast er turke, det andre kvern. Ein bekk renn naturleg ned på nordsida av husa (her på høgra sida), men bekken vart leia inn i eit løp som førde vatnet på sørsida av husa (ned til venstre for stien på biletet) og det siste stykket bratt ned til kvernkallen.

Shawbust Horiziontal Mill and Kiln - ei Norse mill på øya Lewis på Hebridene. Husa er bygde på tradisjonell måte, låge murar og stråtekte tak. Huset nærast er turke, det andre kvern. Ein bekk renn naturleg ned på nordsida av husa (her på høgra sida), men bekken vart leia inn i eit løp som førde vatnet på sørsida av husa (ned til venstre for stien på biletet) og det siste stykket bratt ned til kvernkallen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Arv frå vikingtida

Hebridene høyrer til Skottland som eige fylke. I den største byen Stornoway er der eit nokså nytt fylkesmuseum, Museum nan eilean. Ei av utstillingane viser soga til øygruppa frå dei første steinaldermenneska kom til øyane om lag 5000 f. Kr. til vår tid. Om vikingane står det at dei kom frå "the Western fjords of Norway, " at dei den første tida kom på herjeferder for så å busetja seg. Vikingperioden vert rekna frå om lag 800 til 1266 e. Kr. Tidsbolken vert i somme høve også referert til somthe Norse periode.

Eit turistkart viser at det står ei Norse mill på ein stad med namnet Shawbust. Begge namna har rot i vikingperioden. Begge orda Norse og Viking vert brukte om kulturarv frå the Norse periode t.il dømes Norse settlement, Norse farm, Viking farmhouse, Norse placenamnes, Norse world og Norse language. Mange stadnamn har rot i Norse language (norrønt språk) eller dei har element av Norse i seg. På øya Lewis har såleis ikkje mindre enn 99 av 126 landsbynamn norrønt opphav.

Nemninga Norse mill omfattar horisontale vasskverner der ein loddrett plassert kvernkall er festa til den eine av to kvernsteinar (underliggjaren). Det finst ikkje noko eintydig svar på kvifor dei vert kalla Norse mills.. Stadnamnet Shawbost har elementet bost frå norrønt mål, eller gamalnorsk, bolstadir, gard/bustad.

Kvernanlegget på Shawbust

Stien fram til kvernhusanlegget på Shawbost er om lag 800 meter. To bygningar ligg ved enden av eit lågt dalsøkk i landskapet der det renn ein bekk. Eit kort stykke oppom kvernhusa er bekken kunstig leia ut frå det naturlege bekkefaret for å få større fallkraft.

Det eine huset er ei turke (kiln), det andre kvernhus (mill eller quern). Begge har tilnærma oval grunnflate, mura vegger og stråtekte tak. Takhalmen er halden på plass med eit nett der det nede er festa tett i tett med vektsteinar.

Kverna er sett saman av to kvernsteinar, - den eine, underliggjaren, ligg fast, - den andre, overliggjaren, er kopla til kvernkallen med ein loddrett stokk. Over holet (auga) i overliggjaren er korntilførings-anlegget (via og skoen) montert. Flate steinar er sette på kant rundt opningane mellom steinane for å fanga opp mjølet.

Kverna i Ortnevik

Vasskverna i Ortnevik ligg på garden Brekke, tett attmed brua over Storelva. Her er berre ein bygning. Huset har rektangelforma grunnflate, det er bygd av tømmer og har torvtak. Vatnet er leia ut frå elva, bort til ei renne som gjev bratt fall ned til kvernkallen. Kverna er bygd opp på nøyaktig same måten som kverna på Hebridene, to kvernsteinar, tilføringsanlegg og loddrett stokk med kvernkallen nede i underhuset. Rundt kvernsteinane er det laga til ein karm for å samla opp mjøl på same måten som på Hebridene. Den einaste skilnaden på oppsamlings-karmane er at på Hebridene-kverna er materialet stein, medan det på Ortnevik-kverna er brukt tre.

Meir om kverna på Hebridene

Det er mykje å sjå og oppleva ved kvernanlegget på Shawbust. Du blir nysgjerrig og det melder seg mange spørsmål. Men der er ingen å spørja og det er heller sparsamt med informasjon. Me sende brev til "the society" som står for prosjektet. Kort tid etter fekk me brev frå Finlay MacLeod. Han har vore leiar for gruppa som har stått for kvernhus-prosjektet og som no syter for drift og vedlikehald.

Atmosfære av det originale

Finlay Macleod og folka hans tok fatt kring 1990. Kvernhuset var då i sterkt forfall sjølv om ein lokal skule hadde sett kvernhuset i stand i 1960-åra etter at kverna hadde stått ubrukt sidan 1930-talet. Gruppa greidde å skaffa pengar til restaureringa som omfatta to delmål, å gjenreisa kvernhuset, og å byggja ei turke (kiln) attmed kvernhuset for at besøkande også skulle få sjå korleis kornet vart tørka før det vart male.

Dei valde å halda heile anlegget og det næraste området fritt for oppslagstavler. Dei ynskjer at folk skal ha høve til å sitja ned på steinsete og "feel the atmosphere" som det må ha vore då gardbrukarane (the crofters) brukte kverna. - Nokre likar det best slik, andre spør etter meir informasjon og fleire vindauga i husa, opplyser MacLeod.

Vasskverner brukte i mange land

Han fortel elles at vasskverner av same type som "norse mills" har vore brukte i mange land. Me finn dei frå Asia til Midt-Austen, i Nord-Afrika, Hellas, Portugal, i Irland, Skottland og øygruppene Hebridene, Orknøyane og Shetland og i Skandinavia. Dei eldste funna frå Irland går attende til 500-talet. Det mest forbløffande er korleis dei i heile dette svære området reint konstruksjonsmessig er langt på veg heilt like.

Usikkert kva tid vasskverna kom til Hebridene

- Me er usikre på korleis vasskverna kom til Hebridene og når det skjedde, men for meg ligg det nær å tru at kverna kom til Hebridene frå Irland og at det skjedde før "the Norse influence". Eg har inga aning om kven som byrja å kalla dei "norse mills", og eg har heller ikkje funne noko om det i litteraturen. Lokalt brukar dei namn på gaelisk.

250 kvernhusstader på Lewis

MacLeod fortel at han har besøkt 250 vasskvern-lokaliteter på øya Lewis. Vasskvernene er svært vanlege. Dei vart bygde og drivne av grupper og familiar knytta til det lokale landbruket, noko som medførde at dei slapp å betala kvernleige til ein kverneigar.

Kvernsteinane i området rundt Shawbost vart tekne ut ein stad ikkje langt frå den restaurerte kverna. Steinsorten her er kan henda den beste for kvernsteinbruk på heile øya.

Bergarten er ein Lewisian Gneiss, den eldste bergarten i verda, som både er svært hard og vakker å sjå til. Det vanta ikkje stader å utvinna gode kvernsteinar. Somme stader finst kvernsteinemne faste i berget.

Alltid med sola

Til slutt tek me med eit kjennemerke MacLeod har lagt merke til: Alle kvernene på Lewis roterte med sola. Det slår ikkje feil. Alle er konstruert slik at kvernkallen går rundt med sola, i klokkeretningen. Han trur det kan forklarast med den sentrale plassen sola hadde hjå mange folkeslag i eldre tider.

Historia til Ortnevik-kverna

Lat oss så ta spranget over Nordsjøen til Ortnevik. Anders Brekke fortel at kverna hans var felles kvern for dei to gardsbruka på Brekke. Kverna var i bruk til og med krigsåra 1940-1945. Etter krigen vart kvernkonstruksjonen demontert og teken vare på under tak, medan kvernhuset etter kvart kom i forfall.

Det var midt på 1990-talet Anders kom på at han ville byggja kverna oppatt. Heile anlegget står på den opphavlege staden. Kverna er i komplett stand. Ho kan startast ved hjelp av ei stang som er festa til ei innretning som stoggar vasstilførsla. Kverna har kome til nytte for skulen i bygda. Dei har køyrt arbeidsprosjekt frå korn til brød. Dei sådde korn, turka det, treska, og mol kornet til mjøl på kverna til Anders.

Anders Brekke veit ikkje noko nærare om kvernsteinane, kva slag bergart dei er laga av eller kvar dei kjem frå. I Åfjorden i Hyllestad lenger ute i fjorden produserte dei heilt frå vikingtida kvernsteinar av ein særs godt eigna glimmerskiferbergart som finst i der. Sameleis var det stor kvernstein-produksjon ein stad i Sør Trøndelag.

kjelder:

Brev frå Finlay MacLeod, Lewis, Hebridene.
Utstilling i Museum en ailean, Stornoway, Hebridene.
Armity, Ian: The Archeology of Skye and the Western Isles. Edinburgh 2005.
Munnleg informasjon frå
Anders Brekke, Ortnevik, Høyanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR