Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tingstova i Klevald



Klevald (også skrive Klævold, Klevoll) er namnet på garden på austsida av innløpet til Vadheimsfjorden. Klevald var i eldre tid ein sentral stad i den lokale administrasjonen. Namnet førekjem som som namn på skipreide og tinglag, kyrkjesokn og kommune. At det stod ei tingstove på Klevald, er også eit vitnemål om ein viktig møtestad.

Garden Klevald, Høyanger.

Garden Klevald, Høyanger.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Nedskrive

Fylkesarkivet har ei forteljing (livsminne) om tingstova på Klevald. I følgje denne kjelda stod Tingstova ved ”Lødhamaren”. Ho strauk med i ein storbrann i 1862. Alle husa på gardstunet brann ned. Tingstova var fleire hundre år gamal. Etter ei segn vart ho vølt på 1500-talet. I forteljinga høyrer vi og om at Tingstova var stad for skatteoppkrevjing. Forteljinga er her attgjeven ordrett med innsette mellomtitlar.
 

Tingstova på Klævald

"Ved Lødhamaren i Klævald stod Tingstova. Huset var 11 x 12 alner [1 alen = 0,62 meter] og hadde kleve [eit lite rom bak stova] og sval. Det var bygt av fint halvrundt timber med islegne eikenaglar. Sperrone, ljotekarmen [lysglugge] og ljoren var pryda med treskurd, som stod upp i veden.

Segn om skatt

Etter segni skulde Tingstova vore vølt i 1500 talet. Det gjekk gitord um Tingstova i Klævald. Folk kom farande lange vegar og vilde sjå den fine prydnaden og den gilde stova.

Det var berre ein glugge i stova. Gjenom gluggen gjorde folk upp med skattekrevjaren. Skatten greidde dei i den gamle tid ved å gjeva frå seg levande beist. Ved gluggen hang ein stor jarnbolt i kjetting. Under gluggen stod ein bolt fast i veggen.

Brann

I Klævald kom det eld laus 1862. Det var i slutten av mars, og dei røykte vårsild på garden. Sildi røykte dei i eldhuset. Der var samla mykje lauvris. Der tok elden seg tak og fekk brått stor makt. Alle karmenn var i skogen. Dei såg røyken heimanfrå. Men dei tenkte det kom av dei røykte sild. Difor gjekk dei ikkje heim med det same.

Kvinnone gjorde alt det dei kunde. Men dei vann lkkje sløkkja elden. Då kvinnone skyna det tok dei til å berga det som var i husi. Men då var det og for seint. Dei fekk likevel ut det store drikkehornet. Og på garden til Øystein L. Klævald fekk dei ut eit dragskåp, som no er på Dei Heibergske Samlingar. I denne lauselden brann husi på garden ned: Tingstova med skinnbrevi, gjestebodbudi, sengbudi, matbudi, stabburet og mange andre bygnader, i alt 17 hus.

Murane stod

Gjestebodbudi var gildaste huset. Ferdafolk låg i sengbudi og åt i matbudi. Då dette hende var Øystein L. Klævald [1858-1945] liten gut. Han sat i stova og såg på dette. Etterpå høyrde han folk tala um alle dei hus som brann ned, og serleg um Tingstova. Dette feste seg i hans minne, og han talte ofte um det. Etter lauselden stod att: Nausti, smida og gardfjosane. Desse husi stod eit stykke frå det gamle tunet. Murane til Tingstova kom burt ved rudningsarbeid.”

Kleve

Tingstova i Klevald hadde kleve. Nettleksikonet Store norske leksikon har denne forklaringa: kleve. (oppr. 'bakerovn, ildsted'), kove, et lite værelse som ligger bak forstuen, med inngang fra stuen og gjerne brukt som soverom. Kleven var soverom på Bryggen i Bergen; lokalt brukes kleve også om spiskammer, om kott og om duehus; også brukt om avlukkene i studiemagasinene i Universitetsbiblioteket i Oslo.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet: Livsminne.

PERMANENT IDENTIFIKATOR