Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. oktober 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Varden i Varddalen



Varddalen heiter staden eit par-tre kilometer i sørvestleg retning frå Espesetstølen i Gaular. Det står ein varde der, på ein bergknatte like før dalen mot aust. Det passar godt å ta ein pause.

Varden i Varddalen står  eit stykke oppe i dalen, der dalen bøyer i austleg retning. Her ser vi varden frå aust.

Varden i Varddalen står eit stykke oppe i dalen, der dalen bøyer i austleg retning. Her ser vi varden frå aust.

Eigar: Hermund Kleppa

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Imponerande arbeid

Varden er firkanta, har kvadratisk grunnflate og er omlag ein meter høg. I toppen er plasserert ein litt større stein på kant, nesten som ein vegvisar heimover mot stølen. Byggjesteinen ligg tett og bindande. Det finst ikkje teikn til skavankar nokon stad. Vardebyggjaren eller vardebyggjarane har hatt auge for stein og kunna sitt fag, og dei har hatt god tilgang på høveleg byggjemateriale rundt omkring.

Kvifor her?

Større og føreseggjorde vardar, som denne, står som regel på fjelltoppar, godt synlege frå mange retningar. Mange er oppsette av kartverksfolk og markerer trigonometriske punkt, av og til også grenser, mellom kommunar og fylke. Varden i Varddalen passar ikkje inn i eit slikt mønster. Kan det vera eit vegmerke, ein litt spesiell varde ved ein ferdsleveg? Eller ein varde til minne om ei hending, ei ulukke? Eller er det ein varde nokon har bygd berre for moro skuld?

«Bestefar min fortalde ..»

Det står ingen informasjon, men Geir Magnus Følling på garden Følling veit noko. Det var gjetargutar som ein gong bygde varden. Det har bestefar hans fortalt, og han hadde det frå sin bestefar. Hm, eit byggverk av born, eit før-lego-byggekloss-arbeid ..? Men kan det verkeleg vera eit par gjetargutar som greidde å laga ein så velgjort varde?

Varde ved svært gammal ferdsleveg?

Dalen heiter Varddalen og fjellet like ved Varddalsegga, to stadnamn knytta til ordet og omgrepet varde. Om vi går ut frå at det er varden gjetargutane bygde, som har skapt dei to namna, har vi å gjera med stadnamn av heller yngre dato. Men det kan vel også tenkjast at det stod ein varde i Varddalen før gjetargutane sin, at dei ikkje bygde ein heilt ny, kanskje dei bygde oppatt ein eldre? Ein som hadde stått der i uminnelege tider? Og då melder det seg eit nytt spørsmål: Kan varden ha vore ein større varde ved ein ferdsleveg? Det gjekk vitterleg ein ferdsleveg her, frå Eldalsdalen over fjeller til Høyanger. I følgje folkeminnet reiste folk denne vegen når dei skulle til tings, på tingstaden i Gulen, for tusen år sidan. Noko lenger sør ligg det ei eldgammal hustuft. Folk nemner henne som Tingstova, eit hus folk brukte når reiste til tings, og heimatt.

I alle høve: Varden i Varddalen er eit interessant kulturminne, ein attraksjon, eit reisemål til fjells.

Merknad:

Gjetargutane kunne ha rikesleg med tid til andre gjeremål enn å passa buskapen. Eit vitnemål om dette er nokre steinar med innriss i Stryn, omtala i ein artikkel i Kulturhistorisk leksikon:

«Spor etter gjetargutane: - Eg er ikkje i tvil om at det er gjetargutane, tulane, som er meistrar for det meste av det vi finn på steinane. Bestefar min som var gjetargut mot slutten av 1850-åra, fortalde mykje om gjetarlivet og at dei hadde tidsfordriv med å skjera ut namna sine, fortalde Lars Hatledal til "Fjordingen" i 1997, då dei i Stryn var opptekne med å finna fram til kommunen sitt kulturminne i kulturminneåret 1997.»

kjelder:

Munnlege opplysningar frå:
Geir Magnus Følling, Eldalsdalen Gaular.

PERMANENT IDENTIFIKATOR