Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Baldersteinen



Baldersteinen er det offisielle namnet på ein nær 8 meter høg bautastein like ved den nye kyrkjegarden i Leikanger. I sitt slag skal han vera ein av dei største i landet. Steinen har opp gjennom åra vore nemnd med fleire namn, og det har vore ulike oppfatningar om alder og opphav. På 1800-talet blei mange kunstnarar fascinert av den gigantiske og gåtefulle bautasteinen.

Ordførar Nils Erling Yndesdal viser stolt fram eit målarstykke som Leikanger kommune kjøpte inn i 1999. Det er laga av den danske kunstnaren Carl Anton Saabye (1807-1878). Baldersteinen står like ved huset i bakgrunnen.

Ordførar Nils Erling Yndesdal viser stolt fram eit målarstykke som Leikanger kommune kjøpte inn i 1999. Det er laga av den danske kunstnaren Carl Anton Saabye (1807-1878). Baldersteinen står like ved huset i bakgrunnen.

Eigar: Sogn Avis.

Datering: 1999.

Fotograf: Sigrid Svartefoss.

Steinen

Baldersteinen står på ein låg bakkekam, men ikkjeiellerpåein haug slik som bautasteinen på Balahaugen i Balestrand. Det skal ein gong ha vore ei røys inn til steinen, men ingen veit noko om kva tid røysa eller haugen vart fjerna. Bautasteinen, som står på garden Husabø, er av ein grovkorna feltspathaldig gneis. Han er 7,8 m høg, 1,25 m brei (ved rota) og 0,5 m tjukk, alle mål omtrentlege. Omkrinsen nede er vel 2 meter og så smalnar han jamnt oppover mot ein spiss topp. Den nøyaktige "offisielle" høgda er 7,87 meter, men då er ikkje "rota" rekna med. Me veit ikkje kor stor del av steinen som stikk ned i jorda, men mindre enn 1-2 meter kan det ikkje vera tale om. Steinen må vera minst 10 tonn.

Måleri av Baldersteinen laga av målaren Hans Leganger Reusch.

Frå Hessberget

Emnet til Baldersteinen og til to andre bautasteinar på Leikanger og fleire bortkomne, har truleg kome frå Hessberget ovanom Husabø. Berget der er lagdelt og ein kan sjå bautaliknande steinar fleire stader nedunder.

Bilete av Baldersteinen.

Det må ha vore eit kolossalt arbeid å få fram ein så svær stein sjølv om det var unnabakke heile vegen. Men endå meir kan ein undra seg over korleis dei greidde å reisa han. Kan henda nytta dei vektstang-metoden med å lyfta opp frå toppenden ved hjelp av lange stokkar som "vektstenger" og etter kvart byggja oppunder, - omtrent på same måten som t.d. Thor Heyerdahl meiner å ha påvist at dei enorme steinstøttene på Påskeøya blei reiste.

Biletmotiv

Diktaren Henrik Wergeland, som også sysla litt med teikning og måling, stogga ved Baldersteinen på ei reise i Sogn i 1832. Etterpå laga han ein akvarell med "En bauta, 13 ½ Alen høi" som hovudmotiv.

Religiøs kultstad ved Baldersteinen?

Det er ikkje inskripsjonar på Baldersteinen og ingen veit nøyaktig når han vart reist. Var det ein gong for kring 800 år sidan eller fleire hundre år før? Steinen har vore nemnd som Ivar Elda-steinen. Etter Snorre var Ivar Elda ein mektig mann på Systrond som fall i slaget ved Fimreite 1184.

Ei anna nemning er Fritjofs Gravhøi eller Fritjov-steinen, som heng saman med Fritjov den frøkne, hovudpersonen i ei islandsk fornaldersoge nedskriven på 1300-talet, best kjend gjennom heltediktet «Frithiofs saga» (1825) av svensken Esaias Tegnér. Soga handlar om personar og hendingar kring 800.

Namnet Baldersteinen finn me ikkje brukt før på 1900-talet, men andre Balder-namn i same området er eldre, t.d. Baldurs grov (grov, same som bekk), Baldershage, Baldershaugane og Beldervoll. Alle førekjem i skriftlege kjelder. Nokre ser ut til å ha ha vore brukt som lokale stadnamn. Desse mange Balder-namna har somme teke som indikasjon på ein kultstad for den gamle åsatrua og guden Balder, - og at Baldersteinen kan ha samanheng med dette. Kanskje stod her eit Baldershov, for eit større område enn Leikanger?

Bilete av Baldersteinen kring 1900.

Gravhaug frå jernalderen

Opp gjennom åra har det kome for dagen mange lause fornminne i området rundt Baldersteinen, men det har aldri vore føreteke større systematiske utgravingar. Då dei i 1907 grov ut ei hustuft i nærleiken, kom det for dagen noko som truleg var ei vikingtidsgrav.

I 1960 arbeidde bygdebokskrivar P. H. Bøthun for å få til ei utgraving kring steinen utan å lukkast. Han trudde "haugen" ved Baldersteinen gøymer på interessante ting. Kanskje leivningane etter ein stor hovding?

I 1994 var det omfattande utgravingar eit kort stykke nedanfor i høve anlegg av ny kyrkjegard Det kom då m.a. for dagen eit stort jernaldergravfelt med forseggjorde gravminne. Arkeologane meiner no at Baldersteinen står på restane av ein stor gravhaug som er delvis øydelagd av husbygging og dyrking. Dei daterer han til perioden 500-800.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H: Leikanger bygdebok. Gardssoga.Leikanger 1965.
Munch, P. A.: Det norske Folks Historie. Første del, bd 1. Christiania 1852.
Helland, Amund:Topografisk statistisk beskrivelse. Nordre Bergenhus Amt. bd. 2. Kristiania 1901.
Johnsen, Trine: Gravfeltet i Baldershagen. I Systrendingen, 2/1995. Leikanger.
Melkild, Arne: Kunstnarliv.Leikanger 1993.
Leikanger kommune, kommunearkivet:
Kulturkontoret: Omslagsmappe med diverse saksdokument.
Willoch, Sigurd: Med romantiske kunstnere i Sogn. I Kunst og Kultur, s. 31-46 Oslo 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR