Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 2008

Sist oppdatert 25. august 2021

Kategori

Rå-data

Då Henrik Wergeland var i Sogn



Sommaren 1832 kom Henrik Wergeland over Sognefjellet og ned til Skjolden. Han reiste ut Sognefjorden og var framom fleire stader: Leikanger, Vangsnes, Balestrand, Brekke og Eivindvik. I 1956 hadde Jol i Sogn eit stykke om reisa. Forfattaren var lærar og forfattar Magne Wergeland (1899-1973), fødd i Brekke.

Brekke og Instefjord i Gulen. Artikkelen handlar mest om då Wergeland var i Brekke på reisa gjennom Sogn i 1832.

Brekke og Instefjord i Gulen. Artikkelen handlar mest om då Wergeland var i Brekke på reisa gjennom Sogn i 1832.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mest om Brekke på grunnlag av munnleg kjelde

Nær halvparten av stykket handlar om besøket i Brekke og reisa frå Brekke til Eivindvik. Grunnen er at artikkelforfattaren har munnlege opplysningar om denne delen av reisa, ein soneson til Hans Ivarson Instefjord, mannen som let Henrik Wergeland få vera med på jekta hans frå Brekke til Eivindvik. Denne sonesonen var morbror til artikkelforfattaren. Han hadde fortalt om Henrik Wergeland "for om lag tretti år sidan", dvs. kring 1925, og synt han eit bilete som Hans hadde fått av Wergeland. (Artikkelen er her attgjeven med mellomtitlar).

"Då Henrik Wergeland var i Sogn" (overskrifta)

Me veit mykje om Henrik Wergeland, men det er ein tur som lite og inkje har vorte granska. Det er den sumarferda som Henrik gjorde i 1832 til ættegrendene sine i Sogn. Han var då ein ung student, men hadde alt gjeve ut storverket sitt Skabelsen, Mennesket og Messias. Det stod storm og strid om namnet hans, så det gjorde nok godt å koma bort frå hovudstaden ei tid.

Opp Gudbrandsdalen til Lom

Frå Eidsvoll bar det opp gjennom Gudbrandsdalen til Lom, og derfrå gjennom Bøverdalen over Jotunheimen til Skjolden i Sogn. No for tida [1956] kan ein køyra med buss og bane heile vegen, men onnorleis i dei tider: Då måtte ein rida eller traska etter endelause gangstigar eller klyvvegar. Langt var det mellom gjestgjevarstovene og, så det var utslitne og trøytte ferdafolk som kom fram seint om kveldane.

"det rette Noreg"

Henrik Wergeland var ung og modig, han lika dølane, og kunne drikka ei skål i godt lag, så han kom godt ut av det med folk alle stader. Han kjende seg sterk og frisk, og lo ein glad lått åt Kristiania-litteratane og det bråket han hadde kome opp i der inne. Dette var det rette Noreg, meinte han. Bonden som rusla trygg og roleg på sin gard, var av konge-ætt, og språket hans var norskt som dei norske fjella.

Det var elles ikkje berre bønder han råka. På Røysheim og andre gjæve gjestgjevarstader i Gudbrandsdalen råka han embetsmanns-søner og andre glade studentar. Då song han og skåla med dei, så veggene kviskrar om det mange stader den dag i dag.

I storm på Sognefjellet

Turen over Jotunheimen [Sognefjellet] sette varande merke i den unge himmelstormande diktaren: Han såg landet og folket liksom ovanfrå. Her i dette fjell- og snøriket skulle det også spøkja om livet: Ein ofseleg snøstorm gjorde at dei miste både veg og leid, men langt om lenge kom dei nedover til Fortun i Sogn. Men snøstormen ved Fanaråken gløymde han aldri.

Ut Sognefjorden

Det var likevel ikkje berre fjellet som døypte den unge diktaren på denne turen. Ferda utover Sognefjorden vart også stormfull. Det var sumar, men vergudane var ublide. Dei som kjenner Sognefjorden veit at han kan vera både strid og hard når vondemaktene slær seg lause. Kastevinden mellom fjella kjem både hard og uventa. Henrik Wergeland var ikkje nett nokon sjømann, og dei gamle sognejektene var helst for sjøvande folk.

Sjøsjuk

Han vart sjøsjuk og nedfor, så han laut halda seg meir nede i lugaren enn han rett lika. I diktet Sognefjorden seier han også: "Den er døpt i redsel vorden, som har pløyet Sognefjorden, Fortun fra, til Sognefest."

Kontrast til det "blide Sørland"

Det er ikkje rart at Henrik Wergeland tykte det var hardt og vilt i Sogn, han som hadde livt barndomsåra sine på det "blide Sørland", og ungdomsåra sine på Eidsvoll. Men likevel kjende han det som han kom heim. Faren hadde så ofte fortalt om folket og heimbygda [rettare: bygda han hadde etternamnet frå], heilt frå han var liten, så han tykte han høyrde heime der.

Farsarv

Nicolai Wergeland heldt (..) av den evnerike son sin. Han som sjølv hadde slite seg fram i armod og tronge kår, ville så gjerne at sonen skulle få det betre. Det gjekk ikkje nett som han tenkte: Henrik fekk ikkje noko trygt prestekall, men hans kall vart heile Noreg til ævleg tid.

Nicolai Wergeland hadde evner langt over det vanlege. Han var eit klårt og gløgt hovud. Det fekk dei som tykte godt om Danmark røyna. Men det er sonen, Henrik, som liknar Sognefjorden mest: Uroleg og stormfull, vill som ein utamd fole, når elden brann og diktarsynene braut på. Men blid og ljos som ei sumarnatt over storfjorden når songharpa hans var stillt. Det vart hjarta for alt som livde og rørde seg, den brennande eld for alt han elska og trudde på, og ikkje minst: Hatet til alt som ville trelka og bryta det som veikt og hjelpelaust var, synte at faren hadde gjeve han ein stor og god arv - ein arv som me alle seinare har hatt godt av.

Brekke

I Brekke vitja han den vidgreinte ætta si. Dei var alle bønder, men han var ikkje for stor til å stiga inn i dei låge stovene og eta bondekost. Dei tok han traust i handa og sa "takk for sist". Dei spurde etter faren som var så svær til å preika for sauene, den tid han var gjætargut heime, og som no var vorten prest langt aust i landet.

Kom godt overeins

Dei visste ingenting om at han hadde skrive eit himmelstormande heimsepos. Og om dei hadde fått sett "Skabelsen, Mennesket og Messias", så hadde dei vel ikkje skjøna det grand av det. Men dei sette pris på Henrik avdi han var ein gild kar, og ein god ven i godt lag. Han sat meir enn gjerne i kjellaren og drakk ei skål øl med dei. Det hende han song eller fortalde morosame soger også. Han var mest som ein av dei, endå så fin og lærd han var. Han kunne tala med slik varme om det "nye Norge" at dei skjøna det var noko stort. Elles gjekk dei gjerne med på at han var "Noregs største diktar", for jamen var han både staut og velvaksen.

Sognemaol og mylse

Henrik Wergeland hadde gilde dagar, alt var nytt og forvitneleg for honom. Her fekk han drikka heimebrygg, eta spikekjøt og lefse, eller endå gildare: Rjomegraut og mylse, som er festmaten i Brekke. Det sterke, friske sogne-maolet opna både augo og øyro for at me hadde eit vakkert norsk mål i landet. Han makta nok ikkje å skriva det så godt som han ville, men viljen hadde han til det i dei siste leveåra sine.

Naturalhushald og stølsliv

I dei tider var mange bønder sjølberga med det dei avla på gardane sine. Det går segn om ein bonde som ikkje kjøpte anna enn salt frå byen. Kornet mol dei på eigne kvernar til graut- og brødmjøl. Av og til grøypte dei det og bryggja øl. Dei fødde så stor buskap om vintrane at det ofte vart svelteforing. Det var berre så vidt dyra kunne gå når dei kom ut om våren. Men då dei kom på stølen vart dei både feite og fine, og gav god avdrott.

Stølane som no [1950-åra] råtnar ned, var det gildt å koma på den tid. Der stelte dei unge gjentene sumaren i gjennom, men om laurdagskveldane kom gutane på frieri, eller for moro skuld. Det er ingen grunn til å tru at Henrik Wergeland var så fin på det at han sat heime i bygda saman med dei gamle kallane, når dei andre for til fjells. - Når fine prestedøtrer var nyvute og gav han korga, så var det sakte helsebot i å dansa på setervollen med ei blodfull stølsgjenta som kanskje var i ætt med han.

Jau, fjell-livet, stølshugnaden og bondepartiet lika han. Han vart "en folkets venn" som det så vakkert heiter. Når han kom til gards, gav dei han ein traust bonde-neve, og ynskte han velkomen heim. Dei hugsa så vel far hans. Jau, han likna på folket sitt. Det gjorde godt å vita at han var i ætt med bonden som åt havregraut med surmjølk, spikeflesk med flatbrød og gjekk kledd i skinnklede eller i grovt vadmål etter årstida. Dei var så ekte som dei norske fjella.

Frå Brekke til Eivindvik

Men alt laut ha sin ende. Han måtte tenkja på heimferda. Det gjekk ikkje eimbåt til Brekke den gongen. Så dei laut få skyss dersom dei skulle bort frå bygda. Det einaste høve var når dei kunne få fylgja ei av dei gamle sognejaktene.

Hans Ivarson Instefjord

Ein gjev mann i Brekke i dei dagar var Hans Ivarson Instefjord. Han vart vald inn i det fyrste formannskapet i Eivindvik og Brekke i 1837, og var prestens medhjelpar i mange år. Han hadde ei stor jakt som han siglde til byen på. Det fekk Henrik Wergeland vita. Dei var elles i ætt, så det var sjølvsagt at han laut koma til Instefjord. Dei to karane vart gode vener, og det laga seg så heppeleg at Hans skulle til Bergen med vedlast den veka.

Om bord

Henrik vart glad da han fekk fylgje, endå han visste at Sognefjorden ikkje var til å spøkja med. Men hadde turen til Brekke vore hard og stormfull, så vart det no svartstille. Då dei kom ut på Sognefjorden, fanst det mest ikkje ei vind-svivla. Jektesiglarane er vane med noko av kvart, så dei tok verda med ro. Men for Henrik var det ikkje greidt, så ung og uroleg som han var. Han gjekk i arbeids-klede nett som dei, og laut ha greie på alt om bord. Han kunne ha vorte ein god sjømann, om han ikkje hadde vore så nærsynt.

Dei gamle sognejektene var liksom eit rike for seg sjølv, og folka var mest som ein huslyd. Men denne fine bymannen og diktaren visste dei mest ikkje kva dei skulle by eller tala med i fyrste laget. Men han ville ikkje sitja på stas, eller ha det likare på nokor vis. Han ville vera som ein av dei -. Dei lydde på dikta hans og, men det skjøna dei mindre av: Du mao vera forferdeleg fint innreidde du, som kan skrive so lange dikt.

- Jeg trur ikkje det er nokon serlig forskjell på oss, i så henseende, sa han og lo så han rulla ned på dørken. Så leita han fram ei morosam vise som dei kunne skjøna. Og snart song dei alle saman, så låtten og gleda stod høgt i taket.

Gjest i Eivindvik

Då dei kom til Eivindvik tok han seg fri, gjekk ned, flidde seg og bytte klede. Og då dei kom inn på hamna, hadde han ferdig eitt nytt dikt: "Eivindvik" som seinare har vorte velkjendt. Soknepresten, Nils Griis Alstrup Dahl, kom om bord og bad Henrik Wergeland vera gjest i prestegarden nokre dagar. Dahl var ein god ven av Nicolai Wergeland. Henrik tok eit rørande farvel med Hans Ivarson og jektefolka hans. Han fekk jamvel eit bilete av Henrik til minne. Nokre songar fekk han og. Dei var alle leide for at Henrik skulle fara frå dei så brått.

Hans Ivarson tala ofte om denne turen: "Ja, han Henrik, da va grei kar det. Han va mest so me, han. Ikkje stor pao noken maote. Da æ ikkje da slag rart atte han vart Noregs største diktar."

Det som her er skrive, fortalde morbror min meg for om lag tretti år sidan [kring 1925]. Han var soneson til Hans Ivarson. Han synte meg også det gamle bilete som oldefar min fekk av Henrik Wergeland.

kjelder:

Wergeland, Magne: Då Henrik Wergeland var i Sogn. I Jol i Sogn. 1956.
Norsk Allkunnebok. Bd. 10, 1964.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje. s. 154, 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR