Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Karnilstunet og Karnilshaugen



Stiftinga Karnilstunet vart skipa i 1994. Det skjedde etter at den siste eigaren av Karnilsbruket, Kornelius Hauge, døydde i 1988, og etter ønskje frå arvingane om at garden skulle testamenterast til kulturelle formål. Det meste av arealet på bruket vart frådelt og lagt som tilleggsjord til grannebruka, medan stiftinga har fått hand om tunet med eit areal på rundt fem dekar.

<p>Elevar fr&aring; Gloppen ungdomsskule deltek i oppsetjing av hes p&aring; gamlem&aring;ten.</p>

Elevar frå Gloppen ungdomsskule deltek i oppsetjing av hes på gamlemåten.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Gloppen ungdomsskule

Levande tun

Ulike aktørar er med i Stiftinga Karnilstunet: Nordfjord folkemuseum, Gloppen kommune, grannelaget på Hauge, Gloppen sogelag, Gloppen bondekvinnelag og Gloppen bondelag.

Målsetjinga har vore at Karnilstunet ikkje skal bli eit museum, men eit levande tun der ulike grupper av menneske kan kome og få gode opplevingar, ikkje minst ved at dei kan delta i ulike aktivitetar. I ein periode nytta Gloppen ungdomsskule Karnilstunet mykje i samband med prosjektet ”den andre dagen”. Framleis nyttar skulen tunet til faste opplegg med temadagar der eldre jordbruksteknikkar, som ljåslått og hesjing, står i sentrum. Ungdomsskulen nyttar også tunet til dyrking av grønsaker, og elevgrupper høgg ved til sal for faste kundar. Også barnehagar og andre skular brukar tunet. Stiftinga ønskjer fleire brukarar og fleire som kan dele på ansvaret med opprustning og vedlikehald.

Bustadhuset har i fleire somrar vore leigd ut til danske biletkunstnarar som ønskjer nye impulsar og inspirasjon i arbeidet sitt. Utsikta frå gardstunet til Sørstrandsfjella og den vakre naturen i Gloppen går igjen i bileta som kunstnarane har laga.

Bygningane i tunet

Både bustadhust og fjøset i ”Karnils” vart bygde tidleg på 1900-talet. Bustadhuset er eit klassisk vestlandshus som ikkje er vesentleg modernisert, slik mange hus vart frå 1950 og utover. Den som går inn i huset i dag opplever difor å kome inn i eit miljø der bondekulturen framleis sit i veggane. Huset er komplett med innbu og utstyr.

Eit stabbur høyrde med i eit vestlandstun, og på Hauge står stabburet med inventar og utstyr slik det gjorde då denne hustypen var eitt av dei viktige husa på garden. Ved sida av stabburet står ei gammal stove som vart nytta både som masstove og nystove. Masstovedelen vart nytta til matlaging og klevask, medan nystovedelen vart nytta til oppbevaring av tekstilar. Vidare står det ei skytje og ei gammal sperrestove i tunet, den sistnemnde truleg frå 1700-talet. Smia vart nedbroten under nyttårsorkanen 1992. Før grinda vart brend opp, vart det teke nøye mål av henne, og ei ny smie er bygd opp att som ein nøyaktig kopi av den gamle.

Naust og sel

På ein vestlandsgard måtte alt frå fjære til fjell nyttast. Karnilsgarden hadde sel på stølen. Private aktørar har gjort ein stor innsats med istandsetjing av dette, mot bruksrett. Til garden høyrde også eit stort naust som er teke vare på og rusta opp.

Karnilshaugen

Haugen har vore grundig undersøkt både av arkeologar og geologar, men har aldri vorte graven ut. Det kan heller ikkje vitast 100 % sikkert at haugen er laga av menneske. Men refleksjonsmønster i bilete som geologar har fått fram ved hjelp av georadar, tyder på at haugen ikkje er eit naturfenomen.

Karnilshaugen har eit tverrmål på ca 55 meter. Han er i dag ca 7 meter høg, men har opphavleg truleg hatt ei høgde på ca 10 meter. Volumet er berekna til ca 7000 m3, og det har truleg gått med 15.000 - 20.000 dagsverk å byggje han.

Ved vintersolsnu skin sola på Karnilshaugen nokre få minutt når ho står i Fitjeskaret i sør, medan området rundt haugen ligg i skugge heile døgnet. Ved solsnu, midtsommars, ligg haugen bada i sol klokka 21:30, medan bøane rundt ligg svarte og utan sol. Tilbad dei som bygde haugen sola, eller er det heile berre eit tilfeldig samantreff? Sikkert er det at det kviler ein viss mystikk over Karnilshaugen og miljøet rundt han.

Genbank for eple

Haugegardane har eit uvanleg fint klima. Årsnedbøren er moderat samanlikna med andre område i Nordfjord. Sola skin rett inn i bakkehellingane når ho står i sør, og nordavinden får lite tak. Nedanfor haugen, i bakkane mot fjorden, er det planta eit felt med epletre. I feltet er det i dag 90 tre med 42 ulike eplesortar, mellom anna Haugeeple, ein variant som vart dyrka fram på nettopp denne garden tidleg på 1900-talet. Norsk genressurssenter står bak og administrerer tiltaket. Målet for genressurssenteret generelt er å ta vare på plante- og dyreartar. På Hauge er oppgåva å ta vare på alle dei ulike eplesortane som har eksistert i distriktet.

Julegrana på Hauge

Julegrana på Hauge var eit vakkert syn. Alt i 1950, lenge før det vart vanleg med utandørs juletrelys, tok Einar Henden i Gloppen elektrisitetsverk initiativ til å få lys i to store, samanvaksne grantre i Karnilstunet på Hauge. Elektrisitetsverket tok kostnaden og ungdomslaga og losjane i området tok arbeidet med opphenginga. I den første tida, med lite opplyste vegar og tun, stod grana der som eit lysande under. Ho var synleg for dei fleste i inste delen av Gloppefjorden. Men i storstormen den 1. januar 1992 gjekk den største grana over ende. I åra etterpå vart det hengt lys i den glisne grana som stod att. Det vart også planta ei ny gran som skulle verte framtidig julegran i Karnilstunet. Men i Dagmar-stormen natta mellom 25. og 26. desember 2011 bles begge dei to sistnemnde granene over. Så når dette vert skrive, i 2013, er det ikkje julegran på Hauge. Men det er arbeid på gang for å finne ei løysing.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Soga om Gloppen og Breim, bind I, side 180 og 181, og Bind IV, side 417 og følgjande.
Heftet ”Karnilstunet - ei vandring i tid”, utgjeve av Stiftinga Karnilstunet.
Artikkel i Ljøren 2000 ved Inger Haldis Aske 
 

Olav Søreide, rektor Gloppen ungdomsskule
Kåre Hauge, bonde på Hauge – mentor/ drivkraft for Stiftinga Karnilstunet
Jon Egil Vik, jordbrukssjef i Gloppen
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR