Solundøyane ligg som sjølve dørhella for ferdsla over Nordsjøen, sentralt og strategisk, med gode hamner og mange gøymeplassar. Derfor vart øyane frå første stund ein viktig lekk i den forsvarskjeda kongemakta utvikla på kysten, til vern av landet.
Øya Losna ligg lengst aust i Solund kommune, skild frå øya Sula ved Krakhellesundet og frå Hyllestad i aust ved Tollesundet. I 1946 budde det 53 menneske i 13 hus på Losna, dei fleste på området søraust på øya. I 2013 er det berre fastbuande i eitt hus, men i sommarhalvåret er det folksamt på Losna. Tiltaket Losna-ferie har lagt til rette for besøkande på fleire måtar, mellom anna ved informasjon om natur og historie langs bygdevegen mellom ferjekaia på Netteland i vest og den gamle båtstoppestaden i aust.
På 1300- og 1400-talet var Losna sete og utgangspunkt for ei av dei rikaste og mektigaste ættene i landet. Økonomisk sans, politisk teft og total lojalitet, opna vegen heilt til topps hjå kongemakta.