Kulturhistorisk leksikon

Plante (10)

  • Fjøreknappen - cotula coronopifolia

    På Grandane i Lærdal, like ved Norsk Villakssenter, veks planta fjøreknapp. Dette er den einaste vekststaden i Norge for denne planta. Den skal ha kome til Lærdal ein gong i seglskutetida, då staden var ei viktig hamn for Sogn og dei indre delar av Austlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Bjørkehagar i Kroken

    Trea i slike hagemarker var som regel låge, og med regelbunden avkapping av greiner gjorde dette at det var gode lystilhøve og vekstvilkår for gras og urter. Kappflatene var kring 2-3 meter over bakkenivå slik at husdyra ikkje nådde opp og åt av det friske bladverket. Den opne strukturen gjorde også at nedbørsmengdene til jordbotnen var tilfredsstillande og at husdyra fekk skugge og ly for veret.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Tuntreet på Skorpeidet - minnetre om ein krigsseglar

    ''Tett ved stova stod ei bjørk so brei / der hadde skjorene sitt gamle reir,'' syng Ivar Aasen i songen sin Gamle garden. Før i tida hadde dei fleste heimar på landsbygda eit stort og staseleg tre på tunet. Attmed eit våningshus på Skorpeidet, på øya Skorpa vest frå Florø, står ei uvanleg stor sitkagran. Dette tuntreet har ei heilt spesiell historie. På ein måte er det eit minnetre om krigsseglaren Adolf Skorpeide.

  • Urvalmue - papaver radicatum subspecies relictum

    I rasmarka under fjellet Bleia i Lærdal kommune har urvalmuen sin eine av to vekststader i verda. Planta vart funnen fyrste gongen i 1936 av H.H.H. Heiberg. Sommaren 2002 var ein lokal ekspedisjon på leit etter urvalmuen og fann at den stadig veks i dette området. Planta er utryddingstruga og difor på ''Nasjonal rødliste for truete arter'' under sårbar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Slindebjørka

    Den landskjende Slinde-bjørka gjekk over ende i ein hauststorm i 1874, men takka vere fleire målarar er ho framleis "i live". Thomas Fearnley sitt måleri Slindebirken frå 1839, vert i dag rekna med til dei "kanoniserte" verka i norsk målarkunst. Slindebjørka var meir enn ei vanleg bjørk.

  • Einen - Sogn og Fjordane sitt fylkestre

    Sogn og Fjordane fylke har fleire fylkesmerke. Først kjem fylkesvåpenet og fylkesflagget, deretter fylkesblomen og fylkessteinen. Fylkesbaatane-flagget høyrer også med, som monument over ei fylkeskommunal verksemd i 150 år. Sogn og Fjordane har også sitt fylkestre; einen eller einer, mange stader også kalla sprakje.

  • Revebjølla - Sogn og Fjordane sin fylkesblom

    Sogn og Fjordane fylke har fleire symbol eller kjennemerke. Først kjem fylkesvåpen og fylkesflagg, deretter fylkesblom, fylkesstein og fylkestre. Denne artikkelen handlar om fylkesblomen - revebjølla.

  • Bleiklindi i Nærøyfjorden - botanisk merkeleg kulturtre

    Inst inne i Nærøyfjorden, eit kort stykke frå sjøen rett over fjorden frå Bakka, står Bleiklindi. Eit merkeleg tre som i 1910 vart freda ved kongeleg resolusjon. Bleiklindi er eit godt døme på tre ein kan kalla kulturtre, tre som gjennom lang tid har fått eit særleg rom hjå fleire menneske.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Kjempebjørka på Indre Gil

    På garden Indre Gil, 1 km vestafor Sørbøvåg og 50 m frå fylkesvegen, veks ei uvanleg stor bjørk. Truleg har kjempebjørka vore eit tidlegare tuntre.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Poteta - innvandraren som berga liv

    Innføringa av den enkelt utsjåande og tilsynelatande lite spanande rotveksta poteta, var ei særs viktig hending her til lands. Poteta var enkel å dyrke og ho kunne nyttast på mange vis. Poteta vart ein livbergar i kosten for folk i harde tider, ei viktig næringskjelde og eit basisprodukt i norsk kosthald. Poteta vart også brukt som råstoff i brennevinsproduksjon.