Kulturhistorisk leksikon

Religion (1)

  • Likdansen

    Den gamle skikken med å vaka over ein død person, likvake, går tilbake til førhistorisk tid. Skikken heldt seg i mange hundre år etter at kristendommen var innførd, ja, somme stader heilt inn på 1800-talet. Målaren Nikolai Astrup (1880-1928) har overlevert ei sterk skildring av ei likvake i Jølster så seint som kring 1890 gjennom biletet sitt Likdansen og eit nedskrive barndomsminne. Heile stykket er her attgjeve slik det står i boka Fedrekult av Emil Birkeli (1943).

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster