Mange kyrkjer har portrett av eigne prestar for fleire hundre år sidan. Ingen kjem opp mot kyrkja i Undredal. Undredølene kan skryta av å ha "bilete" av ein av prestane sine på 1300-talet, i form av ein skulptur i Nidarosdomen. Pål Bårdsson var ikkje prest i vanleg forstand. Han var ei tid tillagt…
Gardane Undredal og Hjøllo ligg nær kvarandre på vestsida av Aurlandsfjorden kring 5 km sør for innløpet til Nærøyfjorden. Hjøllo ligg på ein terasse kring 100 moh. på austsida av Undredalselva. Kring 1900 var det 14 bruk på gardane, og innmarka var berre kring 500 mål. Utmarkene og stølane var…
Garden Undredal ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, fem km sør for innlaupet til Nærøyfjorden. Gardsvaldet, eit kring 85 km2 stort område, strekker seg sørvestover på begge sider av Undredalsdalen like til grensa mot Voss kommune. Gardsvaldet omfattar også fjellsida nord for gardstunet på…
Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve…
Undredal kyrkje er ei stavkyrkje frå midten av 1100-talet. Kyrkja, som har 40 sitjeplassar, har sidan byrjinga av 1700-talet vore kledd med liggjande panel. Ho vert rekna for den minste i Norden. Undredal kyrkje er soknekyrkje for Undredal sokn som i 1999 talde 116 medlemer, det nest minste soknet…
Om somrane vert kjea til påsett sette ut på beite for seg sjølve langs fjorden. Eigarar må vitja dei regelmessig for tilsyn og for at dei skal vera tamme og ikkje forsvinna på fjellet. Dei vert etter kvart svært spreke av livet ute i dei bratte liene, men det hender ein sjeldan gong at dei går…
Sogn og Fjordane har minst sju arbeid av bilethoggaren Skule Waksvik. Tre av dei er å sjå i Aurland kommune; tre dyreskulpturar; eit reinsdyr, ein bjørnunge og ei geit. Dei har fått sin plass på Aurlandsvangen, i Flåm og i Undredal, til kveik både for fastbuande og tilreisande.
Geitene i Undredal er heldige geiter. Dei slepp vera innomhus meir enn ca 5-6 månader i året. Allereie i månadsskifte april-mai får dei første koma ut på friskt vårbeite. Det første beitet er langs fjorden der maten kjem tidleg. Seinare ber det til støls.
Nedbergo ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 3-400 meter nordaust for Undredal. Garden ligg heller bratt opp frå sjøen, 540 moh. Oppå berget er det ein stor skråande bakke med dyrka mark. Her er god jord og gode vekstvilkår, men det kan stundom bli for turt. Det er tre stølar austover og…
Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden…
På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får…
Stortingsvedtaket frå 1975 stadfesta at stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå over Filefjell og Lærdal. Første byggjesteg var Hordaland grense-Aurland. Mellom 1980 til 1993 vart det til saman bygd rundt 40 km ny veg, inkludert 18456 m tunnel. Med i stamvegprosjektet var og vegutløysing til…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905. Denne artikkelen handlar om kyrkja sin plass i året 1905.
På oppsida av Norum kyrkje står ein vel to meter høg minnestein over lekpredikanten Anders O. Venes. Misjonsvener i Noradn og på Veitastrondi reiste steinen.
Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. "Kongen kjem til jubileet", melde avisene i november, og MS "Sunnfjord" skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram dei ti stadene kongen stogga.
Utsiktspunktet og rasteplassen Stegastein ligg på Aurlandsvegen som er ein del av det nasjonale turistvegprosjektet til Statens Vegvesen. Plassen ligg mellom Aurland og Lærdal på fylkesveg 243. Utsiktspunktet vart kåra til Årets Anlegg på Byggegallaen i 2006.
Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store…
Vangen kyrkje er ei langkyrkje i stein som står på Aurlandsvangen. Kyrkja, som er i tidleg gotisk stil, er truleg bygd i to omgangar på 1200-talet. Kyrkja vart restaurert både i 1861-1862 og i 1926. Vangen kyrkje er soknekyrkje for Vangen sokn og hovudkyrkje i Aurland prestegjeld.
Bakka kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i grenda Bakka ved Nærøyfjorden. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, vart vigsla 11. mai 1859. Då vart Nærøy eit eige sokn i Aurland prestegjeld, skilt ut frå Underdal sokn. Nærøy sokn er det minste…
Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.
Prestegardsnaustet er ein av dei eldste bygningane på Aurlandsvangen, eit stort, romsleg naust med plass til fleire båtar. Det ligg i eit nærast urørt strandområde i sentrum.
Stigen ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, kring 200 meter søraust for Beitelen og innløpet til Nærøyfjorden. Garden ligg bratt opp frå sjøen, kring 360 moh. Her er det fleire flater og hyller i terrenget med god matjord. Garden er omkransa av fjorden i aust, Koldegjelet i sør og fjellryggen frå…
Flåm er ein av dei mest populære turiststadene i Sogn og Fjordane fylke. Ikkje minst på grunn av Flåmsbana, som slyngjer seg oppover Flåmsdalen til Myrdal. Nede ved kaien ligg jernbanestasjonen og like ved finn ein det berømte Fretheim hotell. Her byrja ein med hotelldrift kring 1890, etter at…
Aurlandsvangen har ein gammal kyrkjestad oppe på Rygg. Kyrkjetufta og kyrkjegarden er framleis godt synleg. Olsokdagen 1956 vart det reist ein bautastein til minne om Ryggjakyrkja, ei kyrkje som stod der fram til ut på 1500-talet. Steinen har elles si eiga soge.
Vegnettet har fem grensepasseringar til og frå Aurland kommune: på sommarvegen mellom Lærdal og Aurland, på europaveg 00 i Lærdalstunnellen og i Nærøydalen, og på fjellovergangen Gol-Aurland. Bergensbana kryssar ein snipp av kommunen ved Myrdal. På sjøvegen Aurlandsfjorden kryssar kommunegrensa…