På kyrkjegarden i Flåm står ein minnestein på ei krigsgrav. Ein estisk sjøkaptein omkom under bombing 25. april 1940 og vart gravlagd dagen etter. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og har i alle år seinare hatt tilsyn med grava.
Bygda Flåm og Flåmsdalen, som til saman utgjer Flåm sokn, ligg i inste enden av Aurlandsfjorden. Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet. Dette skuldast i stor grad opninga av…
I Flåmsdalen og i Aurlandsfjorden finst det både kjende og ukjende fossar som pregar landskapet. Nokre av desse er blant dei mest kjende turistattraksjonane i Noreg, slik som Rjoandefossen og Kjosfossen i Flåmselvi. Flåmselvi vart i 1986 verna i samband med Verneplan III for vassdrag.
Flåm kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1670. Kyrkja, som har 160 sitjeplassar, er bygd av byggmeister Magne Essen. Kyrkja erstatta ei kyrkje som vart riven i 1670. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod om lag på same tufta som dagens kyrkje. Flåm kyrkje er i dag soknekyrkje for Flåm sokn i…
Flåm er ein av dei mest populære turiststadene i Sogn og Fjordane fylke. Ikkje minst på grunn av Flåmsbana, som slyngjer seg oppover Flåmsdalen til Myrdal. Nede ved kaien ligg jernbanestasjonen og like ved finn ein det berømte Fretheim hotell. Her byrja ein med hotelldrift kring 1890, etter at…
Det er reist fleire minnesteinar over diktaren Per Sivle, - på grava hans i Drammen, på Stalheim, på Voss og i Elverum. I Aurland står to minnesteinar, den eine på Aurlandsvangen, den andre i Flåm. Sivlesteinen i Flåm vart avduka 17. mai 1948.
Då Bergensbana vart lagt over Myrdal og Finse etter eit stortingsvedtak i 1883, gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for at det skulle byggjast ei sidebane til Sognefjorden gjennom Flåmsdalen. 10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja jernbanelina frå Myrdal til Flåm, men vedtaket vart ikkje…
10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja ei jernbaneline mellom Myrdal og Flåm. Arbeidet starta ikkje opp før i 1923, og først i 1946 var bana heilt ferdig. Mange var med på det svært vanskelege arbeidet med å bygga Noregs brattaste jernbane - i eit svært vanskeleg terreng. På ei strekning på 20…
I 1893 vedtok Stortinget at jernbana Oslo-Bergen skulle gå over Voss og Myrdal. Jernbanebygginga gjorde det nødvendig med ein anleggsveg mellom Flåm og Myrdal. Vegen var ferdig i 1898. Vegen og jernbanebygginga skapte eit nytt og endra samfunn i Flåmsdalen. Nye yrkesgrupper voks fram, og…
«I ferien reiste me alltid til Ornes og bestefar på ferie.» Magne Bjørnestad (1928-2001) budde i Flåm. På slutten av livet skreiv han artikkelserien På historisk vandring. Artiklane stod i Sogn Avis og kom også ut i bok. Ein artikkel som ikkje kom med i boka, handlar om reiser frå Flåm til Ornes.…
Sogn og Fjordane fylke har minnesmerke over to av fylkesmennene sine. Det eine står på grava til fylkesmann Hans Seip i Fjærland. Det andre står på jernbanestasjonen i Flåm, - ei bronsebyste til minne om Ingolf Elster Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane i åra 1910 - 1929.
Sogn og Fjordane har minst sju arbeid av bilethoggaren Skule Waksvik. Tre av dei er å sjå i Aurland kommune; tre dyreskulpturar; eit reinsdyr, ein bjørnunge og ei geit. Dei har fått sin plass på Aurlandsvangen, i Flåm og i Undredal, til kveik både for fastbuande og tilreisande.
I 1921 la Fylkestinget fram ein jernbaneplan som føreslo jernbaneutbygging i store delar av fylket. Det kom lite ut av planane. Flåmsbana var og er den einaste jernbanestrekninga i fylket.
På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får…
Hausten 1941 var Ivar Tveit, redaktør i avisa «Sogn og Fjordane», Leikanger, «på snartur» til Bergen. Reisa tok litt over tre døgn. Etterpå fortalde han om byferda i form av eit lite reisebrev. Vi høyrer om ein ny reisemåte for somme - Flåmsbana, om Fylkesbaatane - Sogn og Fjordane sitt reiarlag,…
Det er reist minst seks minnesmerke over Per Sivle. Eitt står på fødestaden i Flåm, Aurland; dei fem andre på Stalheim, på Voss (2), på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, og på Nordhue ved Elverum. Det er skrive eigen artikkel om Sivle-steinen i Flåm. Denne artikkelen handlar om dei fem utanom…
«I don't believe it! People are just stepping from one boat to the other on the open sea!» (Spontant utbrot frå ei engelsk dame som sommaren 2010 fekk oppleva å vera vitne til at Fylkesbaatane sin snøggbåt i rute Bergen – Flåm gjekk opp på sida av ei ventande ferje i rute Kaupanger – Gudvangen).…
I debattane om jernbane i 1920-åra vart det drøfta korleis dei skulle få trafikken frå Lærdal, og seinare Flåm, til Sunnfjord og Nordfjord. Planen var jernbane mellom Vadheim og Sandane med tilførselsliner og jernbaneferjer. Det vart berre med planane for jernbane og jernbaneferjer. Derimot kom…
Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om…
Fjellskora Havra i Flåm i Aurland skal ha vore ei skor for bukkane – ei bukkaskor. Det er sikkert rett forklaring, her møter vi nemleg det gamle norrøne ordet for husdyret «bukk». Det norrøne ordet var «hafr m», frå latin «caper» = bukk eller geit. Dette ordet er for lang tid sidan gått ut av…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905. Denne artikkelen handlar om kyrkja sin plass i året 1905.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Lærdal kommune.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Leikanger.
Ved austenden av Seltuftvatnet, vel 800 mo.h., har folk gjennom lang tid funne jernslagg og brende leirstykke på stranda. Men det var fyrst etter arkeologiske granskingar i 1980-åra ein fekk forklåring på kva dette var. Slaggklumpane og den brende leira kjem frå nokre låge haugar på grusterrassen…
"Vi trenger fleire veier, og vi trenger dem fort", uttalte Norges Automobilforbund (NAF) 12. juli 1956. Dei stilte krav om at Balestrand-Høyanger måtte komma med i vegplanen. I 1961 byrja vegarbeidet, og i 1970 var det veg- og ferjesamband mellom Balestrand og Nordeide/Høyanger.