Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige…
Dagens stamveg mellom Oslo og Bergen går mykje godt etter den same ruta som dei gamle postvegane gjorde. Men frå Lærdal følgjer dei ikkje lenger fjorden, men tek seg gjennom fjellet i mange og lange tunnelar. Ein del av den gamle postvegen som gjekk langs Nærøyfjorden ligg framleis urørd. Denne…
Trea i slike hagemarker var som regel låge, og med regelbunden avkapping av greiner gjorde dette at det var gode lystilhøve og vekstvilkår for gras og urter. Kappflatene var kring 2-3 meter over bakkenivå slik at husdyra ikkje nådde opp og åt av det friske bladverket. Den opne strukturen gjorde…
Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar.
Seimsstranda i Breim ligg mellom bruka på Seime og Årdalsstranda. I dag verkar terrenget vanskeleg å ta seg fram i, men for 70-80 år henta gardsbruka på Seime mykje av fôret sitt herifrå.
På vestsida av innløpet til Tynjadalen ligg husmannsplassen Halabrekka. Plassen høyrer til garden Øvrevoll i Lærdal kommune. Dei fyrste husmannsfolka fekk feste her kring midten av 1600-talet og dei siste på byrjinga av 1900-talet.
Garden Le er ein bratt høgdegard, 300 moh, som merkjer seg ut med eit svært rikt kulturlandskap. Her har gamle driftsmåtar vore nytta heilt til vår tid.
Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det…
Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store…
Nærøyfjorden kan skilte med så mange som 25 større og mindre fossar. Av desse reknast Kjelfossen som den viktigaste, men fleire andre er òg verdt å nemne.
I Vikadalen i Årdal er det spor etter menneske heilt attende til steinalder, men det er fyrst tidligast i bronsealder, og i alle fall i jarnalderen at ein ser for seg at spora har samband med folk som har budd på gardane i dalen.
Stigen ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, kring 200 meter søraust for Beitelen og innløpet til Nærøyfjorden. Garden ligg bratt opp frå sjøen, kring 360 moh. Her er det fleire flater og hyller i terrenget med god matjord. Garden er omkransa av fjorden i aust, Koldegjelet i sør og fjellryggen frå…
Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og…
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.