Tett attmed vegen i Gudvangen står ein minnestein over matros Andrias Bryn, fødd 1918. Han reiste til sjøs før krigsutbrotet i 1939 og miste livet i ei forferdeleg eksplosjonsulukke på hamna i Algér i juli 1943. Folket i Nærøydalen reiste minnesteinen i 1946.
Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine…
Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det…
Dei første dagane etter krigsutbrotet 9. april 1940 var Gudvangen eit viktig trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. Frå denne bygda var det vegsamband til Voss, difor gjekk straumen av mobiliserte mannskap med båt inn til Gudvangen og derfrå landevegen vidare til Voss. Fylkesbaatane sørga for…
Hausten 2000 kjøpte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ferja «Rinna» frå Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Reiarlaget endra namnet til «Gudvangen» og bygde ho om til å berre frakta passasjerar. Turistferja «Gudvangen» gjekk på Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden i 12 år. Tysdag 2. september 2014 sette ho kurs…
Sommaren 1892 ankra SS «St. Sunniva» opp i Gudvangen. Skipet var det første i verda bygd som cruise-skip. På stader båten ikkje kunne leggja til kai, blei passasjerane frakta til og frå med eigen dampdriven småbåt. Og det var det vesle skotske rederiet med det lange namnet The North of Scotland…
På garden Hjelle i Oppstryn ligg ei stor og vid flate med dyrka mark med namnet Hjellevongja. Uttalen er /jellevångja/, med palatalisering av g-en. Hokjønnsordet «vong/vång» er eit sjeldant ord, som eg ikkje har funne i ei einaste ordbok, men det er tydelegvis ein uttalevariant av «vang m» =…
Ein julidag i året 1896 for ein hesteskyss med 3 menneske utfor vegen og ned i Oppheimsvatnet. To amerikanske turistar drukna. Fjorten dagar seinare kom den svensk/norske kongen Oscar II forbi på veg til Sogn. Han stogga på ulukkestaden og høyrde om den tragiske ulukka. Kongen vart så gripen at…
Dagens stamveg mellom Oslo og Bergen går mykje godt etter den same ruta som dei gamle postvegane gjorde. Men frå Lærdal følgjer dei ikkje lenger fjorden, men tek seg gjennom fjellet i mange og lange tunnelar. Ein del av den gamle postvegen som gjekk langs Nærøyfjorden ligg framleis urørd. Denne…
Spørsmålet om kor stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå var ein lang prosess med stor politisk usemje. Det første vedtaket kom i 1975, då Stortinget vedtok at stamvegen skulle byggjast over Gudvangen-Aurland-Lærdal-Filefjell for å få ein heilårs ferjefri stamveg. Den gamle hovudvegen over…
«I don't believe it! People are just stepping from one boat to the other on the open sea!» (Spontant utbrot frå ei engelsk dame som sommaren 2010 fekk oppleva å vera vitne til at Fylkesbaatane sin snøggbåt i rute Bergen – Flåm gjekk opp på sida av ei ventande ferje i rute Kaupanger – Gudvangen).…
«Ved middagstider», tysdag 9. april 1940 var MS «Nesøy» i Solund på veg til Bergen. Det vart ikkje Bergen denne gongen. I staden gjekk «Nesøy» inn Sognefjorden til Gudvangen med mobiliserte soldatar. Ein av mannskapet gjekk og i land i Gudvangen, mobiliseringspliktige matros Georg Distad.
I krigsåra 1940-1945 var fem av Fylkesbaatane sine fartøy i Nord Norge: DS «Gula», MS «Nesøy», MF «Lærdal», DS «Fanaraaken» og DS «Gudvangen». Båtane var i Nord Norge i ulike oppdrag og under ulike operatørar. «Gula» var utleigd, dei andre rekvirerte.
Gardane Bakka og Tufto ligg på vestsida av Nærøyfjorden kring seks km nord for tettstaden Gudvangen. I fjellområdet vest for gardane ligg stølane Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Frå gardane går vegen til desse stølane bratt oppover fjellsida, like opp til 1300 moh. Deretter går han jamnt…
Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store…
I rasmarka under fjellet Bleia i Lærdal kommune har urvalmuen sin eine av to vekststader i verda. Planta vart funnen fyrste gongen i 1936 av H.H.H. Heiberg. Sommaren 2002 var ein lokal ekspedisjon på leit etter urvalmuen og fann at den stadig veks i dette området. Planta er utryddingstruga og…
I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om kroninga av kong Haakon VII i 1906.
28. juli 1939 kom to personbilar frå Austlandet køyrande ned til Skjolden. Dei stogga på Fjøsne og tok bilete av eit stort turistskip som låg for anker. Det var det polske amerikalinje-skipet "Pilsudski". Fire månader seinare vart båten minesprengt i Nordsjøen.
Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden…
I debattane om jernbane i 1920-åra vart det drøfta korleis dei skulle få trafikken frå Lærdal, og seinare Flåm, til Sunnfjord og Nordfjord. Planen var jernbane mellom Vadheim og Sandane med tilførselsliner og jernbaneferjer. Det vart berre med planane for jernbane og jernbaneferjer. Derimot kom…
Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar.
Vegen frå Bergen til Oslo over Lærdal og Filefjellet var gjennom mange hundre år den viktigaste vegen mellom Vestlandet og Austlandet. Fram til 1793 var dette berre ein rideveg. I 1793 kom ny veg som opna for ferdsle med slede om vinteren og kjerre om sommaren. Ved gamlevegen på grensa mellom…
Jordalsvegen er gangvegen frå Fresvik til Jordalen, der fresvikjene har fjellstøl. Å komma dit er ein svært lang tur, det går 6-7 timar og avstanden er 3 mil.
10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein…
DS «Ørnen», på prøvetur 24. mai 1894: «Speilglasruder» (…) «fortrinlig Ugsigt» (…) i «Salonen oppe under Dækket er i stort Antal anbragt forgyldte Ørne», og «Marmorborde.» Det var båten som blei sett inn på Sognefjorden midt på 1890-talet, i konkurranse med Fylkesbaatane. Tevlinga fekk ein brå…