Garden Dyrdal ligg ved sjøen, på vestsida/nordsida av Nærøyfjorden og på vestsida av Dyrdalselva. Det gamle gardstunet ligg på ein terasse, kring 200 meter opp frå sjøen. Nede ved sjøen og ved gardstunet var det åkrar, og i liene oppover dalen var det slåttemark. Frå garden går dalen nordover og…
Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det…
Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige…
Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine…
Jon Dyrrdal, fødd 1894, kom frå den einbølte høgdegarden Dyrdal på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han kom i ung alder til Oslo, reiste på studieferd i Sør-Europa og Midt-Austen, og hadde seinare fleire års opphald i Amerika. I tida 1928-1933 var tilsett som sekretær i Oslo fylkeslag…
Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det…
På Handadalseggi, 1400 m o.h., er der fangstanlegg for rein. Anlegga har store dimensjonar. Her finn ein dyregraver, bogstille, bægje, murar, skremmesteinar, dyrestup og kløfter. Desse og andre anlegg i Fresvikfjella er no registrerte av forskarar, og har vekt stor oppsikt.
Spelemann og kulturpersonlegdom (1888-1963) frå Nessane i Balestrand.
Frå midten av 1800-talet starta kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar.
Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.
Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden…
Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og…
Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om…
Yrkestitlar på gravsteinar er ikkje uvanleg, helst då på eldre gravminne. Til dømes finn me på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje: bonde, sorenskriver, overrettssakfører, kirkesanger, lærar og toneskald, kaptein, fanejunker, og fleire. På kyrkjegarden på Bakka i Nærøyfjorden finst det ein…
I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med Grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14.januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske…
Jens Larsen Drægeli (1814-1900) var ein gardbrukar frå Aurland som dreiv legeverksemd. Han var sjølv opplærd i behandling og handterte for det meste sår og beinbrot. Det er denne legeverksemda han er kjent for i dag.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.