Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jorangerstøylen



Jorangerstøylen ligg på fjellet ca. 610 m o.h. Den ligg noko ovanfor Kvilestølen. Stølen høyrer til brukarane på Joranger, gard nr. 101. I samsvar med jordskifte på Breimsfjellsameiga som vart avslutta i 1975, fekk Joranger stølsbol her. I eldre tid støla Joranger på andre stader.

Felleshytte på Jorangerstøylen, seinare høyrande til bruk 1.

Felleshytte på Jorangerstøylen, seinare høyrande til bruk 1.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag 3 km skogsbilveg/dyrkingsveg til Hjelltunet, så kring 3 km rås opp til stølen. Tor Jordanger fortel om stølsvegen tidlegare: Frå Joranger til Skrøppa, opp Blåteigsbakken, Sårheimstøylsvegen forbi Rømmesvadet, Skriversteinen (alle skulle skrive namnet sitt der første gongen dei gjekk råsa), forbi Sårheimsmyrladene, til Sårheimstøylen og opp til Rusta der Joranger støla til ca. 1910-1915.

Bruk av stølen

Som vi ser av rettsavgjerda nedanfor, støla Joranger på Sårheimstøylen i 1736. I endå eldre tider hadde dei hatt støl andre stader. Etter 1736 støla dei på Rusta. Her hadde dei to fjøsar nordvest for Skrøppa sine stølshus. Dei hadde ikkje sel så stølsjentene låg på fjøslemmen. Vår og haust bruka dei gardfjøsane. Stølstida var frå siste veka i juli til barsok - altså om lag ein månad. Stølinga for Joranger tok slutt om lag 1910.
Frå 1975 fekk dei så tillagt sitt eige stølsbol på noverande stad. Alt under krigen sette Jorangerbrukarane opp ei felles hytte her. Det var då ikkje vanleg stølsdrift, men dei avsina kyra skulle ha tilsyn og Joranger hadde, som nemnt, ikkje sel på Rusta.

Strid om stølsrettar

Frå bygdeboka: I 1736 vart retten sett på "Aastædes Saarem i Breums Skibrede". Striden galdt støl og stølsbeite, og gjev interessant innsyn i kor viktig støl, med kvieslått og fjellbeite for storfe og sauer, var i den gamle tida. Dei fire brukarane på Sårheim stod mot oppsitjarane på Joranger og Skrøppa. Sårheim kunne ikkje nekte for at fjellet var sams både for Sårheim og dei to andre gardane. Men dei held vidare fram "det er dog fra ældgamle Tider udvalgt een særdeles Pladts for denne Gaard Saarem, hvor de kunne have deres Sællhuse bestaaende.. .. Ikke desmindre er dog Jordangers og Schreppes Opsiddere, som i gamle Dage paa andre Stæder haver stølet, Tid efter anden paa denne Saaremstølen blev indtagen og faaet forlov till at oprette seg baade stølshuse og fiøser.."
Retten dømde til slutt slik: "At efterdi her befindes, at den af os nu besigtigede Stølplatz er altfor liden og trang for 9 Mands Creature samt derpaa staaende Fjøser og Sælhuse, saa skal Schreppes og Jordangers Opsiddere, som er 5 Mand tilhaabe være forpligted inden et eller to Aars Tid i det lengste, at bortfløtte alle deres staaende Huse, og igjen opsætte dem et Støkke lit ud og opefter fra Saarems Stølen.."
Joranger og Skrøppa oppretta då stølsplass på Rusta.

Nokre fakta

Joranger, gard nr. 101, Breim sokn, hadde tre bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR