Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Solheimsstøylen



Solheimsstøylen, Bruna, var støl for bruka på Solheim, gard nr. 25. Tidlegare hadde garden mange stølar spreidde inn- og nordover fjellområda. I dag er dei gamle stølane berre tufter og grønne flekker i fjellet. Alle flytta ned til noverande område Bruna frå 1917 til kring 1950. Dette er eit berglendt areal med stor avstand mellom husa og inga felles stølskvie. Høgd kring 480 m o.h. I dag er her ni sel i bra stand, men dei fleste fjøsa har falle ned.

Øvre delen av Solheimsstøylen.

Øvre delen av Solheimsstøylen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det ein km skogsbilveg og 1,5 skogstraktorveg frå riksvegen og opp til stølen. Før vegen kom, var det å bruke føtene opp og ned. Dei hadde òg ein løypestreng frå stølen og ned mot tuna. Til dei gamle stølane var det lenger veg. Til Dalane, som ligg lengst borte, er det kring 5 km i luftlinje, og då kan det nok reknast dobbelt så lang stølsveg.

Bruk av stølen

På Kulturnett Sogn og Fjordane, er det ei stølsliste frå 1930-åra. Dei stølane som er nemnde nedanfor var då i bruk, bortsett frå dei som låg lengst borte, Trollebotn og Dalane. I tillegg er det nemnt ein støl til, Paljastølen, som vart brukt av bnr. 8 fram til kring 1890. Etter bestemor til Alf Solheim skulle det òg vere restar etter stølar nedlagde før 1880 med namn Gamlestøylen og Seteråsen.
Stølstida var frå jonsok til først i september. Dei bar søtmjølka heim, fram til separatoren kom i 1940-åra. Dei slo både på stølane og slåttene omkring. Om vinteren vart høyet lagt i meiser og rulla heim nedetter lia. Grunnen til at alle stølane vart samla på Bruna i 1950-åra, var at alle brukarane slo seg saman om dobbel løypestreng for transport både opp og ned. Det var eit blodslit, seier Alf Solheim, å bere ved i børatog frå skogsliene og opp til stølane, som for han var Regdarognen. Stølsdrifta tok slutt kring 1966.

I bygdeboka (band III, side 293) har Per Sandal eit oversyn over stølane som vart nytta av bruka på Solheim. Nedanfor ein oversikt over når bruka flytte stølane til den noverande Solheimystøylen.

Bnr. 1 og 2 Regdarognen 1950 til Bruna
Bnr. 3 Trollebotn (1920 til Hogjen) 1952 til Bruna
Bnr. 4 Rusta (overteke av bnr. 5 og 11) 1950 til Bruna
Bnr. 5 Langelia 1950 til Bruna
Bnr. 6 og 7 Dalane 1917 til Bruna
Bnr. 8 og 11 Langelia bnr. 8 1960 til Bruna
Bnr. 15 (no overteke av bnr. 19) 1950 til Bruna

Nokre fakta

Solheim, gard nr. 25, Hyen sokn, hadde sju bruk i 1890. Det var i alt 70 menneske på Solheim i 1865, medan talet var 67 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 283. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR