Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2013

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Samlingsheimen på Stårheim



Ein kraftstasjon, der mange har fått åndeleg føde og inspirasjon. Det sa Svanhild Juvik i andakten ho heldt på jubileumsfesten laurdag, 2. oktober 1999, då Samlingsheimen på Stårheim runda 75 år. Lærar Gunvor Torheim og ei skuleklasse hadde programinnslag om Samlingsheimen si historie. Fram mot jubileet hadde dei gjennomført eit arbeids-prosjekt.

Samlingsheimen på Stårheim. Huset ligg tett attmed kyrkja på vestsida av elva.

Samlingsheimen på Stårheim. Huset ligg tett attmed kyrkja på vestsida av elva.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Indremisjonslag

Soga til Samlingsheimen på Stårheim går tilbake til skipinga av Stårheim indremisjonsforeining i 1877. Det var ei av dei første indremisjonsforeingane i Nordfjord; etter Selje i 1868. Dei første åra heldt indremisjonsfolket samlingar (møte, samkomer) rundt om i heimane, seinare i verkstaden til handelsmann Rasmus Halvorsen, føregangsmannen for skipinga av foreininga. Etter 1908, då bygda fekk skulehus, vart skulehuskjellaren mange gonger nytta som møtelokale, men med åra vart trongen for eige forsamlingshus stadig større.

Bedehus 1924

15. januar 1919 kom fire menn saman og vedtok å kalla inn til eit møte om å byggja bedehus. Dei teikna seg òg for 2.200 kroner og oppmoda seinare folk i bygda om å teikna seg for bidrag. Finansieringa vart elles ordna på fleire måtar: ved at det blei sendt konvoluttar til heimane med oppmoding om å leggja pengar oppi, ved brev til utvandra stårheimarar i Amerika med bøn om ti dollar til huset og fem dollar til orgel, ved festar og andre tilstellingar og ved dugnadsinnsats.

Våren 1923 kjøpte foreininga tomt for 600 kroner, og 24. mai året etter vart grunnsteinen lagt ned. I ei urne la dei ein bibel, lovene for samlingsheimen, historiske opplysningar, kopi av brev til utvandra stårheimarar i Amerika og to songbøker, ei for indremisjonen og ei for ungdomsforbundet. Byggmeister var Andreas Sande frå Sunnfjord, som óg hadde teikna huset. Huset stod ferdig om hausten og vart vigsla søndag 5. oktober 1924. Sokneprest Fredrik Olsen heldt vigsletalen.

Tilbygg 1964

Seinare vart Samlingsheimen utbetra fleire gonger. Like etter krigen vart det lagt inn elektrisk lys, i 1951 vatn, og i 1956 ordna med elektrisk oppvarming. I 1964 fekk huset tilbygg med moderne kjøkken, garderobe og toalett. Tilbygget vart innvigd under ein 40-års fest for huset søndag 25. oktober. Fjordabladet hadde omtale av hendinga. Lærar Rognes hadde skrive prolog, «der han med diktarevne, skildra og samanbatt fortid og notid omkring «Samlingsheimen»». Sokneprest Langeland heldt tale over emnet Dei fire veggane i Guds kyrkjelyd; Bibelen, Brodersamfunnet, Brødsbrytinga og Bønene (Apostelgjerningane 2.42 fg.). Fleire andre heldt òg tale og bar fram helsingar. Til matøkta var det dekka bord med rømmegraut, kaffi og tebrød.

1999 - «velhalden syttifemåring»

Fjordabladet hadde ei heilside om jubileumsfesten hausten 1999. Journalist Aud Hjelle konkluderte med at Samlingsheimen var i god stand. Det siste krafttaket var vøling av taket like før jubileet. «Det er såleis ikkje nokon nedsliten 75-åring det er snakk om – huset varer sikkert i 75 år til.»

Namnet

Samlingsheim er eit heller uvanleg namn for bedehus. Det kan knytast til Matias Orheim. Då dei bygde bedehus på Storebru i Flora på 1940-talet, var Matias Orheim på vitjing før huset hadde fått namn. ”Kall huset Samlingsheim», sa Orheim. «Det heiter bedehuset vårt på Stårheim.” Han nemnde at samling skriv seg frå den tida dei kalla oppbyggjingsmøte for samlingar. Heim er òg eit godt ord. Vigsledagen, 10. juli 1949, kom det telegram frå Maria og Matias Orheim: ”No er me namnesysken to, Stårheim Samlingsheim helsar. Guds hage i Noreg må kring oss gro, trygt for vår Frelsar.”

Formann i over 50 år

«Nordfjord Fællesforening for den indre Mission» var skipa i 1875. I 1979 gav Nordfjord Indremisjon ut eit 100-årsskrift. Eit stykke handlar om dei første lokalforeiningane. Stykket er skive av Knut Myrstad. Om indremisjonsarbeidet på Stårheim, står det mellom anna:

«I 1877 vart det sipa eit stort lag med 120 medlemer for indremisjonen på Stårheim. Dette laget var truleg den andre indremisjonslaget som var skipa i fjorden [området Nordfjord] med lærar E. Bødal som formann, og Halvorsen som nestformann. Kjøpmann Halvorsen vart seinare leiar for indremisjonen i Stårheim i over 50 år. Verkstaden han bygde var lenge brukt til lokale for kristelege og sosiale lag.»

kjelder:

Fjordabladet, 03.11.1964, 05.10.1999
Nordfjord Indremisjon 100 år. Bakgrunn 1879 Framvokster 1979. 1979.