Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bautastein i Holmedal



Sommaren 1999 berga Harald Bakke i Holmedal ein bautastein frå å hamna på djupna. Steinen hadde lege i fjøresteinane og år for år kome lenger og lenger ut mot brådjupet. Eitt år seinare vart steinen sett opp attmed to gravhaugar som ligg nedmed sjøen på garden Bakke.

Harald Bakke attmed bautasteinen i fjøra på garden Bakke i Holmedal.

Harald Bakke attmed bautasteinen i fjøra på garden Bakke i Holmedal.

Eigar: I avisa Firda.

Datering: 1999.

Fotograf: Marianne Olset.

Bautasteinen

Bautasteinen er 240 cm lang og veg truleg innpå eitt tonn. Det finst ikkje spor av innskrifter av noko slag. Folk trur at emnet kan ha kome frå Loftheimåsen nokre få kilometer unna, eller frå skiferbrotet på Bakke. Ingen veit med visse kvar steinen opphavleg har stått. Somme trur han har vore plassert på ein gravhaug i nærleiken. Det er òg på det uvisse kva tid steinen hamna nedi fjøresteinane, men Harald Bakke la merke til at steinen heldt på å gli lenger og lenger ut og ned mot brådjupna.

Bergingsaksjon

Det var Harald Bakke som fekk steinen opp på trygt land. Han hadde god hjelp av Arve Sagosen og Vidar Flaten, begge frå Askvoll. Dei gjekk til aksjon ein dag det var sterkt utfjæra sjø. Ved hjelp av eit par kraftige staurar fekk dei lea den sterkt taregrodde steinen opp på ein slede dei hadde laga seg, sette så føre ein traktor og fekk steinen opp på bøen som går ned mot fjøra. Etterpå spanderte Bakke kaffi på kommunekarane. Spørsmålet var så kvar steinen skulle reisast opp.

Oppattreising

Bakke og andre såg gjerne at bautasteinen vart ståande som merke på ein av gravhaugane. Men Historisk Museum i Bergen var ikkje samd i det. For det fyrste måtte ein i så fall grava hol nedi haugen for å fundamentera steinen, noko som kunne skada eventuelt gravgods. For det andre føreligg det ikkje sikre prov på at steinen verkeleg har stått oppå nokon gravhaug. Dermed vart endelykta at dei reiste han på flat mark i nærleiken av to gravhaugar. Arkeolog Berit Gjerland frå Fylkeskultursjefen var med som fagleg ansvarleg, og kring 30 interesserte var møtt fram for å fylgja med på dette nokså uvanlege gjeremålet.

Bautasteinar i førhistorisk tid

Rundt omkring i fylket finst minst 20 bautasteinar frå førhistorisk tid. Dei er etter måten tynne, naturleg forma steinar nedsette i jorda og frå ein til nær åtte meter høge. Dei fleste er utan innskrift av noko slag. Steinane er jamt over vanskelege å datera, men ein reknar at dei vart reiste i perioden 500 f.Kr. - 1000 e.Kr. Dei kan vera sette til minne om nokon eller som markering av noko.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda, 9.3.1999, 2.7.1999, 7.7.2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR