Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Røvomn i Flekke - eldgamal fangstreiskap



Reven har mange fiendar. Slik har det alltid vore. Mennesket har vore ute etter skinn og skotpremie, og fangstmannen har funne fram til fleire slag fangstmåtar og ulike slag fangstreiskap. - Røvomn var ein vanleg reiskap, heilt frå "neandertalar-tida", sa Kjartan Leirpoll då han i 2004 fortalde om ein røvomn i utmarka på garden Leirpoll i Fjaler.

Opninga av fangstreiskap for rev, ein røvomn i utmarka på garden Leirpoll i Flekke. Kjartan Leirpoll, fødd 1936, har godt kjennskap til denne fangstmåten.

Opninga av fangstreiskap for rev, ein røvomn i utmarka på garden Leirpoll i Flekke. Kjartan Leirpoll, fødd 1936, har godt kjennskap til denne fangstmåten.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Fanga levande

Ein røvomn, eller skrive i normalisert form reveomn, er ein fastståande fangstreiskap bygd av stein, godt kamuflert i terrenget. Prinsippet går ut på at reven vert lokka inn i eit rom og stengd inne når han riv i agnet og løyser ei helle som fell ned og stengjer inngangen. Ordet røvomn kjem av likskap med ein avlang vedomn med dør i eine enden.

Bygd på høveleg stad i terrenget

Røvomnen i utmarka på garden Leirpoll i Flekke er utvendes 2 m lang, 1 meter høg og 70 cm brei, alle mål cirka. Han er bygd av stein, delvis inn i skrånande terreng. Lóket er kamuflert med torv. Røvomnen er horisontalt delt i to rom. Botnen i fangstkammeret (rommet nede) er steinlagd sidan reven er god til å grava. I inngangen er ei helle, ei luke, som frå posisjon oppe fell ned på innsida av støttesteinar på kvar side og stengjer inngangen.

Reven har gjerne sine faste vegar, som fangstmannen fann ut av, og sette fellene sine i høve til.

Måtte ikkje lukta folk

Reven er eit villdyr som har lært å tilpassa seg mennesket, samstundes som reven veit å halda seg på avstand. Luktesansen er god, og han likar ikkje lukt av menneske. Det måtte fangstmannen ta omsyn til, både når han bygde fella si, og når han ordna med agn. Røvomnen måtte sjå naturleg ut, og agnpinne og anna av tre vart laga av gammal og grå material. Til agn var allslags råsslag gode greier, halvróte kjøt og skinnfiller, slikt som stinka godt. Og fangstmannen brukte helst gorrete vottar, gjerne vottar som var godt innsette etter arbeid med å sløya fisk.

Sjå etter fellene kvar dag

Det høyrde med til røktinga å fara over fellene kvar dag, å finna ut om røverakkjen hadde gått i, og om alt var i orden med agn og oppsetjing. Sat han der, var det å få fatt i han og slå han i hel. Ein opna då ovanfrå bak i røvomnen og brukte ei langskafta smietang for å få fatt i han. Kunsten var å knipa han i nakken med ein gong og ikkje halsa og rota for mykje. Fangstmennene var godt øvde i å avliva med velretta slag i hovudet.

Det hende at einkvan av ungane var med og såg etter fellene. Dei kunne få som oppgåve å skrema den uheldige reven inn i inste enden av fangstrommet slik at han vart lettare å få fatt i for mannen med smietanga. På denne måten lærde borna seg om dette å fanga rev i røvomn.

"Jeremias'en - ein svære fangsmann"

Kjartan Leirpoll, fødd 1936, fortel at bestefar hans, Jeremias Leirpoll (1871-1928), dreiv mykje med revefangst. Fangst kunne gje ei bra inntekt attåt utkoma frå garden. Reveskinna vart tilbereidde etter alle kunstens reglar og selde i Bergen. Ein og annan måren kunne óg gå i røvomnen, og særleg godt betalt var skinnet av svartmåren.

Jeremias'en dreiv også fangst etter mår og røyskatt. Fangstreiskapen etter mår var helst glefser som både kunne vera plasserte i terrenget og oppe i trea, og måragnet av ferskare slag enn reveagnet. For å fanga røyskatten sette han opp sprettefeller. Ei sprettefelle var ei tung helle som var halden oppe i skrå stilling av ei horisontalt liggjande helle ved hjelp av tre pinnar. Agnet var festa på ein som stakk eit stykke innover. Når røyskatten reiv i agnet, fall hella ned og klemde han ihel.

kjelder:

Samtale med Kjartan Leirpoll, Fjaler, 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR