Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nes kyrkje



Nes kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Nes i Luster kommune. Kyrkja, som har 110 sitjeplassar, vart vigsla i 1836 av prost Wilhelm Christian Magelsen. Ho er bygd etter typeteikningar av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow. Nes kyrkje er soknekyrkje for Nes sokn i Luster prestegjeld.

Då kyrkja skulle vigslast i 1836 møtte bygdefolket fram, men prestefølgjet kom seg ikkje fram til kyrkja. Vigslingshøgtida måtte utsetjast ein dag.

Då kyrkja skulle vigslast i 1836 møtte bygdefolket fram, men prestefølgjet kom seg ikkje fram til kyrkja. Vigslingshøgtida måtte utsetjast ein dag.

Eigar: Luster kommune.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Lite omtykt

Kyrkja slik ho såg ut fram til 1909, er omtalt i heller skarpe og kritiske ordelag. Folk i bygda sa at kyrkja var ei firkanta kasse utan våpenhus og sakristi, utan galleri og med umåla plankevegger. Til gjengjeld kan gamle Nes kyrkje vise til to av dei mest kjende 1300-tals alterfrontalane i landet.

Det er interessant å merke seg kor sterke meiningar folk hadde om korleis kyrkjebygget skulle sjå ut, og kor lite pent folk i kyrkjelyden hadde å seie om den opphavlege forma. Endåtil kyrkjegranskar Bendixen brukte storsleggja då han etter ein rundtur i Sogn sa si hjartans meining om kyrkja på Nes. Han meinte at denne bygningen, som vart oppført i 1835 med 150 sitjeplassar, var ei så stygg kyrkje som det knapt fanst maken til. Ikkje var det særleg triveleg å opphalde seg inne i kyrkja heller. Her fanst ikkje omnar. Folk måtte trampe i golvet for å halde varmen når dei var i kyrkja vinterstid.

Spor etter gamlekyrkja

I kyrkja på Nes er det fleire spor etter den gamle stavkyrkja, som vart riven i 1836. Delar av tømmeret i veggene skal vere frå gamlekyrkja, og i kjellaren er det nytta breie, solide tjørebreidde plankar som også er svært gamle. På plankar i undergolvet finst det enno att trenaglar og spor av slike. Minne frå stavkyrkja finst elles også rundt om i bygda. Det vert mellom anna fortalt at delar av den gamle alterringen i stavkyrkja vart nytta i ein sauegard i eit fjøs i Vikane. Døypefonten som no står i Dale kyrkje, høyrde opphavleg til i Nes kyrkje.

Store endringar i 1909

Frå fyrst av var kyrkja umåla utvendig, med unnatak av vestsida, der ho var raud og seinare vart måla kvit. Innvendig var alteret kvitmåla, med ein mørk, grågrøn kross. Den gamle preikestolen var overmåla i ein gråfarge og likeins var den gamle stolen til presten i koret kvitmåla. I 1909 skjedde det store endringar. Då vart sakristia bygde til, og kyrkja fekk si noverande utvendige form. Samstundes vart våpenhuset påbygt, og på kort tid vart kyrkja mykje penare å sjå til. Innvendig vart det gjort nokre mindre endringar i koret, og same året fekk Nes kyrkje ny altertavle. Men fyrst mot slutten av 1950-talet fekk kyrkja elektrisk lys og oppvarming.

Det siste store arbeidet gjekk føre seg i åra 1972-1974. Forutan ein del reparasjonsarbeid, mellom anna innvendig isolering av taket og utbetring av benkene, vart heile kyrkja oppattmåla. Ho fekk nye fargar overalt. Preikestolen vart pussa ned og tilbakeført i dei fargane som kjenneteikna sein-renessansen, frå den tida han var ny. På medhjelparstolen vart målinga også fjerna. Han er tilliks med preikestolen frå den tidlegare stavkyrkja på staden. I 1974 vart målinga fjerna og stolen vart tilbakeført til stilen han hadde før 1909.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1909 er måla av Isak Refsnes, og motivet er "Jesus i Getsemane". På alteret står to store lysestakar og ein mindre sjuarma lysestake, alle i messing. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk frå 1844, med innskrifta "MOSR" (Mons Olssen Ramsøe) og "EEDJ" (Elisabet Eriksdatter Joranger); ein kalk frå 1961; ein disk frå 1681, med innskrifta "IIST" (Jan Jansen Teiste) og "MPD" (Mette Pedersdatter); ei vinkanne frå 1961; og ei udatert brødøskje. Ein bibel er frå 1787.

Preikestolen i renessansestil er frå kring 1630, tilliks med altertavla i Fet kyrkje. Døypefonten er frå om lag 1650, og har innskrifta "SIS", "AMD" (Anne Madsdatter) og "SL" (Søffren Lauritzen), jfr. minnetavla i Dale kyrkje. Dåpsfatet i messing er dekorert med ei rose og bordar. Det er merka med "SLS" og "ASMD". Dåpsmugga frå 1975 er i messing.

Medhjelparstolen er frå gamlekyrkja. Orgelet frå 1937 har seks stemmer, og er bygt av August Nilsen og ombygt av J. H. Jørgensen. Det har delar frå 1879, og er såleis eitt av dei eldste småkyrkjeorgla i landet. Orgelet vart delvis restaurert i 1997.

Her er tre kyrkjeklokker. Den eldste er truleg frå 1100-talet og heng no i våpenhuset. Ho er ei av dei eldste i Norge som framleis er i bruk. Ho vert omtalt som ei av dei klokkene i landet med finast klang. Klokka vert brukt til 3x3 slag etter gudstenesta. Dei to andre klokkene heng i tårnet, og er begge frå 1200-talet.

Berre kyrkjelyden møtte fram til vigslinga

Det som skulle vere ein høgtidleg vigslingsdag for Nes kyrkje i 1836, vart i staden ein liten skandale. I god tid før gudstenesta kom folk i hopetal til kyrkja, men prestefølgjet var det verre med. Dei dukka aldri opp. I bygdeboka kan ein lese at bygdefolket og prestefolket hadde heilt ulike forklaringar på kva som gjekk gale. På bygda vart det sagt at bisken i prestegarden hadde vore for drug. Det førte til at då prestane og prosten skulle opp på hesteryggen, så kom dei seg opp på den eine sida, men datt ned att på den andre.

Prosten i Indre Sogn, Wilhelm Christian Magelsen, hadde ein annan versjon av hendinga. Han skulle møte til vigslingshøgtida i staden for biskopen, og melde tilbake at dei var blitt stansa av uvêr. Det hadde seg slik at prestefølgjet ville ro til kyrkje, men då dei var komne eit stykke på veg, bles det opp så mykje at det var uråd å komme seg fram. Dermed måtte dei berre komme seg i land der det var råd og gå tilbake til prestegarden. Då dei så var vel tilbake og skulle finne tak i hestar for å ri, hadde alle som eigde hestar alt reist til kyrkje. Dermed fanst det ikkje transport til dei geistlege, og dei måtte utsetje vigslinga til dagen etter.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR