Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Olavskrossen på Svanøy


Svanøy var tidlegare eit knutepunkt i ytre Sunnfjord, med futegard og eiga kyrkje. På den gamle kyrkjegarden på øya står ein steinkross med runeinnskrift. Krossen er ikkje ulik den som står i Korssund lengre sør. Etter ei segn skal han ha vorte flytta hit frå Brandsøy.

På dette måleriet frå 1850-åra ser vi kyrkja på Svanøy oppe på haugen, like ved Svanøy Hovudgard. Det var ei krosskyrkje, bygd kring 1650. Kyrkja stod midt på flata der kyrkjegarden enno ligg.

På dette måleriet frå 1850-åra ser vi kyrkja på Svanøy oppe på haugen, like ved Svanøy Hovudgard. Det var ei krosskyrkje, bygd kring 1650. Kyrkja stod midt på flata der kyrkjegarden enno ligg.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord.

Datering: 1850.

Fotograf: Målar: Ukjend.

Gammalt sentrum og kyrkjestad

Bru kyrkje er først nemnt i kjelda Bjørgynjar Kalfskinn frå 1300-talet. Då var her også eigen prest. Gjennom mange hundre år var Svanøy kyrkjestad i Bru sokn, heilt til den siste kyrkja vart riven i 1872, og ny vart bygt i Stavang på fastlandet.
Frå 1560-åra var garden Bru embetsgard. I 1662 vart Bru-godset, som omfatta 40 % av all skyld i Sunnfjord, overteke av biskop Hans Svane, som øya sidan fekk namn etter. I 1749 tok futen i Sunnfjord bustad på Svanøy.

Solid kross med mystiske teikn

W. F. K. Christie, grunnleggjaren av Bergens Museum, var den første som undersøkte krossen på Svanøy. I 1842 skreiv han følgjande i tidsskriftet "Urda": "Bag Choret i Svanøe Kirke i Søndfjord staaer paa Kirkegaarden et Steenkors, som er 3½ Alen høit over Jorden. Paa den ene Side, under dets Arme findes 2 vertikale, paralel løbende, Stræger mellem hvilke der synes at være Spoer af Runer, omendskjønt disse ikke kunde læses. Dette Kors skal, da Kirken var bleven opført, være flyttet didhen fra Brandsøe, hvor det fordum skal have staaet."
Den gamle steinkrossen er om lag to meter høg og 1,25 meter brei frå spiss til spiss mellom krossarmane. Dei fire "armholene" er forma som fint forma opne bogar. Aslak Liestøl undersøkte krossen i 1954. Han grov fram den delen av innskrifta som gjennom hundreåra hadde sige ned under jorda og tolka runene slik: "Tordr let reise denne krossen etter..". Det siste namnet har det ikkje vore mogleg å tyde.

 

Opphavet

Segna som Christie refererer, om at krossen vart flytta til Svanøy frå Brandsøy, er ikkje så usannsynleg sidan Brandsøy også er ein gammal kyrkjestad. Det skal ha vore Heilag-Olav som reiste han på Brandsøy, men dette er det grunn til å feste mindre lit til, særleg etter den tolkinga av runeinnskrifta som ein no har kome fram. Krossen er ein av fire i Norge med runer, og fagfolk har datert han til å vere frå 1000-talet. Fridtjov Birkeli meiner det er mogleg at krossen i Korssund har same opphavsmann, då formen er mykje lik. Han går ut i frå at det utolka namnet ikkje er noko kjent historisk namn, og at krossen difor har vore reist for ein lokal hovding, kanskje ein av dei første som gjekk over til kristendommen i distriktet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bendixen, B. E.: Stenkors i Bergensamterne. I Oldtiden II. Stavanger 1912.
Birkeli, Fridtjov: Norske steinkors i tidlig middelalder. Oslo 1973.
Christie, W. F. K.: Om Steenkors. I Urda II. Bergen 1842.
Aaraas, Margrethe Henden m. fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR