Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fedrelandssalmen i fylkestinget



Ved opninga av fylkestinget 10. og 11. desember 2007 tok representanten Heidi Kathrin Osland (SV) opp skikken med å opna kvart fylkesting med fedrelandssalmen. Ho ba om at praksisen vert endra. Fleire tok til motmæle. Jostein Kvalsvik (Frp) lova kamp om dette verkeleg skulle bli eit forslag til avrøysting. - Dei trykte fylkestingsforhandlingane seier noko om tradisjonen med song og fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinga.

" Lat lysa din fred frå fjell til strand -", - den 3. lina i første verset av fedrelandssalmen. Dette utsnittet av fedrelandet viser utsyn frå Kjeringafjellet i Leikanger mot Øvre Njøs på Hermansverk, innover Sognefjorden mot Fresvik og endå lenger.

" Lat lysa din fred frå fjell til strand -", - den 3. lina i første verset av fedrelandssalmen. Dette utsnittet av fedrelandet viser utsyn frå Kjeringafjellet i Leikanger mot Øvre Njøs på Hermansverk, innover Sognefjorden mot Fresvik og endå lenger.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Første gongen i 1940

Det ser ut til at fylkestinget byrja med å syngja fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinget i 1940. I tida før 1940 har me undersøkt åra 1905, 1906, 1930, 1938 og 1939. Der står det ikkje noko om song ved opninga. Då fylkestinget kom saman i august 1940 var Noreg kome med i verdskrigen. Fylkesmann Hans Seip slutta opningstalen sin med desse orda:

"Eg ynskjer ordførarane vel møtt til arbeid, og ynskjer at det arbeidet som vert gjort i år må verta til gagn for fylket og for landet, det landet som ikkje kan døy så lenge viljen til nasjonalt liv er tilstades, det landet som me trur, sjølv om det no ser myrkt ut, skal reisa seg att til fullt sjølvstende og til ei ljos framtid." Så vil eg be ordførarane vera med og syngja første verset av fedrelandssalma. (Alle reiste seg og song)"

"Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma."

Også under "nyordninga"

Andre gongen var på fylkestinget 9. juni 1941. Dette var etter at nazistyresmaktene hausten 1940 hadde innført ei ny ordning for kommunestyringa. Nyordninga fekk også verknad på fylkestinga. Denne gongen slutta fylkesmann Seip talen sin med desse orda:
"Eg tvilar ikkje på at landet og fylket også skal koma gjennom denne vanskelege tida og at nye tider skal koma. Som eit uttrykk for kjenslone våre vil me samla oss i å syngja: "Gud signe vårt dyre fedreland."

Tredje gongen var på fylkestinget i Gloppen 9. juni 1942. Fylkesmann Seip var no avsett og NS-mannen Vidar Atne konstituert. Den nye fylkesmannen ba óg fylkestinget om å vera med og syngja fedrelandssalmen. Det same skjedde dei følgjande krigsåra 1943 og 1944.

Fire vers i frigjeringsåret

Det første fylkestinget etter frigjeringa 8. mai 1945 vart halde på Hotel Alexandra i Loen. Tingseta vart opna av kst. fylkesmann N.O. Øvrebø. (Hans Seip døydde våren 1945). Etter minnetalar over Seip, tidlegare fylkesmann Christensen og fire tidlegare ordførarar som var avlidne under krigen, helsa formannen, ordførar Elias Faleide, vel møtt til det første fylkestinget etter "at Noreg er vorte fritt og sjølvstendig." Vidare står det i fylkestingsforhandlingane: "Fylkestinget song so etter oppmoding av formannen 4 vers av fedrelandssalmen "Gud signe vårt dyre fedreland".

Fedrelandssongen i 1946

Fylkestinget i 1946 vart halde i turnlokalet Fram i Florø. Den nye fylkesmannen Nikolai Schei opna tingseta og ordførar Per Hjermann frå Lærdal vart vald til formann. Hjermann braut rekkja med å syngja fedrelandssalmen, og oppmoda i staden tingmennene til å vera med og syngja det første og dei to siste versa i fedrelandssongen, "Ja, vi elsker dette landet."

Songen ved opninga i åra 1947-1960

I dei 14 åra frå 1947 til 1960 står det i fylkestingsforhandlingane oppført noko om song ved opninga av 12 fylkesting. Fedrelandssalmen vart sungen 9 gonger, i 1950 berre det nest siste verset "Vil Gud ikkje vera bygningsmann". Ein liten variasjon i presentasjonen førekom i 1958 då salmen står oppført som "fedrelandsbøna".
I 1948 og 1949 song fylkestinget fedrelandssongen "Ja, vi elsker dette landet", og i 1955 første verset av "Gud signe Noregs land". Det er elles eit trekk at dei song meir enn eitt vers i åra 1946-1954.

Heldt fast ved tradisjonen

I 1976 vart fylkeskommunen ei eiga politisk og administrativ eining med Ola Hestenes frå Gloppen som fylkesordførar. Hestenes følgde opp tradisjonen frå 1940. I dei trykte forhandlingsreferata står: "Fylkesordførar Hestenes: Vi skal i pakt med gamal tradisjon reise oss og synge første verset av "Gud signe vårt dyre fedreland".

Til avslutning òg

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har ikkje berre byrja fylkestingssetene med nasjonale salmer og songar. I mange år var det også skikk å syngja som avslutning. Første gongen var i 1940. Fylkestinget song då første verset av fedrelandssalmen og verset som byrjar med "Vil Gud ikkje vera bygningsmann."

På fylkestinget i Fjærland i 1941 avslutta fylkesmann Seip med desse orda: "Me har sunge så ofte på dette fylkestinget "Gud signe vårt dyre fedreland," men eg trur at me syng han no og." Dei tre neste fylkestinga var leia av NS-folk. I 1943 og 1944 song dei "Ja, vi elsker" som avslutning.

Dei trykte fylkestingsforhandlingane seier ikkje noko om song til avslutning i åra 1945-1948. I 1949 ba ordføraren i Davik, Reinhardt Førde, om at formannen ikkje måtte la klubba falle før dei hadde sunge verset "Vil Gud ikkje vera bygningsmann". Så står det ikkje noko om song til avslutning i åra 1950 og 1952, men frå 1953 vart song som avslutning fast skikk. I åra 1954 og 1955 song fylkestinget verset "Signe då Gud vårt folk og land" i Anders Hovden-salmen "Fagert er landet du oss gav", seinare verset "Vil Gud ikkje vera bygningsmann" i fedrelandssalmen.

"bør ha variasjon"

Under fylkestinget i desember 2007 etterlyste representanten Heidi Kathrin Osland "ein variasjon i songrepertoaret". Ho bad om å få slutt på at alle fylkesting vert opna med fedrelandssalmen. Grunngjevinga var at ikkje alle på fylkestinget vedkjenner seg den kristne trua. Fleire tok til motmæle. Svein Ottar Sandal (Krf.) ville ikkje at "denne arenaen" (fylkestinget) skulle nyttast til å "fortrengje dei kristne verdiane". Jostein Kvalsvik (Frp) lova kamp om det skulle koma til avrøysting.

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane. Fleire årgangar.
Informasjon frå:
Knut Henning Grepstad, Leikanger.