Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

1905 - Unionsoppløysinga og fylkestinget i Sogn og Fjordane



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905. Denne artikkelen handlar om fylkestinget si markering ved tre høve, - i året 1905, ved femtiårsjubileet i 1955 og ved hundreårsjubileet i 2005.

Hotell Central, bygt i 1896. Her heldt Nordre Bergenhus amtsting  tingsete i dagane 25. mai til 3. juni 1905. Bygningen er no restaurert og står som eit minnesmerke om ei glanstid i norsk reiseliv. Det har namnet Villa Visnes og vert drive saman med Visnes Hotell.

Hotell Central, bygt i 1896. Her heldt Nordre Bergenhus amtsting tingsete i dagane 25. mai til 3. juni 1905. Bygningen er no restaurert og står som eit minnesmerke om ei glanstid i norsk reiseliv. Det har namnet Villa Visnes og vert drive saman med Visnes Hotell.

Eigar: I Stryn Historielag, Årskrift 2002.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: Ukjend.

Fylkestinget i 1905 og 2005

Sogn og Fjordane fylkeskommune - slik vi kjenner han i dag - med politisk valde styringsorgan og eigen administrasjon er frå 1976.

Før 1976 var fylkestinget samansett av ordførarane i kommunane, og det var fylkesmannen som administrerte fylkestinget sine gjeremål. Det var fylkestingssete ein gong i året.

Det tidlegare namnet Nordre Bergenhus amt vart endra til Sogn og Fjordane fylke ved lov av 14. august 1918.

Amtsting i Stryn i 1905

"Aar 1905 den 25. mai kl. 11 fm. sammentraadte Nordre Bergenhus amtsthing i hotell "Central" i Stryn under ledelse af amtmand J. Utheim". Slik opnar den trykte møteboka for fylkestinget i 1905. Forhandlingane vart avslutta 3. juni.

Tingmennene var på to utferder; - til Lodalen for å sjå på skadane ved raset natt til 16. januar, og oppover Strynevatnet med dampbåten "Fritjof Nansen" og vidare til Videsæter.

Unionspolitisk spent situasjon

Ordførarane i Sogn og Fjordane var i 1905 samla til tingsete midt i ein unionspolitisk krise på brestepunktet. Stortinget hadde 18. og 23. mai vedteke Lov om norsk konsulatstell. Spørsmålet var no om kongen ville gå med på vedtaket eller om han kom til å nekta sanksjon. Amtstinget heldt seg orientert om siste nytt i Stockholm og Kristiania. Den 27. mai tikka det inn telegrafisk melding om at kongen den dagen hadde nekta sanksjon. Spørsmålet heile landet no var oppteke av var - kva no?

"..uden vaklen og uden afslag."

Amtstinget sende straks ei fråsegn til statsmaktene. I følgje Fjordenes Blad var det ordførar Rasmus Sindre i Innvik som kom med framlegg om å gjera det. Bodskapen var kort og konsis. Amtstinget slutta seg til nasjonalforsamlinga og regjeringa si line om å gjennomføra "Norges ret" - det vil seia rett til eige konsulatstell. Her er ordlyden i telegrammet slik det stod attgjeve i Sogns Tidende 2. juni:
 

"Telegrafisk bekjendt med de begivenhederne af i dag er det en trang for Nordre Bergenhus amtsting enstemmig at udtale tilslutning til, at nationalforsamlingen og regjeringa enigt og mandigt gjennemfører Norges fulde ret og selvstændighed uden vaklen og uden afslag."

1955 - fest i Jølster

Elleve dagar etter telegrammet frå amtstinget var unionen oppløyst. Ordførarane var knapt heimkomne!

Femti år seinare feira fylkestinget hendinga 7. juni og fridomsåret 1905 med fest i Jølster. "Fylkestinget høgtidar 7. juni-verket. Stilfull fest på Skei Turisthotell" var overskrifta i Fjordabladet etterpå.

150 personar var med, mellom anna heile kommunestyret i Jølster "med fruer". Lensmann N.O. Øvrebø var festleiar. Ordføraren i Jølster, Nils J. Helgheim, sa det var ei stor ære for Jølster å få byda inn til fest for å minnast "frigjeringsverket."

Fylkesmann Schei heldt tale for fedrelandet og nemnde dei som hadde stått i brodden for styringa i 1905 og den innsatsen dei gjorde for fridomen. Talen munna ut i ein appell om å ta vare på fridomsverdiane. "Lat det aldri verta sagt om oss at vi ikkje tok vare på dei verdiar vi fekk til odel og eige frå forfedrane våre", sa fylkesmann Schei til slutt i talen sin.

Elles var det talar og helsingar frå ei rekkje av deltakarene; mellom anna av formannen i fylkestinget (fylkesordføraren), sokneprest Johnny Bakke, og varaformannen, ordførar Brekke.

2005 - markering i Stryn

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal markera hundreårsjubileet for unionsoppløysinga to stader, - ved opninga av Gulatingsstaden på Flolid i Gulen 26.-28. august, og ved fylkestingsseta i Stryn 16. og 17. juni.

Eit 50-årsminne

Fjordabladet hadde i 1955 eit stykke om 7. juni 1905 underteikna med bokstaven S. Stykket er interessant og tankevekkjande; - også ved hundreårsjubileet.

"Ein vakker sommardag var det på desse kantar av landet, då meldinga nådde hit om at unionen med Sverike var sprengd.

Kva kjensler folket hadde då, er vanskeleg for den slekt som har vakse opp seinare å forstå. At det var ein stor og glederik dag er lett å skyna. Men berre dei som hadde havt høve til å fylgja med i den bitre politiske strid gjennom ei årrekkje, hadde grunnlag for å verdsetja hendinga på rette måte.

Folk i den tid var kanskje det mest vakne slektsled landet vårt har havt når det gjeld dei store politiske merkesaker. Dei visste meir om former og framgangsmåtar i unionelle saker og andre store merkesaker i norsk politikk enn det i dag er vanleg å finna. Årsak til det heng nok for så vidt klårt i dagen. 90 års politisk kamp med unionsbroren hadde sett sine sterke og avgjerande merke i det norske folk. Og derfor kom unionsoppløysinga som eit gledesbodskap av den art som eit folk sjeldan opplever.

Snøgt og fulltonande nådde bodskapen ut mellom folk. Og det vart samtaleemnet overalt. Der det fanst ein telefon, der kom folk farande for å fretta nytt og nyhendet vart snøgt bore vidare.

Det som stod i Fjordabladet for 50 år sidan vil gjeva eit godt bilete av dei minnerike hendingar.
S."

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret 1905. 1905.
Fylkesarkivet: Kulturhistorisk Atlas og Leksikon, KAL/SFF-1449.027.