Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handelsstaden Gjerde på Eid



Tettstaden Nordfjordeid ligg innerst i Eidsfjorden i Nordfjord. Den gamle handelsstaden på garden Gjerde er i dag ein del av sentrum i tettstaden. Hovudbygningen ligg med fasaden ut mot Eidsgata. Gjestgiveriet har hatt fleire namn opp gjennom tidene, det siste var Yris hotell.

Gjestgjevargarden på Gjerde vert ofte kalla Boalthgarden eller Yris hotell. Hovudbygningen er knappe 25 m lang og vart sett opp av byggmeister Ola Nor i 1790-åra.

Gjestgjevargarden på Gjerde vert ofte kalla Boalthgarden eller Yris hotell. Hovudbygningen er knappe 25 m lang og vart sett opp av byggmeister Ola Nor i 1790-åra.

Eigar: I Det norske næringsliv - Sogn og Fjordane Fylke.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Handel frå 1600-talet

Heilt sidan midten av 1600-talet var Gjerde på Eid det sentrale kremmarleiet i midtre Nordfjord. Her dreiv kremmarane - handelsmennene - handel med lokalbefolkninga. Dei selde korn, salt, hamp og andre naudsynte varer som bøndene sjølve ikkje produserte. I tillegg kjøpte dei varer som bøndene produserte. Smør, kjøt, skinn, talg, tømmer, tønnestavar og andre varer vart kjøpte og sende til Bergen for vidaresal.
Den fyrste som dreiv handel her var Jon Willumsen som kom hit i 1634. Han var borgar i Bergen og dreiv med borgarhandel og tok etter kvart over drifta av heile garden.

Frå Panter til amtmann Lindenov

Ettermannen hans var Jørgen Panter, som til liks med Willumsen var borgar i Bergen. Han kom til Gjerde i 1642 og fekk etter ei tid kjøpa det gamle adelsgodset hjå adelsmannen Gunde Lange. Panter var ei stund ein velhalden mann og eigde mykje jordegods, men det gjekk etter kvart nedover med han. Meir og meir av jordegodset måtte han setja i pant. I 1652 sette han Gjerde i pant til futen Jens Pedersen Randulf for 144 riksdaler. Då Panter døydde i 1858 var ikkje buet etter han stort nok til å dekka gjelda. Enkja hans vart buande på garden, men det var ein Gabriel som tok seg av drifta.
Svigersonen til Panter, Jakob Jørgensen, budde på Gjerde i nokre år, men klarte ikkje å løysa inn at panten. Pantehavaren, Berent Middelstorp, lyste garden til innløysing for arvingane etter Panter, men ingen av dei kunne løysa han inn. Garden vart selt til presten Peder H. Schreuder, medan odels- og åseteretten vart kjøpt av Kristian Lindenov. Lindenov var frå 1675 amtmann for Nordfjord og Sunnmøre og busette seg på Gjerde, men alt tre seinare vart han avsett.

Bygningane

Garden vart dei påfølgjande åra avhenda fleire gonger. Dei fleste fekk ikkje drifta til å løna seg og garden vart fleire gonger selt på auksjon. I 1768 kjøpte skrivaren Lars Stub garden og dreiv ei tid både handel og gjestgiveri. Sjølve gardsdrifta pakta han bort. Fire år seinare gjekk Gjerde på ny under hammaren. Peder Harberg kjøpte garden, men på grunn av pengefallet på 1780-talet, måtte han selja.
Då Tollev Lem Ravn frå Molde overtok Gjerde i 1788 var bygningane svært dårlege. Det var han som fekk sett opp det våningshuset som framleis står her. Bygningen er frå 1790-talet og dannar eine sida av gardstunet. Tunet dannar ein firkant med hus langs tre av sidene. Bak det store våningshuset ligg stabburet, vedhuset og bakeriet på ei rekkje. Parallelt med desse, på motsett side av tunet, står annekset og eit dueslag. Mellom desse stod eit kombinert bryggjarhus og eldhus, dette vart rive på 1940-talet. I tillegg var det ein stor driftsbygning som vart riven på 1970-talet.
Ravn dreiv også gjestgiveri på Grødessanden i Hornindal og var ombodsmann for hospitalgodset i Nordfjord. Ved sida av dette var han ei tid forliksdommar i Eid. I 1801 talde huslyden til Ravn 16 personar: Ravn og kona, Gjertrud, samt deira fire born, hennar kusine, C. C. Heiberg, og hans systerdotter, Bolette Mørch, og åtte tenestefolk.

Wiese og Boalth

I 1832 flytte Tollev L. Ravn til Bergen, men alt i 1822 hadde han overlete drifta av Gjerde til sonen Mattias. Men Mattias Ravn døydde i 1831, berre 40 år gammal. Bergensaren Claus Krohn Wiese kjøpte handelsstaden same året. Wiese la ned mykje arbeid i å pryda garden, planta tre langs vegane og laga seg hagar med prydbusker og statuar. Han dreiv det stort med verksemda og mest tente han på brennevinsbrenneriet og teglverket. Men utgiftene vart etter kvart større enn inntekta, og i 1844 måtte han selja Gjerde.
I 1838, året Eid heradsstyre og formannskap hadde sine fyrste møte, var det berre ein handelsmann i heradet, Claus Krohn Wiese. Tre år seinare mottok formannskapet søknad frå H. T. N. Møller om kremmarløyve, men dei ville ikkje tilrå dette då søkjaren ikkje hadde nok pengar, slik dei såg det. Men dei var samde om at det var plass til endå ein handelsmann på Eid og i 1845 fekk Lars Roti løyve som landhandlar.
Same året søkte Peder Schrøder Boalth om landhandlar- og gjestgjevarløyve. Han hadde kjøpte Gjerde dette året. Skjenkeløyve fekk han ikkje før året etter. Boalth bygde etter kvart gjestgiveriet om til hotell og handelen flytte han til eit stykke han hadde kjøpt under garden Myklebust. Han skal ha drive garden godt. Gjerde har etter han vorte kalla Boalthgarden, og framleis er det mange som nyttar dette namnet. Peder Boalth døydde i 1882, 64 år gammal. Enkja, Anna Rosalie Karoline Brandis (1822-1910), dreiv hotellet og garden fram til 1908. Til hjelp hadde ho fyrst dottera Hymanda Berg og mannen hennar. Seinare fekk ho hjelp av dottera Camilla og mannen hennar, overrettssakførar Johan Fredrik Skagen.

Bank, børsemakar og bryggje

Nordfjord Sparebank vart skipa i 1853 og er den eldste banken i Nordfjord. I 1881 kjøpte banken ein part av garden Gjerde og bygde nytt hus her med banklokale, direksjonsrom og husvære for bokhaldaren.
På 1880-talet vart også ein annan part skilt ut frå Gjerde, denne fekk namnet Vonheim. Her bygde børsemakar Hans Myklebust eit særmerkt hus. Dette huset står framleis og vert kalla Børsemakarhuset.
Det hadde frå gamalt av vore bryggje på Gjerde, men grunna strid med grunneigaren om bruksretten vart ho lite brukt. Ei tid var ho heilt sperra for bruk. Bryggja som vart nytta til ekspedisjon av rutebåtane låg ved Skårhaugneset på nordsida av Eidsfjorden, nesten to kilometer frå Eid. Men i 1902 vart bryggja flytta inn til Gjerde i sentrum av Eid. Dette etter at ein i lenger tid hadde diskutert flytting, men hadde hatt vanskar med å finansiera bygginga av ei ny. Eit nytt aksjeselskap, AS Sambryggja, stod for bygginga av den nye bryggja. Kommunen skulle stå for vedlikehaldet.

Vilhelm Yri kjøper gjestgjevargarden

Vilhelm Yri (1846-1917) frå Olden var bondeson og kjøpte i 1874 den gamle handelsstaden på Oldenøyra og bygde hotell ved elva. I 1899 bygde han nytt Yris Hotell litt lengre oppe i bygda. Dette vart eit av dei største og beste turisthotella på Vestlandet. I 60-årsalderen overlet Vilhelm Yri hotelldrifta i Olden til sønene Rasmus og Sivert Yri. Sjølv flytte han til Nordfjordeid i 1909, der han kjøpte den gamle gjestgjevargarden på Gjerde for 34 000 kr, og dreiv den som Yris Hotell til han døydde.
Gjerde hadde etter kvart vorte ein del av sentrum i tettstaden Nordfjordeid. Her finst det både bank og fleire ulike forretningar.

Dei seinare åra

Det var sonesonen Wilhelm Sivertson Yri som overtok eigedommen på Gjerde og drifta av Yris hotell etter bestefaren. På 1940-talet byrja han å stykkja opp garden i tomtar. Den gamle gjestgjevargarden dreiv han fyrst som hotell, men på 1950-talet gjorde han staden om til pensjonat og dreiv dette fram til han døydde i 1970. Då forsøkte Herdis Bjørlo å driva vidare her. Ho hadde vore sambuar med Wilhelm S. Yri. Den siste tida pensjonatet var i drift var det mest handelsreisande som overnatta her.
Sidan pensjonatet vart nedlagt har den gamle bygningen vore nytta til å hysa sosialklientar, og på 1990-talet til utleige av studenthyblar.
I år 2002 er det Winnie Yri som eig den gamle gjestgjevargarden på Gjerde.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord - Fraa gamle dagar til no II. Dei einskilde bygder I. Eid - Hornindalen. Bergen, september 1909.
Os, Edvard: Eid og Hornindal. Utgjeve av Eid og Hornidal herader. Oslo, 1953.
Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet. Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane og Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Utgjeve av Selja Forlag. Førde, 1998.
Rindal, A.O.: Eid herad gjenom hundrad aar 1837-1937. Utgjeve av Fjordabladets Prenteverk. Nordfjordeid, 1937.
Oos, Peder P.: Garden Gjerde og Wieselada. Artikkel i avisa Fjordabladet, Nordfjordeid, tysdag 29. desember 1998.
Munnleg informasjon frå:
Odd Monsen og Kjell Nøstdal, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR