Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2005

Sist oppdatert 28. april 2020

Kategori

Rå-data

1905 - "Då Noreg vann sitt fulle politiske sjølvstende".



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen om unionsoppløysinga stod i Firda Tidend ved 50-årsjubileet, 7. juni 1955. Artikkelen er ordrett attgjeven, men redigert med mellomtitlar og eit par innskot.

Frå Stortinget 7. juni, 1905.

Frå Stortinget 7. juni, 1905.

Eigar: I Unionens opløsning 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Bakgrunn

Den 7. juni er det 50 år sidan unionen med Sverike vart oppløyst.Det var fleire ting som gjorde at den norsk-svenske unionen ikkje tolde påkjenninga i 1905. Noreg hadde hatt ein sterk økonomisk og kulturell vokster, nasjonalkjensla var styrkt, og nordmennene ville ikkje lenger finne seg i å spele 2. fiolin. I staden for samarbeid reiste unionen det eine stridsspørsmålet etter det andre.

I Noreg hadde samfunnslivet fått eit klårt demokratisk stempel. I Sverike var det mykje att av den gamle adelsstyrde stenderstaten. Dei to statane nærma seg difor ofte dei sams problem frå motsette utgangspunkt. Dertil kom skilnaden i folkelynne og mykje anna.

Semje om norsk konsulatstell

Fram til hundreårsskiftet hadde det vore strid om mange saker, frå Kongen sin vetorett til unionsmerket i flagget. Men etter kvart vart det konsulatsaka som vart den dominerande. Uviljen mot at svenskane åleine styrde utanrikspolitikken for begge landa, vart sterkare og sterkare di lenger det leid, og i 1891 vedtok Stortinget ei lov om at Noreg skulle ha eigne konsular i utlandet. Handelsflåten vår var meir enn dobbelt så stor som den svenske, og konsulane hadde storparten av løna si frå avgifter som skipa laut svare når dei kom til framande hamner. Til dette kom at nordmennene og svenskane i stor mon hadde same slags varer dei ville selje, og såleis kom til å tevle med kvarandre på marknaden. Då vil ein forstå kor vanskeleg det var for ein konsul å ta vare på handelsbaten i begge landa.

Nye urimelege krav

Dette skjøna svenskane også og riksstyra i Oslo og Stockholm gjekk difor saman om å nemne opp ein kommisjon som i 1903 kom med framlegg om eige konsulatstell for Noreg. Framlegget vart godkjent av dei ansvarlege styresmakter i begge landa, men i 1904 snudde stemninga i Sverige seg. Den 23. november det året kom den svenske statsministeren, Erik Bostrøm, til Oslo med eit heilt nytt framlegg til norsk konsulatstell. Etter dette framlegget skulle dei norske konsulane i viktige spørsmål stå under utanriksministeren i Stockholm, og han var ansvarleg berre for den svenske riksdagen. Han kom med fleire andre krav også, som nordmennene tykte var urimelege.

Brot i forhandlingane

Det gjekk ei harmbylgje gjennom heile folket vårt då dette vart kjent i Noreg. Tidlegare hadde mange nordmenn vore imot å driva saka til det ytste. Vi skulle ikkje misse vona om at svenskane med tida ville gje seg og bli rimelegare. Unionen var til gagn for begge rika, og vi måtte endeleg halde fast på han, meinte dei.

Men den 11. januar 1905 vraka det norske riksstyret desse lydrikepunkta, som dei vart kalla, og den 7. februar vart saka førebels skrinlagt i norsk-svensk statsråd i Stockholm slott. Sjølve saka var det derimot ingen som kunne slå strek over lenger. Bostrøm sine krav hadde sveisa det norske folket saman. Dei norske styresmaktene laut halde kravet om eigne konsular levande. Det var alle nordmenn samde om, og då fekk det heller gå med unionen som det ville.

Aksjonsline - eige norsk konsulatstell

Men når det galdt framgangsmåten var det sjølvsagt stor meiningsskilnad. På den eine sida stod statsminister Hagerup. Han var professor i rettsvitskap og var sterk bunden til ein reint juridisk tenkjemåte. Difor ville han slå inn på ei tingingsline, som det ikkje kunne bli reist konstitusjonelle innvendingar mot. Skipsreiar Christian Michelsen frå Bergen var førar for dei som stod på den andre sida. Han ville straks ha ei lov om eige norsk konsulatstell som skulle gjelde frå 1. april 1906, og så fekk ein ta den striden med kongen som laut kome. Den lina sigra.

[Stortinget sette 18. februar ned ei særnemnd, Specialkomiteen, som 6. mars gjorde vedtak om å skipa eige norsk konsulatstell. Regjeringa Hagerup gjekk av og Christian Michelsen skipa regjering den 11. mars] av dugande menn frå begge dei politiske flokkane venstre og høgre, og Stortinget gjorde eit samrøystes vedtak [18. og 23. mai] om å skipe eige konsulatverk.

Kongen nekta å godkjenna.

Men kongen, Oscar II, nekta den gongen å godkjenne lova. Då søkte heile riksstyret Kongen om avskil frå embeta sine. Men Kongen ville ikkje gå med på det heller, av di han skjøna at han ikkje kunne få noko anna riksstyre.

7. juni 1905

Slik var stoda då Stortinget kom saman til møte den 7. juni om føremiddagen, det møte som vart det dramatiske høgdepunktet i striden mellom Noreg og Sverike og som gjorde slutt på unionen og avsett Oscar II som konge i Noreg.

Ordet vart først gjeve til statsminister Michelsen som slo fast riksstyret sitt standpunkt: "Sanksjonsnektelsen er etter vår oppfatning ikke forenlig med den norske forfatninga.", sa han.

Men likeså litt som noen nordmann vil medvirke til dannelsen av den nye regjering som skulle overta ansvaret for den, likeså litt kan vi ved at bli i våre embeder gjøre oss medansvarlige i den. Det har vi underrettet Kongen om.

Stortingspresidenten, den radikale Carl Berner frå Sarpsborg, kom så med det avgjerande framlegget, som lydde såleis:

Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder,
- da Hans majestæt kongen har erklæret seg ude af stand til aa skaffe landet en ny regjering,
- og da den konstitusjonelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed,
- bemyndiger stortinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som Den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love,
- med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge av af, at kongen har ophørt å fungere som norsk konge.

Utan ordskifte gjekk stortinget til avrøysting. Det vart røysta ved namneopprop og alle 117 representantane røysta for framlegget.

To dagar etter vart unionsflagget fira ned og det reine norske flagget heist frå festningane og herskipa våre.

Vitet og klokskapen sigra

No kom det nokre ålvorlege og spennande dagar. Stortinget gjorde tilbod til Oscar II om å ta ein av sønene hans til konge i Noreg, men han svara nei til det. Svenskane var også harme på nordmennene for det steget dei hadde gjort. Dei truga med ufred. Både svenske og norske soldatar drog til grensa og låg der og vakta på kvarandre.

Men vitet og klokskapen vann denne gongen. Kongen var både harm og såra, som ventande var, men han ynskte ikkje å føre krig mot det folket han hadde vore konge for. Storparten av det svenske folket ville heller ikkje ha krig og sa frå om det.

Folkeavrøysting - for eller imot unionsoppløysinga

Den svenske riksdagen sette ei rad med vilkår, dersom Sverige skulle godkjenne unionsbrotet. Eit vilkår var at Noreg skulle gå til folkeavrøysting, så det kunne syne om det norske folket var samd i det som Stortinget hadde gjort. Denne avrøystinga vart halde den 13. august. 85 pst. av dei røysteføre møtte, og 368 932 svara ja og 184 nei. Kvinnene hadde ikkje røysterett den gongen, men det kom ei adresse med 245 000 underskrifter.

Forhandlingar i Karlstad

Fjortan dagar seinare kom norske og svenske menn saman i byen Karlstad ved Väneren og tinga om vilkåra for unionsoppløysinga. Tingingane tok lang tid, og det var ei tid så nær brot at noko av dei norske styrkane vart mobilisert. Men den 23. september kom det endeleg til semje. Begge partane laut gje noko etter, men i hovudsaka vann svenskane fram med kravet om ei demilitarisert sone. Då saka kom føre i Stortinget, var det 16 som røysta mot semje for di dei ikkje kunne gå med på å leggje ned grensefestningane. Den svenske riksdagen godkjende Karlstadforliket samrøystes.

Kongeval og ny folkerøysting

Då Stortinget bad om å få ein svensk prins til konge, var det serleg prins Carl, far til [seinare] kronprinsesse Märtha, det var tenkt på. Tilbodet vart ikkje motteke, og det norske riksstyret vende seg då til prins Carl av Danmark. Han ynskte at det først vart ei folkeavrøysting, og røystinga vart halde 12. og 13. november. Føre røystinga var det store folkemøte kringom i landet. Menn som Michelsen, Nansen og Bjørnson heldt på kongedøme. Av regjeringsmedlemmene heldt Gunnar Knudsen, fleire stortingsmenn og elles mange ut over landet på republikk.

Så vart det ein gong til halde folkeavrøysting i Noreg. Eit stort fleirtal røysta for kongedøme, 250 563 mot 69 204, som heldt på republikk.

Den nye kongen - velkomstord

På grunnlag av folkeavrøystinga vart prins Carl av Danmark samrøystes vald til konge i Stortinget 18. november. Han tok namnet Haakon VII og kom til Noreg den 25. november.

Statsminister Michelsen helsa Kongen velkomen med desse profetiske orda:

Atter skal nordmennenes Konge bli det sterke, samlende merke for all nasjonal gjerning i det nye selvstendige Norge. En gang skal hans og vår fedrelands følelse også bli en. Stille og varmt skal Kongens kjærlighet til sitt nye fedreland spire og vokse, medens han gjør sin store og ærefulle gjerning i troskap mot land og folk. Rikere og varmere skal den strømme oss i møte, etter hvert som Kongen vokser sammen med sitt folk med dets nasjonale liv i fortid og nutid; med dets kår og arbeid i gode og onde dage. Enkel og jevn som folket selv vil han øve sin kongelige gjerning blant oss, således skal vår lykke og vår ære også bli hans.

Gode brorfolk

Slik braut det norske Stortinget sambandet med Sverike den 7. juni 1905, ein dag og eit årstal som alltid vil kome til å stå som eit av dei store tidskifte i soga om folket vårt.

Utetter heile sambandstida hadde det vore mykje krangel og strid mellom oss og svenskane. Sidan kvart folk fekk sitt for seg, er det ikkje lenger noko å trette om, og nordmenn og svenskane har levt saman som gode brorfolk.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR