Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ornes bedehus



Bedehuset på Ornes ligg tett attmed vegen ein snau km nedom stavkyrkja. Det vart bygd sist på 1950-talet, men vigsla først i 1963. Bedehuset har vore nytta til møte, misjonsbarnelag, søndagsskulefestar, gravferder og gudstenester i vinterhalvåret. Ornes misjonslag, tidlegare Urnes Kinamisjonslag, eig Ornes Bedehus.

Ornes bedehus 2005.

Ornes bedehus 2005.

Eigar: Marit Bøen

Datering: Marit Bøen

Fotograf: Marit Bøen

Bygningen
Huset inneheld ein stor sal, ein liten sal, kjøken, gang og to klosett. Av inventar er det talarstol, harmonium, eit gamalt elektronisk orgel, røyrstolar og -benkar til ca 65 personar i tillegg til nokre gamle benkar og fem nye og fire gamle bord. Bak talarstolen heng det eit stort måleri av Jesus som den gode hyrdingen midt i fjordlandskap, måla av Vilhelm Bjørknes i 1963. Elles er det to bilete, "Haugianarar", "Jesus bankar på hjartedøra" og eit vove teppe på veggane i den store salen. På kjøkenet er det kokeplate, dessutan kaffikoppar, tefat og asjettar til ca. 60 personar. Koppane er frå ca. 1925 og har påskrift Urnes Kinamisjonslag.

Bygging
Ornes Bedehus vart bygt etter krigen. I 1957 kjøpte Ornes misjonslag, som står som eigar av bedehuset, ei brakke i Kinsedal frå Hydro sitt nedlagde anlegg der. Skyldskiftet er datert 22. mai 1957. Tomta var gåve frå Lina Bugge.
Det var Olav Kvalen, Anders Børtnes og Sverre Aspelund som sette opp huset. Olav Kvalen hadde nett bygd huset deira av ei liknande brakke, så vi vil tru han hadde erfaring som kom vel med i arbeidet.

I bruk februar 1960
Vi veit ikkje sikkert når bedehuset vart teke i bruk, men etter det dei gamle sa, var første gongen gravferda til Margreta Urnes, den 10. februar 1960. Seinare har gravferdene på Ornes for det meste vore haldne frå bedehuset. Tidlegare var møta på skulehuset og gravferdene helst frå heimane.

Kan aldri flyttast frå Ornes
Lovene for huset vart vedtekne i 1960 og skrivne inn i bedehusprotokollen. Paragraf 1 har denne ordlyden:
"Ornes bedehus er reist med friviljuge gåver. Ornes misjonslag av Norsk Luthersk Misjonssamband eig huset. Føremålet med huset er forkynning av Guds ord på den apostoliske Lutherske truvedkjennings grunn. Huset kan aldri flyttast frå Ornes, og skal til alle tider brukast til det føremålet som er vedteke i desse lovene."

Vigslinga
Bedehuset vart vigsla 26. mai i 1963 med mykje folk tilstades. Søren Bøen skreiv referat:
"Det var alt tidleg kunngjort i fleire blad med bilete av bedehuset. Fylkesbåten som går i mjølkerute til Årdal var lova å gå ekstra rute med møtefolk den dagen. Sundagsmorgonen, den 26. mai var det høljande regnver, så humøret hjå oss, som hadde venta godt finver, var ikkje det beste. Likevel var det ein svær møtelyd som tok plass i bedehuset då høgtida byrja kl.11.30. Endå det var kjøpt inn 40 stolar i tillegg til dei benkane huset hadde frå før, laut det skaffast stolar og benkar frå heimane omkring. Huset var meir enn fullsett. Høgtalar var òg montert opp.

Talarar på stemna var krinssekretær Mørk og sokneprest Ree. Den siste stod føre sjølve vigsla av huset. Eit song- og musikklag frå Årdal gledde oss med fleire nummer. I middagsstunda fekk alle kaffi og smørebrød. Der vart servert både inne i huset og utanfor. No var veret strålande solskin. Stemninga var god. Jau, det vart fest. Ettermiddag tala sekretær Ola Yndesdal. Fleire tilreisande bar fram helsingar med ord frå Bibelen.
Då me skildest med den store lyden i 5-tida om ettermiddagen, var alle takksame og glade fordi Gud hadde laga både veret og alt på beste måten nettopp for høgtida for Ornes bedehus."

Utbetringsarbeid
Opp gjennom åra har det vorte utført fleire utbetringsarbeid. I 1976 kom det panelomnar, og i 1980 vart det lagt sponplater og golvbelegg over heile huset. I 1987-1988 vart det lagt inn vatn og kloakk. Huset fekk to klosett med vaskar og det vart oppvaskbenk på kjøkenet. Huset fekk også nye vindauge dette året. I 2004 fekk huset nytt laminat-golv .
Uthuset vart bygt i 1965.

Bruk av huset
Veslesalen vart brukt som skulestove for småskulen ein dag i veka i åra 1964 - 1968. Huset er i bruk til gudstenester den tida det er for kaldt i stavkyrkja, som regel tre for året. Dei fleste gravferdene for Ornes og Kinsedal vert lagt til bedehuset.
Møte med tilreisande talarar frå ulike kristne organisasjonar er lagt til bedehuset. Desse varierer i tal frå år til år, men det har vore 8-12 møte i året dei siste åra. Elles har misjonslaget basar kvar vår og julefest i romjula. Det var nok fleire møte dei første tiåra i huset si soge enn det er no. Det minkar med folketalet i bygda. Dei siste ti åra har folketalet gått ned frå ca. 60 til vel 20.
Ornes misjonsbarnelag hadde fast tilhald i bedehuset frå 1981 til 2002. Men då vart laget lagt ned på grunn av for få ungar. Søndagsskulen hadde julefest og våravslutning, 23. juni, kvart år frå i åra 1979-2001. No er det ikkje søndagsskule på Ornes.

kjelder:

Ornes bedehus: Bedehusprotokoll 1960-

PERMANENT IDENTIFIKATOR