Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Veg mellom Villevika i Flora og Midtgulen i Bremanger



Gardane på fastlandet nordover mellom Florø og Midtgulen måtte venta lenge på vegutløysing. Fram til 1993 hadde folk på denne strekninga ikkje veg til eigne kommunesentra eller med riksvegnettet. All ferdsle gjekk med båt. Det mangla ikkje på planar, berre midlar. Vegstrekninga vart bygd stykkevis. Den siste biten kom på plass i 1993.

Den siste vegbiten på 13 km mellom Sagebø og Botnane var ferdig i 1993. Vegen er 4 m brei og bygd for ein fart på 60 km/t. Kostnaden var 22,8 mill. kroner. Landbyggets Utbyggingsfond betalte 1 275 mill. kroner, medan stat og fylke delte resten av summen.

Den siste vegbiten på 13 km mellom Sagebø og Botnane var ferdig i 1993. Vegen er 4 m brei og bygd for ein fart på 60 km/t. Kostnaden var 22,8 mill. kroner. Landbyggets Utbyggingsfond betalte 1 275 mill. kroner, medan stat og fylke delte resten av summen.

Eigar: Statens vegvesen Region vest

Datering: 1993

Fotograf: Olav Handeland

Berre "fredeleg og avstressande" ?
"Å bu i ein utkant med båt som einaste transportalternativet, kan for folk utanfrå verka både fredeleg og avstressande. Men kva dette verkeleg inneber på ein naken kyst i all slags vêr, skjønar berre dei som har kjent det på kroppen". Det skreiv Olav Handeland i 1993 i Vegstubben etter at siste vegstykket på strekninga Villevika-Midtgulen var opna. Å byggja veg til veglause strok, har ikkje alltid gått i den farten folk kunne ønskja.

Uheldige omstende
På 1980-talet vart det bygd veg på strekninga Villevika-Årebrotet-Sørbotnen. Frå Villevika var det samband til Florø med skyssbåt. Arbeidet på parsellen Årebrotet-Sørbotnen (12 km), vart sett bort til ein entreprenør som gjekk konkurs i januar 1987. Etter kontrakten skulle vegen vore ferdig i august 1986. Restarbeidet eigna seg dårleg som vinterarbeid, slik at anlegget vart ikkje sett i gang att før om våren. I juli 1987 var vegen ferdig.

Smal veg, men godt tenleg
Vegbyggjinga skapte optimisme og tru på framtida, sjølv om vegen vart bygd som eittfelts veg. Mange bufaste kunne no ta seg arbeid heimefrå. Mange gardsbruk var for små til å leva av. Håpet var sjølvsagt at dei skulle få vegutløysing til riksveg 614. Her låg fleire alternativ føre: Anten veg frå Årebrotet til Klauva ved Norddalsfjorden, eller skikkeleg ferjekai i Villevika. Det mest ønskjelege alternativet var å få veg mellom Nordbotnen til Sagebø (Bremanger kommune). Det ville gi vegutløysing for gardane der, og samband til riksvegen for alle heilt frå Villevika.

Siste vegstykket: Sagebø-Botnane
Det siste alternativet vart valt. I august 1992 byrja arbeidet med vegen Nordbotnen-Sagebø, eller Sagebø-Botnane som veganlegget heitte. For 23 mill. kroner fekk dei 13 km ny veg. Opninga skjedde 11. desember. Fylkesordføraren sa under opninga at det var ei overordna målsetjing at folk skulle kunne byggja og bu der dei høyrer heime og har røtene sine. I Botnane har dei bevist at veg er viktig for framtida. Før vegen var det 27 fastbuande. I 1993 hadde talet auka til 42.

Større fridom med veg
Heile vegsambandet frå Villevika til Myklebust, krysset ved riksveg 614 i Midtgulen, er til saman 44 km. I 1989 vart vegen mellom Myklebust og Breivik (37,4 km) omklassifisert til fylkesveg 577. Frå Breivik til Villevika (6 km) er det kommunalt vegsamband. Kva vegen heiter speler kanskje mindre rolle, for uansett kan folk som bur langs denne strekninga reisa med bil slik dei fleste andre i landet vårt kan. Før måtte dei nøya seg med båten.

At vegutløysing har alt å seia for at lokalsamfunn skal blomstra og folk skal trivast, vert ein stadig minna om ved vegopningar. I Knut Gulestøl sin prolog til vegopninga i 1993 seier han det mellom anna slik:

For meg er saksa og snora
Berre ein sermoni
Om ein ikkje kan knyte til orda
Og minna frå gamal tid (--)
På gulnande blad i mi minnebok
Står det skrive med barnehender
Om kvinna som gjekk med sin spøtakrok
Langs ulendte, verslitne strender,
der nytida no har meisla ein veg,
den vakraste framtidsåre.
Ein draum er blitt røyndom for deg og meg
og alle slektene våre.

Oversikt over vegutbyggjinga Myklebust-Villevika
Myklebust-Sørgulen: Ferdig 1969
Sagebø-Sørgulen: Eldre veg
Sagebø-Nordbotnen: 1992-1993
Nordbotnen-Sørbotnen: 1954-1968
Sørbotnen-Årebrotet: 1958-1987
Årebrot-Villevika: 1978-1981

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Handeland, Olav: Ny ferjekai på Kjelkenes. I Vegstubben, s 29-40, nr. 3-1986.
Handeland, Olav og Tvinnereim, Reidar: Årebrot-Botnane. I Vegstubben, s 18-19, nr. 3-1987.
Handeland, Olav: Veganlegget Sagebø-Botnane: Endå ein utkant har fått veg. I Vegstubben, s. 9-13, nr. 5-1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR