Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. april 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Om raset på Raudi i Lodalen 1885



Våren 1885 raserte eit steinras frå Kvithammaren gardstunet på Raudi. Ei kvinne omkom. Som ved eit under berga dei ni andre i huslyden livet. Dei skadelidne kom i stor naud. Soknepresten og lensmannen i Stryn oppmoda folk i Sogn og Fjordane og Bergen om hjelp.

<p>&rdquo;Der kom ned klippestykker dobbelt saa store som et almindeligt fj&oslash;s.&rdquo; Satelittfoto av kjempestore steinar i dyrka mark p&aring; Raudi. Var dette nokre av dei som rasa ut?</p>

”Der kom ned klippestykker dobbelt saa store som et almindeligt fjøs.” Satelittfoto av kjempestore steinar i dyrka mark på Raudi. Var dette nokre av dei som rasa ut?

Om raset i aviser

Fleire aviser melde om raset. Ikkje primært som nyhende, men som ”vedlegg” til oppmoding om å koma dei skadelidne til hjelp. Lensmannen og presten i Stryn skreiv ”Opfordring” og sende til avisene i Sogn og Fjordane og Bergen. Dei skildra kva som hadde hendt. Vi får opplysningar om kven ulukka hadde råka og den vanskelege stoda folket på den raserte garden var komne i, og så til slutt, ei inntrengjande oppmoding om å koma dei ”skadelidne til hjælp”. Fjordenes Blad hadde noko seinare litt meir frå ein ”Beretning” avisa hadde fått frå ein mann i Loen.

Om natta

Raset kom natt til måndag 2. mars 1885. ”Der kom ned klippestykker dobbelt saa store som et almindeligt fjøs”. Ein svær stein som låg ovanom husa, blei kløyvd i tre deler. Denne steinen hadde dei sett på som eit vern mot ras. Drønnet frå raset høyrdest i heile dalen og folk merka jordristing. Ein mann på garden Bødalen meinte å ha sett skreda. Det var måneskin.

Gardshus

Oppmodinga nemner fem bygningar: ”Laden” (løa), ”fjøset”, (eigen bygning), ”stuen” (bustadhuset, våningshuset), nystuen” (eit nyare våningshus) og ”nøstet” (naustet, ved Lovatnet). Det kan ha vore fleire mindre hus utan at dei er nemnde særskilt. I våningshuset høyrer vi om ”kåven” (kammeret”).

Steinraset gjekk beint på husa og så godt som alle blei fullstendig øydelagde. Berre våningshuset blei ståande på grunnmuren, dei andre blei sopte vekk. Det var ikkje råd for andre å sjå kvar dei hadde stått.

Folk

Vi får høyra at ein familie på 10 budde på garden. Simon Simonsen Raudi ("gaardbruger"), kona hans, ei kårkone (mor til Simon) og sju born. Det var natt. ”Befolkningen” låg og sov i to hus, åtte i ”stuen” og to i ”fjøset”.

Svære steinar rasa inn i ”kåven” der kårkona og fire born låg. Kårkona vart så hardt skadd at ho døydde to timar seinare. Ein gut på 8-9 år fekk lårbeinet brote to stader. I stova kom det fleire små steinar og ein stor som knuste beten (tjukk bjelke) i tre deler. Den eine fall ned i senga der mannen, kona og eit barn låg, utan at nokon av dei vart fysisk skadde.

Dei to jentene som låg i ”fjøset”, fekk mindre steinar og trestykke rett i senga, utan at dei vart fysisk skadde. Dei greidde å slita seg laus, fann ei lite hol under store steinblokker der dei greidde å krypa opp og ropa om hjelp. ”Hvor skjærende var det ikke for de stakkels forældre og især moderen at høre deres råb og børnenes jammerskrig”.

Husdyr og hjelperåder

Oppmodinga seier ikkje nøyaktig kor mange husdyr dei hadde på Raudi. Men vi får høyra kor mange og kva slag husdyr som vart drepne eller så hardt skadde at dei måtte avlivast: ”6 kjør , 14 sauer og 13 gjeder”.

I tillegg til skaden på folk, husdyr og bygningar, miste familien nesten alt dei åtte av lausøyre. ”Kun en mindre del af foderbeholdningen blev opsamlet, ligesom det kun var en ringe del af inventarium, madvarer og klæder, der blev reddet”.

”strebsom og ordentlig mand”

Gardbrukar Simon Simonsen Raudi kom i ein fortvila situasjon. Og ikkje nok med dette. Han hadde også tidlegare vore utsett for uhell, ikkje minst med tap av husdyr. Dessutan var han sjukleg og hadde eit fysisk handikap. Einaste måten han kunne bruka ein stuttorv på, var at stuttorven vart bunden fast til handa med reimar. På same måten måtte han ordna seg når han skulle ro. Simon på Raudi var ein ”strebsom og ordentlig mand” som alltid hadde prøvd å gjera rett og skjel for seg, men som likevel hadde måtta slita med ”næringssorger og gjæld.”
Oppmodinga sluttar med å be ”Amtsbladene og Bergensbladene” om å ta inn ”denne opfordring” og eventuelt ta i mot bidrag.

Vi ser det er viktig for dei to som går ut med oppmoding til storsamfunnet om å hjelpa, lensmannen og presten i Stryn, å få fram at det gjeld ein ”verdig” mottakar, ikkje ein arbeidssky latsabb som kan takka seg sjølv for nedsett arbeidsevne og økonomisk uføre.

Seinare

I denne artikkelen har vi berre brukt ei kjelde til kunnskap om raset på Raudi i 1885. Vi kunne søkt i andre kjelder etter meir om denne dramatiske hendinga i gardssoga og om korleis det gjekk etterpå. Var det råd å skaffa seg eit levebrød på garden etter raset? Bygde dei eventuelt husa sine oppatt på same staden? Korleis er det på Raudi no, i 2011? Her må vi la spørsmåla liggja, eller liggja på vent.

Offentleg innsamling
 

Ulukka på Raudi i 1885 råka hardt. Det var trong for hjelp langt ut over det slektningar, naboar og sambydingar makta. Soknepresten og lensmannen vende seg til ein vidare krins, Sogn og Fjordane fylke og Bergen. Ei slik form for hjelp var vanleg når store ulukker hende, då, i 1885, som tidlegare og seinare. Då Lodalen 20 år etter, om kvelden søndag 15. januar 1905, vart utsett for eit ras som kosta 59 menneske livet, gjekk det ut ei liknande ”opfordring”, denne gongen underskriven av fylkesmannen, ordføraren i Stryn, soknepresten, distriktslegen og lensmannen. Kongen sjølv, Oscar II, sende 5000 kroner.
 

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende. 19.03.1885