Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skip frå den spanske armada til Norevikane?



Mange i Ytre Sogn kjenner sogene om det spanske skipet som for lenge sidan skal ha drive inn til Norevikane i Høyanger kommune. Fleire av sjøfolka skal ha slege seg ned i grenda, og vart etter kvart ein del av bygdefolket. Mange reknar enno anene sine frå desse sjøfolka. Kanskje var det også kvinner med?

Sjøslag mellom skip frå England og Spanske Nederlandene.

Sjøslag mellom skip frå England og Spanske Nederlandene.

Datering: Maleri: H. C. Vroom (1566-1640).

Hertugen av Medina Sedonia mot admiral Francis Drake

Philip II av Spania hadde eit glødande hat til alle protestantar. Han rusta opp i årevis og tømde statskassa på det. I august/september 1588 låg armadaen hans og baska i den engelske kanal i full storm, medan admiral Drake sin flåte av små og raske skip skaut spanskeskipa i filler. Sjefen for armadaen, hertugen av Medina Sedonia, gav fort opp, og skipet hans var eit av dei fyrste som sigla nord om Skottland og kom seg heim att til Spania.

Kart over den spanske seilasen.

Kamp for å overleve

Mange av skipa hadde fleire skandinavar som kjentmenn og mannskap. Dei visste at danskekongen Fredrik II ville vera ven med båe partar i konflikten. Det var difor ingen fåre ved å søkja naudhamn i Danmark/Noreg, men søkte dei land i Skottland, Irland eller England, ville dei bli hengde i næraste tre. I alle fall stod minst seks skip nord-austover frå Orknøyane. Eitt kom til land på Moster der mannskapet vart berga. Dei andre veit me lite om, anna enn at dei siglde nordover langs kysten. På eit kart teikna året etter er det markert to skipsvrak utanfor Sogn og Fjordane. Dette er om lag alt me veit frå skriftlege kjelder.

Bilete av ein spansk galei frå 1580-talet.

Segner frå gamal tid

Jekteseglar Andreas Iversen, Vadheim, fødd 1869, fortalde:
- Det kom ei kvinne og to menn som vart verande i Rørvik. Dei hadde rømt frå eit spansk skip. For å få kvinna ut frå fangeholet, hadde dei måtta skjera av ho brysta. Ho døydde ei tid seinare.

Anna Ivarsdtr. Mjelleli, Vadheim, fødd 1856, fortalde:
- Det var ei kone ute i Mjellelia som var gift tre gonger. Siste mannen hennar var spanjol.
Solveig Råsberg, Aven, nemner spanjolar på Sørevik, Råsberg og Klevold.

Bernhard Vattekar, Stranda, fødd 1896, fortalde:
- For lenge sidan kom eit stort seglskip og la seg i Skjelevika på Norevikane. Folka slo seg ned på dei tre største gardane i grenda. Det var Mjelleli, Vattekar og Klevold. Etter dei ættar dei fleste i bygdene omkring, for heradet var mest aude den tida. Berre på Veimsgarden og Hovland budde der folk.

Ljoshåra folk på Hovland

Det kan vera noko i dette, for i min eigen barndom var alle på Stranda, Norevik, Rørvik og Ullebø så mørke at det gnistra av hår og skjegg. Augo var svarte eller brune, og når dei sola seg vart dei brune med ein gong. Men på Hovland var folk for det meste ljose med blåe augo, og raudleitte i huda.

Ingen sikre funn

På Råsberg var der ei eldgamal skipskiste. Einar Råsholm, som hadde butikk i Lavik, kjøpte kista på auksjon stutt tid inn på 1900-talet. Kor ho vart av etterpå er det ingen som veit no. Handelsmenn sel til dei som betalar best.

Sjøkart over sydlege Norge.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Artikkel i Sogn Dagblad 05.02.1994.
Ymse eldre folk i Høyanger kommune.
Torbjørn Ødegaard: Den spanske armada og Norge. Kystforlaget. Fredrikstad 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR