Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. februar 2003

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Hersvik kyrkje



Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Hersvik, i dei nordlege delane av Solund kommune. Kyrkja, som har 168 sitjeplassar, vart vigsla 10. november 1891 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Ho er bygt etter teikningane som arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga til Fedje kyrkje i Nordhordland. Hersvik kyrkje var fram til 1. januar 2000 soknekyrkje for Hersvik sokn i Solund prestegjeld. Men frå same dato vart dei tre sokna i prestegjeldet slått saman til eitt sokn.

Hersvik kyrkje, bygd 1891, same året som Hersvik sokn vart oppretta. Kyrkja står lunt til, på ei flate. Ho er orientert etter lendet og står nord-sør, med kor og alter mot sør.

Hersvik kyrkje, bygd 1891, same året som Hersvik sokn vart oppretta. Kyrkja står lunt til, på ei flate. Ho er orientert etter lendet og står nord-sør, med kor og alter mot sør.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2002.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Gudshus nord i Solund

Kyrkja nord i Solund ligg lunt til inne mellom berga på Hersvikvangen, like ovanfor sjøen og den gamle kyrkjebryggja. Frå bryggja går det ein gangveg opp til kyrkja, ein solid opptrakka sti, fotefara til folket som tidlegare levde rundt om på øyane. I dag er robåtane for lengst skifta ut med moderne båtar, og dei sjøfarande går helst i land i den moderne båthamna nord for kyrkja.

Langt tilbake i tida låg det eit kapell på Lågøy som folket i nordre delen av Solund truleg sokna til. Gudshuset skal vere nemnt saman med Utvær-kapellet i skrift frå 1280-talet, men kor lenge kapellet stod er uvisst. Seinare, gjennom fleire hundreår, var Vilnes i Askvoll og Øn i Hyllestad innarbeidde kyrkjestader, like til Hersvik kyrkje vart bygt.

Samla inn pengar til eiga kyrkje

Opptakten til Hersvik kyrkje var at Solund vart eige prestegjeld i 1887. Ein føresetnad i nyskipinga var at folket som var heimehøyrande i kommunen, skulle leggjast til prestegjeldet. Problemet var berre at kyrkja på Hardbakke ikkje hadde nok plassar etter lova. Dermed gjekk representantar for nordsulingane i gang med å planleggje eiga kyrkje i Hersvik. Både presten, kommunestyret og folket sjølve ser ut til å ha samarbeidd på beste vis.

I 1890 viser rekneskapane at det vart samla inn pengar til kyrkja, i tillegg til at kyrkjetomta vart utteken og grunnmuren sett opp ved pliktarbeid. Sjølve bygginga starta våren 1891. Då året var omme, viste det seg at utgiftene til materialar og løn til handverkarane kom på vel 8500 kroner. Dette var ein god del mindre enn rekna med, men likevel meir enn det soknet makta å betale. Saka løyste seg ved at einskildpersonar rundt om på øyane lånte ut pengar. Innsamlinga heldt fram og dei fleste ytte ein god skjerv. Husmenn og fiskarar gav på jamnen 10 og 15 kroner kvar. Dei som hadde gard og grunn og sat best i det, kunne gi heile 400 kroner.

Få endringar

Skipet er 10,4 m langt og 7,8 meter breitt. Koret er firkanta og måler 4,4 x 4,4 m, innvendige mål. Det vart bygt tønnekvelv i staden for flatt tak i kyrkjeskipet, og det fekk sokneprest Kvaale og byggjenemnda kraftig refs for av Kyrkjedepartementet. På teikninga var det flatt tak, og departementet meinte at arbeidet var gjort utan godkjenning. Tårnet står ikkje på sjølve hovudtaket, men er reist over våpenhuset.

Kyrkja vart bygt i all hovudsak slik ho er i dag. Endringane som har skjedd gjennom åra er ubetydelege. Få år etter at kyrkja stod ferdig, kom der lekkasje både i tårnet og på sørveggen. Løysinga vart å feste på jernplater. Opphavleg var der eit vindauge i austveggen i koret. Det vart fjerna på 1920-talet, av omsyn til altertavla som då kom på plass. Før den tida var det ein enkel kross som tente som altertavle. Samstundes fekk kyrkja innsett den smale rekkja med glas øvst på sideveggene i koret, etter krav frå kunstmålar Mons Breidvik. Med lys frå kvar side meinte han at altertavla kom best til sin rett.

Pyntelister

Når ein ser seg om i kyrkjerommet, får ein ei kjensle av at her har tida stått stille. Det einaste som er endra, er fargane. Taket i skipet er måla blått og er eit syn for seg. Det flate taket i koret er akkurat som då det var nytt, forma som ein regnbogerosett i alle dei fargane som høyrer med. Då kyrkja vart måla i 1953, fekk veggene ein lys, nesten kvit farge. Dei tidlegare brungule benkene vart måla grå. Søylene under galleriet fekk ein lysegrøn farge. Fargane før oppussinga gjekk hovudsakleg i fiolett, brunt og gult. Her som i Husøy kyrkje set dei mange utskorne pyntelistene sitt heilt spesielle preg på kyrkja. Det er nærliggjande å tru at kunstnaren er den same. Utskjeringane går att øvst på veggene, langs gallerifronten, på preikestolen og på store delar av interiøret elles.

Dei fyrste tiåra var Hersvik kyrkje utan vedfyring. Truleg vart det ikkje sett opp omn før nærare 1915. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel rundt 1930, eit handpumpa harmonium. Det gjorde nytten i nesten 40 år, til dagens orgel vart innkjøpt. Elektrisk lys og varmeomnar vart installert i 1962. Kyrkja er den einaste i Solund med elektrisk ringing, men så har ho også den smalaste og brattaste tårntrappa.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1920 er måla av Mons Breidvik. Biletet viser korleis Jesus redda Peter frå å drukne i stormen på Genesaretsjøen (Matt. 14,33). Peters naudrop "Herre frels meg!" står under tavla, som ei tyding og understreking.

På alteret står i alt fire lysetakar. To trearma stakar i nysølv, truleg frå 1981, og to stakar i sølv frå 1955. Nattverdsutstyret i nysølv er ein kalk og ein disk (udaterte), ei brødøskje og ei vinkanne (frå 1955), og ei vinkanne i svart fajanse med forgylt kross (udatert). Preikestolen og døypefonten er frå 1891. Dåpsfatet og dåpsmugga er begge i sølv og frå 1953.

Orgelet frå 1995 har 3 1/2 stemme, bygt av Orgelbouw Gerrit C. Klop, Nederland. Kyrkjeklokka frå 1891 er i stål, og har innskrifa "Geg. V. Bochumer-Verein" og "Hersvig Kirke 1891".

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Hersvik sokn og kyrkje 100 år - 10. No. 1991. Utgjeve av Hersvik sokneråd. Solund, 1991.