Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Perhustunet og Walhalla



Like ved Stryneelva ligg det ein gammal staseleg bygning som i dag vert kalla Walhalla. Det namnet skriv seg frå midten av 1800-talet. Huset stod ferdig i 1765. Det er bygt i barokkstil med høgt valmtak og med harmoniske, rolege liner. Bygningen gav plass til gjestgjeveri, tingstove og krambu. Her var det òg brennevinutsal. Huset er framleis i bruk som gjestgjeveri.

Tonning på slutten av 1800-talet. Brua over elva vart bygd i 1860, før den kom måtte folk skyssast over.

Tonning på slutten av 1800-talet. Brua over elva vart bygd i 1860, før den kom måtte folk skyssast over.

Eigar: I Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet.

Datering: 1860-1900.

Fotograf: K. Knudsen, Bergen.

Peder Tonning

Ved Strynøyra på garden Tonning har det vore handelstad frå gammalt. Tonning var i eldre tid eit senter for store deler av indre Nordfjord. Den første handelsstaden låg kring 100 meter oppe i leva. Det var djupare i elveløpet då, og dei tok jektene opp på flo sjø. Då var straumen liten. I 1654 tok Peder Tonning over handelsstaden. Han var den første av fem generasjonar og 175 år med handels- og gjestgjevarstad i Perhustunet. I fire av desse fem generasjonane heitte eigaren Per. Ein del av den eldste sjøbua skal vera frå den første Per'en si tid. Per fekk òg kjøpa noko meir enn berre handelsstaden. Han dreiv også sagbruk i Vikaelva. Per var ein rik mann og åtte partar i 22 gardar i Nordfjord. Mellom desse var fleire av dei beste skoggardane i Stryn og Markane.

Per den tredje

Per den andre dreiv handelsstaden og gjestgjeveriet frå 1685. Han opplevde at bøndene tok til å ordna meir handel sjølve. Dei lasta varer på eigne jekter og drog til Bergen og omsette varene sine. I Bergen kjøpte dei så inn varer dei trengde og tok med seg heim att. Dette skapte vanskar for Per den andre.
Per den tredje tok over verksemda i 1735. Han arbeidde opp att verksemda og i 1742 skreiv futen at Tonning "er et æld gammel priviligeret Handelssted og har været i brug i over 100 Aar, og uomgjengelig fornøden baade for Rejsende og Almuen saavel i Op - og Nedre-Stryens Sogner som i Stryens Skibrede". Det var Per den tredje som bygde huset som i dag truleg er den vakraste av dei gamle bygningane i Stryn sentrum.
Huset stod ferdig i 1765 og vart bygd i barokkstil med høgt valmtak og med harmoniske, rolege liner. Bygningen gav plass til gjestgjeveri, tingstove og krambu. Per hadde også einerett på skjenking av brennevin. Son til Per den tredje drog frå Tonning og slo seg i staden ned som handelsborgar på Vågsberget utanfor Måløy. Ola, som var ein yngre bror, tok difor over. Han hadde berre ein son som heitte Per. Han drog òg frå Tonning og kom til å busetja seg i Ålesund. Han selde eigedommen på Tonning ut or slekta.

Peter Lund Brandt

Ny eigar vart Peter Lund Brandt som var son av presten Brandt i Innvik. Brandt dreiv vidare med krambuhandel, gjestgjeveri, sal og utskjenking av brennevin. Han dreiv og sagbruket og gardsbruket. Brandt hadde eiga jekt med gaffelsegl, ikkje råsegl som var vanleg.
Brandt og kona hadde 10-12 tilsette på det meste for å kunna ta hand om drifta. Men i tida 1850-1860 var det fleire konkurrentar og tidene var dårlege. Brandt sette opp fleire hus på eigedommen mellom anna den såkalla "skulen" der dei kondisjonerte borna i Stryn fekk guvernanteundervisning. "Borstova", no kalla Fargarstova, vart òg sett opp av han. Brandt døydde i 1873 og økonomien var no dårleg. Pleiedottera Wilhelmine og mannen Olai Johan Tenden ville ikkje driva vidare på Tonning, men tok over den nyoppretta handelsstaden på Faleide der det var dampskipsekspedisjon.

Eigedommen vert delt

Kreditorane stod i kø etter Brandt. Gjennom fleire auksjonar vart mykje av lausøyre spreidd over heile Nordfjord. Då kona Lydia døydde i 1877, vart eigedommen delt mellom fleire. Hovudbygningen vart ført vidare som gjestgjevarstad av eigarane Ola Bø og Samuel Ytreeide. Namnet Walhalla skriv seg frå deira tid. Anna, dotter til Samuel, ho "Samel-Annje" dreiv gjestgjevarstaden vidare med makt og mynde fram til 1955. Etter henne dreiv brordottera, Oline Ytreeide. Ho vart kalla Olina på Walhalla. Ho dreiv til ho var over 90 år. I dag er det Sissel og Steinar Brekke som driv det gamle gjestgjeveriet. Etter siste krig vart Walhalla freda saman med "skulen" og den eldste sjøbua. Eksteriøret er mykje opphavleg og i god stand, men innvendig er mykje endra.

kjelder:

Manus til foredrag av Edvard Faleide Langeland, 1996.