Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Florø kyrkje



Florø kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i sentrum i Flora bykommune. Kyrkja, som har 650 sitjeplassar, vart vigsla 8. november 1882 av biskop Fredrik W. Hvoslef. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Florø kyrkje vart bygt 22 år etter at Florø vart ladestad. Ho overtok som soknekyrkje i Kinn sokn og er no hovudkyrkje i Kinn prestegjeld.

Florø kyrkje er ei stor, stilrein og enkel kyrkje, med eit høgreist skip. På kvar langvegg er det fem store vindauge med spisse gavlar.

Florø kyrkje er ei stor, stilrein og enkel kyrkje, med eit høgreist skip. På kvar langvegg er det fem store vindauge med spisse gavlar.

Eigar: NRK - Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Arild Nybø.

By utan kyrkje

Dei fyrste 22 åra etter opprettinga var Florø ladestad truleg den einaste byen i landet utan eiga kyrkje. Byfolket måtte ut på strevsame båtferder til gamlekyrkja på Kinn for å komme til messe. Naturleg nok var kyrkjesaka ein gjengangar i Florø bystyre etter 1860.

Alt i den fyrste byplanen var det sett av plass til kyrkje, men av fleire grunnar drog saka i langdrag: dårleg økonomi grunna sviktande sildefiske, usemje mellom Florø by og Kinn kommune om finansieringa, og intern krangel om plasseringa. Ei tid var det til og med snakk om å byggje ny kyrkje i Brandsøy, 7 km aust om byen, i staden for å byggje ny kyrkje både i Stavang og Florø.

Bygt nær prestegarden

Florø kyrkje vart bygd litt oppi bakken frå sjøen, ved enden av Kyrkjegata, på det som enno var ubygd land i 1882. Seinare vart Hans Blomgata bygd som ei parallellgate til Strandgata, og kyrkja vart då liggjande ved enden av denne gata, som er oppkalla etter den drivande presten og stortingsmannen, som kjempa for grunnlegging av ein by på Florelandet. Kyrkja vart bygd etter modell av Helgheim kyrkje i Jølster, og kosta 21 530 kr. Ein god del detaljar vart avgjort undervegs. Så seint som i juni 1882, få månader før kyrkja vart ferdig, avgjorde bystyret at tårnet skulle vere firkanta og ikkje rundt.

Ikkje berre kyrkjelyden, men også prestane var glade for at byen endeleg hadde fått eiga kyrkje. Heilt sidan 1500-talet hadde prestane klaga over vêret ved Kinn, og det var ikkje stort betre på Skorpa der prestegarden låg i tida 1560-1755. Ein framsynt prest tok då like godt og flytta prestegarden til Florelandet, 500 m aust for der kyrkja vart sett opp i 1882.

I byrjinga låg gravplassen på sør- og vestsida av kyrkja, men alt mot slutten av 1800-talet viste det seg at her var for lite plass, og ny gravplass vart lagt til Myrane, ein kilometer unna. Den gamle kyrkjegarden er i dag park med fontene og minnestein for krigsofra frå Flora kommune.

Kyrkjebygningen

Florø kyrkje er ei stor, stilrein og enkel kyrkje, med eit høgreist skip. På kvar langvegg er det fem store vindauge med spisse gavlar. Koret er femkanta med tre store glas. Alle glasa i kyrkja er blyinnfatta. Det er to sakristi, eitt for presten og eitt for dåpsborn. På det store galleriet fyller eit nytt orgel mykje av plassen. Kyrkja hadde også orgel til vigslinga i 1882, og dette var eit av dei fyrste orgla i Sunnfjord.

Fargane i kyrkja går i lys og mørk grått, nymåla i 1999. Då vart også benkene reparerte, og fekk puter. Bakerst i skipet er to benkerader tekne ut for å gi plass til skiftande utstillingar, og møtestad for kyrkjekaffi. Då kyrkja var ny, var det ikkje omnar i ho, dei kom på plass i 1887. Fyrst i 1965 fekk kyrkja elektrisk oppvarming.

Altertavla

Altertavla frå 1882 er ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin kjende Kristus-skulptur, plassert bak og oppå alteret. Kopiar av Thorvaldsen sin Kristus-skulptur er brukt som alterbilete i svært mange kyrkjer her i landet, også i Eikefjord og Gimmestad. Kopi i mindre målestokk vart også svært populært, og mange heimar har ei eller anna utgåve av denne Kristus-skulpturen.

Den danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen (1770-1844) hadde visstnok fyrst tenkt å framstille den sigrande Kristus med løfta hender, men valde å framstille Kristus som tek imot tollarar og syndarar. Hendene si opne og inkluderande form er vesentleg.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1882, ei brødøskje og ei vinkanne. Frederik IIs Bibel frå 1588 er gitt av Andreas og Lovise Hjertenes.
Preikestolen og døypefonten er frå 1882. Dåpsfatet er frå 1882 og dåpsmugga frå 1960. Votivskipet frå 1997, er laga av Ragnar Kristiansen.

Orgelet er frå 1982 og har 30 stemmer, og i tillegg er her eit orgelpositiv frå 1979 med fem stemmer, begge bygt av Jehmlich.
Her er to kyrkjeklokker, begge frå 1882, laga i Bochum i Tyskland. Den eine med innskrifta "Gloria Dei" og den andre "Kinn kirke 1882".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Florø kyrkje 1882 - 100 år - 1982. Kinn sokneråd. Bergen, 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR