Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hovudplagg og pynt for brur i Sogn



Opp gjennom hundreåra har hovudpynten meir enn klea synt kven som var brur. Ho var "dronning for ein dag". Medan klea skifte med motane, bar brura hovudpynt og det som eventuelt høyrde med, anten det var krans og slør, eller krune og sølv. Det var ekstra stas å vera krunebrur. Jomfru Maria var føredømet.

Brurekrune i gylt sølv. "Strandebarm-type"

Brurekrune i gylt sølv. "Strandebarm-type"

Eigar: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Tordis Gjevre.

Krune

Mange bygder i Sogn hadde, og har framleis, ei eller fleire hovudbunader for brur, for det meste brurekruner i gylt sølv. Nokre kruner har sølv som høyrer i lag med, så som underbinding, stølebelte med fangband, bringetekkje og Agnus Dei (tyder Guds Lam og er er ein dalar eller dåse med tredelt påheng av lauv og/eller myntar, som heng i kjede rundt halsen).

Strandebarm-kruna

Mange kruner er i privat eige, nokre er på museum. I Sogn, som på Vestlandet elles, er det Bergenssølv det er mest av. Slik også med brurekrunene. Dei fleste kjende er laga av gullsmedar i Bergen, så som Ravn og Hammer.

Ei relativt stor gruppe er dei som vert rekna som "Strandebarm-krunene". Desse krunene er oppbygd av sju ledd, bundne saman med ein mannsfigur. Kvart ledd har tradisjonelle stilelement som løver, hanar, innfelt kulørt glasstein, Christian 7. sitt monogram og kongekrune på toppen. Frå desse ledda heng lauv som varierer i type og størrelse. Det kan vera store skållauv eller bladforma,kreppalauv. Silkeband i varierande mengd, lengd og breidd, men i gilde fargar, er festa til kruna bak og heng ned over utslege hår og rygg. Det lange håret fløymde fritt under kruna på bryllaupsdagen.

Underbinding er eit rektangulert stykke tøy, pryda med støler eller anna stas, og med kvit, pipeforma knipling/blonde i underkant. Kruna skulle ikkje koma i direkte kontakt med issen. Dette blir knytt om hovudet som feste for kruna. Underbinding eller undegjerd som det og blir kalla, har form som den før omtala jentebora. Det kan sjå ut som om jentebora har levd vidare som underbinding for brurekruna.

Halvmåneforma type

Ein annan type registrert brurepynt frå Årdal og Lærdal har form som ein halvmåne, vattert og pryda på båe sider med stoffblomar, silkesløyfer og blad, samt metallpynt av ulikt slag. Som på sølvkruna, heng lange, fleirfarga silkeband ned i nakken.

Krans, myrt og slør

Minst like mykje, om ikkje meir brukt enn kruna, er kransen, bunden av blomster og blad, og det kvite lette sløret som var festa til den. Sløret kunne vera eit kostesamt arvestykke, brodert eller med knipling.

Tyllslør var rimelegare og meir for dei fleste. Å bruka slør og greiner av planten myrt i brurekransen, er nemnt tidleg på 1800-talet har vore vanleg også heile 1900-talet. I mest alle heimar stod myrt-planta som vart hegna om og som det knytte seg forventning til. Med sine eviggrøne blad og yndige kvite små blomster, vart den klypt for å pynta brur ved å laga krans til å ha om hovudet, eller også ved å stikka små greiner inn i sløret og i bringa på kjolen. I mangel av levande blomster, var kransar av stoffblomar, blad, silkesløyfer og perler nytta. Bak hang eit tredelt silkeband nedover ryggen (nakkeband).

Det er registrert ein brurekrans frå Luster, laga av kunstige blomar og blad. Det er sagt at den vart brukt av enkjer og ugifte mødre.

kjelder:

Noss, Aagot: Johannes Flintoes draktakvarellar. 1970.
Noss, Aagot: Joachim Frichs draktakvarellar. 1973.
Noss, Aagot: Statuane i Normandsdalen. 1977
Noss, Aagot: Lad og Krone. 1991.
Noss, Aagot: Krone og Skaut.1996.
Noss, Aagot: Folkedraktene i Sogn og Fjordane. Særtrykk av Bygd og By i Norge 1980.
Grieg, Sigurd: Strandebarmkronene. I By og Bygd. XIV 1960.
Anna Knutsen: Bunaden. I Norske bygder. Bind IV, Sogn.
Lange, Åse Asheim: Kvinnebunaden i Brekke. Magisteravhandling 1974.
Kjellberg, Anne: Brudekjolen.1991. Rapport frå Nordisk hovudbunadseminar på Valdres Folkehøgskule 1989.
Rapport frå hovudbunadseminar på Valdres Folkehøgskule 1992.
Brita Myren, Instefjord, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR