Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Mardalsstøylen



Mardalsstøylen (sommarstøl) ligg ca. 630 m o.h. oppe i Jardalen på vestsida av Jardøla. Gardane Mardal (gnr. 3) og Elvebakken (gnr. 4) nytta denne stølen. I nedslagsfeltet til elva Jardøla er det mykje snødekt høgfjell slik at sommarvassføringa alltid er stor. Stølen ligg ope til med fin stølsvoll eit stykke frå elva. Fjøsane ligg på rekke øvst på tidlegare slåtteteigar. Sel (og hytter) meir spreidd på felles grunn. Alle er sett bra i stand.

Mardalstølen sett frå Søreidestølen.

Mardalstølen sett frå Søreidestølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tidlegare gjekk det om lag 1 time å gå råsa opp til Vetlestølen (vårstøl) og vidare ca 1 time opp til Mardalstølen. I dag er det ca 4 km skogsbilveg + 1,5 km rås, delvis hellelagd og med kvile. Jardalen, og fjellområda som kransar dalen, er mykje brukt til friluftsliv både sommar og vinter. Ein av stiane går gjennom stølen til Svartekari og Tverrfjellet.

Bruk av stølen

Tal på mjølkekyr er vurdert til vel 60, då stølen var i full bruk. I tillegg kalvar og ungdyr som til vanleg gjekk meir fritt og ikkje hadde fjøsplass. Flyttedagen til Vetlestøylen (vårstølen) var omkring jonsok-tider. Der var dei nokre veker før dei flytta vidare til Mardalsstøylen. Ut i september flytta dei ned at til vårstølen der dei skulle vere til siste laurdag før Mikkjelsmess (29. september). På begge stølane var det slåttekvier som vart slått etter at heimeslåtten var avslutta. Kor mykje vinterfor utanom stølane som vart hausta tidlegare, er ikkje kjent.

Stølen har ikkje alltid lege der den er no. "Stadnamn i Mardal krins (III)" utgjeve 1979, har med utdrag av ei rettssak mellom Søreide og Mardal frå 1736:

"-Likeledes har og Søreids Mend derimot, ogsaa till denne tid haft deris Sæterstøl og fægang uden for elven og du på Mardahls Leyeboel, hvilcket de på Mardahl vill nu icke heller taale af dennem lenger, men enhver af parterne formeente og paastoede at nyde deris Rett og have deris Eiendom fri og ubeskaaret for deris Grander, og det alt efter Loven og Rettens billige forefindende."

Resultatet av rettssaken vart at elva skulle vere grensa mellom desse gardane og at "Søreids Mendene - at bortfløtte deris Støel og Sæterhuse fra Mardahls Grund." Om den omtalte "Støel" har lege i området for sommarstølane, veit vi ikkje. Truleg var det heller nede ved vårstølane.

Nokre fakta

Mardal, gard nr. 3, Gloppen prestegjeld, hadde 8 bruk i 1890. I alt 76 personar budde på garden i 1900. Elvebakken, gard nr. 4, hadde i 1890 eitt bruk, med 13 personar i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 25, 36. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR