Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Garden Naddvik



I Vikadalen i Årdal er det spor etter menneske heilt attende til steinalder, men det er fyrst tidligast i bronsealder, og i alle fall i jarnalderen at ein ser for seg at spora har samband med folk som har budd på gardane i dalen.

Flyfoto av Vikadalen, tatt i samband med vassdragsutbyggingar, 1984.

Flyfoto av Vikadalen, tatt i samband med vassdragsutbyggingar, 1984.

Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Datering: 1983-1984.

Fotograf: Ukjend.

Namn

Vi veit ikkje sikkert kor namnet Naddvik kjem frå. Ein teori er at Nadd - står for spiss eller odde, og at garden har namn etter ein odde i elva som i dag er grensa mellom Naddvik og Hovland. Ei seinare tolking er at fyrstelekken kjem frå eit gamalnorsk ord (nadr) som tyder ein roleg stad, der det er godt å vere.

Uansett opphavleg tyding kan gardsnamna fortelje oss noko om forhistoria til gardane i Vikadalen. Gardar med namn som har endinga - land er i regelen utskilde frå større gardar, og det tyder at det opphavleg truleg var berre ein, stor gard i Viki. Det at Naddvik og Hovland alltid har hatt sams stølsveg støtter denne tanken.

Ein tenkjer seg at denne storgarden hadde tunet og den beste jorda si på Bø. Namnet Bø tyder gard eller bustadhus. Det har ikkje lege bustadhus på den plassen så langt tilbake nokon kan hugse. Dette jordstykket ligg dessutan under Naddvik - og har "alltid" gjort det - sjølv om det ligg på Hovland-sida av elva. Stykket må ha blitt halde igjen då utskiljinga vart gjort, noko som i seg sjølv tyder på at Bø var spesielt viktig.

Kulturminne

På Naddvik-sida av elva har det tidlegare lege to gravrøyser. Det låg ei lita røys litt nedanfor tunet, som det ikkje er gjort funn i. Den andre haugen vert kalla Rundehaugen og var om lag 25 meter i tverrmål. Denne låg om lag 60 meter frå sjøen. Her skal det ha vorte funne ei kiste av heller, med eit sverd, ei øks og nokre andre jarnting.

Når vi vil finne ut kor gamal ein slik grav kan vere, kan vi til dømes sjå på typen av gravkiste og kva saker som har vore lagt ned. Gravlegging i slike hellekister var ikkje særlig vanleg i yngre jarnalder (ca. 560 -70 e. Kr. - ca 1000 e. Kr.), slik at det er grunn til å tru at grava må vere eldre enn dette. Samstundes finn ein sjeldan økser som gravgåver før siste halvdel av perioden som blir kalla folkevandringstid, og som strakk seg frå om lag 400 - 560-70 e. Kr. Truleg døydde mannen som vart gravlagd i Rundehaugen mot slutten av denne perioden. Diverre er sakene frå Rundehaugen gått tapt, og det er difor ekstra viktig å hugse på at slike dateringar ikkje kan verte heilt sikre.

Likevel er det verdt å merka seg at dei to røysene skal ha vore plasserte langs grenseelva mellom Naddvik og Hovland, noko som neppe er tilfeldig. Arkeologane er vane med å finne gravminne som markerar grenser og overgangssoner, og dersom røysene verkeleg markerer grensa mellom dei to gardane i Vikadalen, må det vere slik at gardane alt var skilde frå kvarandre då røysene vart bygde. Dersom dateringa av Rundehaugen til folkevandringstida stemmer, kan det tyde at det har vore to gardar i Viki i minst 1400 år.

På ein terrasse som har vore brukt som vårstøl i historisk tid ligg dessutan nokre tufter som kan vere frå eldre tid. Då tuftene vart undersøkt av arkeologar oppdaga dei at dei låg oppå ein buplass frå bronsealderen (ca. 1800-2500 f. kr).

Funna frå bronsealderen var sett saman av avfall etter produksjon av steinreiskap, samt trekol. Vi veit ikkje mykje meir om denne buplassen, og kan ikkje sikkert sette denne plassen i samanheng med gardsdrifta på Naddvik. Likevel kan vi sjå for oss at denne høgtliggande buplassen kan vere dei eldste spora av gardsdrift i Viki. Bronsealdergardane låg ofte høgt i terrenget, og teoretisk er det ikkje umogleg at dette er det eldste gardstunet i Viki.

Skriftkjelder

Naddvik finst i dei skriftlege kjeldene heilt attende til 1300-talet. Skriftkjeldene vi har frå mellomalderen er i stor grad økonomiske dokument slik som skattelister, rekneskaper, brev og skøyte som dokumenterer eigedomstilhøve, overdragingar av land og rettighetar, inntekter og utgifter. I desse kjeldene finn vi opplysningar om kven som åtte garden, kva gardbrukarane måtte ut med i skatt, tiende, leidang og andre avgifter, og kor stor jordleige eller landskuld leiglendingane måtte ut med til jordeigarane.

Velståande gard

Det eldste skriftdokumentet som nemner Nadvik vert kalla for Bergens Kalvskinn og er ei liste over kva gods dei viktigaste kyrkjelege institusjonane på Vestlandet åtte og hadde inntekter av. Dette dokumentet skal ha vore utarbeidd i 1330-åra, og fortel oss at på 1300-talet skulle dei som budde på Naddvik betale leige både til kyrkja og til presten i Årdal. Sidan kan vi følgja garden frå 1522 og frametter. Brukarane skifta mykje på starten av 1600-talet, men rundt 1626 kom det ein Botolf til Naddvik, og han blei verande. Botolf var framleis brukar på Naddvik då skattematrikkelen frå 1647 vart utarbeidd. Her går det fram at Botolf skulda 3,5 laupar smør, 2 mælar korn og 2 hudar i landskuld. På denne tida var garden delt mellom kongen, Lærdal prestebol, kyrkja i Årdal og Ola Sørheim som var bonde og lensmann i Luster.

Reknar ein om heile landskulda til det ho var verdt i smør, ser ein at Botolf skulle ut med 4,6 laupar smør, noko som er nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittet i Årdal skipreide. Landskulda vert nytta som eit mål på ein gard sin økonomiske status på denne tida, og Naddvik må soleis ha vore ein relativt velståande gard i Årdal på 1600-talet.

Gjorde seg nytte av utmarka

Arkeologane reknar i dag med at bøndene i jarnalderen nytta utmarka meir enn det vi kjenner frå nyare tid, både for å skaffa varer til eige bruk, og til å skipa vidare ut av bygda. Ein reknar med at i folkevandringstida deltok dei ulike lokalsamfunna i større regionale nettverk, og varer frå utkantane vart kanalisert inn mot maktsentera. På Naddvik kan vi likevel ikkje dokumentera konkrete spor etter slik verksemd. Det vi derimot kan sjå i Vikadalen er ein god del spor etter haustinga av utmarksressursane. Mykje av dalen vart arkeologisk registrert i samband med utbygginga i Nyset-Steggjevassdraga på 1980-talet.

Fleire stølar

I Vikadalen er det funne store hustufter med kraftige veggvollar av stein og torv og jord. Eldst er nokre tufter frå Kalvebeitet (ei tuft er radiologisk datert til 260-560 e.Kr.) og Hellingbøen (ei tuft er radiologisk datert til 230-420 e.Kr, medan tre tufter har dateringar frå perioden 680 e.kr til nyare tid), mens tufter som er litt yngre er funne på Vikastølen ved Riskallsvatnet og ved Urutlekråi. Frå desse lokalitetane har tuftene gjeve radiologiske dateringar frå slutten av eldre jarnalder (ca. 500 f. Kr. - ca 560-70 e.Kr.) og inn i mellomalderen. Byggemåten og funn frå tuftene fortel oss at dette har vore bygningar som var meint å stå ei tid, og det er mogleg at desse lokalitetane var brukt som sommarstølar heilt attende til 200-talet e.Kr. Vegetasjonshistoriske undersøkingar ved Vikastølen viser eit aukande innslag av beiteplanter frå slutten av eldre jernalder. Dette tyder på at ein har nytta området meir intensivt frå denne tida.

Vi kan ikkje vite sikkert at tuftene i Vikadalen kan knytast til garden og seinare gardane i Viki. Likevel er det vanskeleg å tenkje seg at denne store garden ikkje skulla ha nytta ressursane i fjellet. Vidare har Vikastølen vore ein av stølane til Naddvik i nyare tid, medan Urutlekråi har vore brukt av Hovland-garden. Ein kan tenkje seg at i alle fall desse to stølane har vore brukt av gardsfolket óg i forhistoria.

Den felles støls- og ferdslevegen som går til fjells frå Naddvik og Hovland har nok lege der heilt sidan garden var samla, og er eit konkret spor etter trafikken mellom fjellet og garden ved fjorden, i tillegg til at den må ha vore brukt til ferdsle over til Lærdal og eventuelt vidare mot Valdres. Truleg har ein del av varene som har vore henta ned vore skipa ut langs fjorden.

Andre utmarksressursar - jakt og fiske

I områda omkring Vikadalen er det óg mange spor etter nytting av viltet, og nok særleg villreinen, i fjella. Dyregroper - store, steinmura groper nytta som feller for vilt som rein og hjort, er funne på sju ulike lokalitetar i Vikadalen. På nokre lokalitetar er det og funne steingjerde som har vore brukt til å leia dyra mot gropene. Utover dette har folka på Naddvik utan tvil nytta moglegheitene fjellet gav for fisking, jakt på mindre vilt som til dømes fuglar. Lenger nede i landskapet har ein drive med slåtting og styving til fôr og ein har teke tømmer frå skogen.

I Vikadalen er det spor etter menneske heilt attende til steinalder, men det er fyrst tidligast i bronsealder, og i alle fall i jarnalderen at ein ser for seg at spora har samband med folk som har budd på gardane i dalen. Sjølv om folk på denne tida blei meir bufaste og slo seg ned i Viki, slutta ikkje utmarksressursane å vere avgjerande i kvardagslivet til folket på Naddvik gjennom førhistoria.

kjelder:

Bjørkum, Andreas: Soga Om Viki Og Vikadalen : Garden, Grendi, Ætti. [Hvalstad]: [A. Bjørkum], 2004.
Fasteland, Arthur. Årdal Kommune, 1983.
Fett, Per: Årdal Prestegjeld, 1952.
Laberg, Jon, and Haakon Shetelig: Årdal I Sogn : Bygd Og Ætter. [2. utg.] ed. [Årdal]: Årdal sogelag, 1994.
Norsk lokalhistorisk institutt: Skattematrikkelen 1647. 2. utg. ed. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt, 1992.
Rygh, O., and Dokumentasjonsprosjektet. Norske Gaardnavne.
Elektronisk Ressurs. Oslo: Dokumentasjonsprosjektet, 1999.
Solberg, Bergljot: Jernalderen I Norge: Ca. 500 f.Kr.-1030 e.Kr. Oslo: Cappelen Akademisk, 2000.
Årdal sogelag: Bygdebok for Årdal. Edited by Søren Ve. [Årdalstangen]: Sogelaget, 1971.

PERMANENT IDENTIFIKATOR