Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

På leit etter kunnskap om ei gardssag



Den fråflytte garden Rud i Leikanger ligg ein halv times gange opp frå ferjestaden på Hella. Det vart aldri bygd veg for traktor og bil til Rud. Dei måtte greia seg med den gamle gang- og sledevegen. Gardslandskapet på Rud er interessant. Her er mykje å leggja merke til: den gamle gardsvegen, rydningsrøyser, steingardar og gjerde, grindar, styvde tre, gamle fruktre, mange bygningar og mangt anna.

Tunet på Rud 2006. Nokre hus er dotne ned eller nedrivne, andre vedlikehaldne og i god stand. Gardsvegen kjem opp nedanom den store grunnmuren der fjøsen stod.

Tunet på Rud 2006. Nokre hus er dotne ned eller nedrivne, andre vedlikehaldne og i god stand. Gardsvegen kjem opp nedanom den store grunnmuren der fjøsen stod.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Opp til gardstunet

Det siste stykket opp til gardstunet går over ei steinklopp. Vegen deler seg ved fjøsbygningen. Ein veg går nedunder fjøsen bort til hovudhuset, den andre går opp mellom fjøsen og ei sag. Her kjem det ned ein bekk der det renn bra med vatn om våren i snøsmeltinga og når det er mykje nedbør. Elles er det berre ein liten sildrebekk ned i ei hole dei har laga til for å kunna henta vatn.

Jernspiral - og fleire spørsmål

I bakken nett ovanom saga ligg det noko merkeleg, - ein rusta jernspiral oppover så langt auga rekk, ser ut som ein kjempstor orm. Inni spiralen ligg halvt opprotna trevyrke. Kva i all verda er dette for noko? Den som kjenner til at dei før i tida brukte trerøyr omvunne med tjukk jerntråd, vil koma på svaret. Det må vera restane av ei røyrgate. Det melder seg straks fleire spørsmål: Kvifor var det i si tid ei røyrgate her? Kvar kom vatnet frå? Kva tid vart røyrgata bygd? Kor lenge var ho i bruk?

Oppover

Me følgjer røyrgata oppover, ein kveld i slutten av mai. Graset er ikkje vokse ut enno slik at det er lett å følgja restane etter røyra. Ein stad kjem det til syne eit jernbeslag og enden av eit røyr. Det er ein skøyt. To røyr har vore festa til kvarandre med eit jernbeslag, ei muffe. Me går vidare og er spente på kvar røyrgata sluttar eller byrjar, - må vere ved ei oppdemning, ein dam, fordi det til vanleg er lita vassføring i den vesle bekken ned til gardstunet. Og det stemmer. Etter vel hundre meter oppe i velvaksen bjørkeskog, kjem me til ei oppbygd demning med opning for røyrgata. Nett no er det turt og nesten heilt fritt for vatn.

Vasskraft - til kva?

Hm, me tenkjer: Folka på Rud må ha bygd dette vassrøyr-anlegget for å gjera seg nytte av vasskrafta. Det er lett å skjøna, men til kva? Til ei kvern? Ei sag? Ein slipestein? Det ligg nærast å tippa på sag, etter som røyrgata går ned mot saga. Me må nedatt, og sjå etter.

Eit godt hjelpemiddel

Det er mange hus på Rud, over 10, og før var det endå fleire. Nokre er neddotne eller nedrivne. Det må ha gått med mykje plankar og bord til å byggja alle husa og halda dei vedlike. Her er rikeleg med skog; - stor fure oppe i marka, og elles bjørk, ask og osp. Garden ligg langt frå sjøen. Det ville vore eit svært slit å frakta tømmeret ned til sjøen, og derifrå vidare til ei sag einkvan staden, og så å transportera ferdig skoren material opp att. Trematerialane dei brukte på Rud har nok alltid vore skoren og stelt til på garden. Ei vassdriven sag må ha vore eit svært godt hjelpemiddel i kvardagen, -

Nedatt - for å sjå inn på saga

- tenkjer me, på veg nedatt, for å finna ut meir om den andre enden på røyrgata. Det er tre opningar i den eine langveggen på saga. Me ser sagbenk, sagblad, hjul og reimar, og ein stor, elektrisk motor. Det er ei elektrisk driven sag dette. Ja vel, men kva med tida før det kom straum til Rud (1952) og dei andre gardane her omkring? Mon tru om ikkje saga er av eldre dato enn elektrisiteten, og at saga då var driven med vasskraft frå oppdemninga oppe i skogkanten?

Og sjå der, på jordgolvet, tett innmed veggen, ligg ein stubbe av same røyr som restane ute, berre med den skilnaden at trematerialen har halde seg betre her, under tak, enn ute. Det kan ikkje vera tvil. Saga må ha vore driven av vasskraft på garden før straumen kom. Men lenger kjem me ikkje ved "studier i marka". Me må gå andre stader med spørsmåla som står att; - kva tid var vassrøyra i bruk, korleis var tilgangen på vatn, og meir.

Folk som kan vita noko

Sidan det ikkje lenger er nokon me kan spørja på garden, ringde me pensjonisten Ola A Vestrheim. Han har budd i Eitornbyga all sin dag. - Jau, dei hadde ei sag oppe på Rud som var driven med vasskraft og turbin. Og han lurer på om ikkje turbinen kom frå Hyllestad, frå Løland i Leirvik. Han fortel at dei òg hadde ei slik sag, med trerøyr omvunne med jerntråd. Han trur røyra var laga oppe i Trøndelag ein stad. - Men spør han Håkon, seier Vestrheim, eller ein av brørne hans. Dei veit nok alt dette. Håkon bur i Børsa i Trøndelag. Eg skal finna telefonnummeret hans og ringja deg oppatt.

Sag på nabogarden

- Turbin frå Hyllestad, frå Løland, sa Vestrheim. Løland var verkstaden som i 2008 er Havyard Leirvik AS, skipsverftet som Finn B. Førsund skreiv bok om i 1993. Han brukte gamle papir og protokollar, som han etterpå avleverte til oppbevaring i Fylkesarkivet.

Det er ein stad å gå på leiting etter opplysningar om gardssaga på Rud, i boka til Førsund og i arkivet etter Løland-verkstaden. Og rett nok, i boka står svart på kvitt at Løland verkstad laga vassturbinar i nokre år kring 1930, og at verkstaden leverte den første til "Hermund Tenningen" i Balestrand, saman med "saginnreidning"!

Deretter ser me etter i arkivet. Dei eldste protokollane er temmeleg svarte på permane. Skorsteinsfeiarar og verkstadarbeidarar går ikkje rundt med nyvaska hender når dei er på arbeid. Ein av protokollane omfattar åra 1926-1930. Det er ein kundeprotokoll, med register. Me finn ingen med namnet Rud i denne boka, men "Hermund Tenningen, Balestrand" står innført, på s. 122:

"1928 (..) Turbin og saginnreidning (..) sagbladarbeid og frakt (..) Istøpt turbinlager" Alt saman kosta kr. 1349,96.

Opplysningane ovanfor er interessant på to måtar. For det første får me slege fast at Løland-verkstaden i Leirvik laga vasstrubinar og "saginnreidningar". Og for det andre får me vita at Løland leverte turbin og sag til Hermund Tenningen. Han budde på nabogarden til Rud. Det ligg nær å tenkja seg at når bonden på Rud såg Løland-saga på Tenningen, kom han til at dette hjelpemidlet måtte vera noko for han òg. Me leitte meir i Løland-arkivet, men fann ingen leveranse til Rud.

Håkon Rud fortel

Så ringde me Håkon Rud i Børsa. Han er fødd i 1933 og flytte til Trøndelag. Håkon voks opp på Rud, hugsar godt og er god til å fortelja. - Jau då, dei hadde vassdriven sag på Rud. Først hadde dei ei som var driven med overvasshjul, deretter ei som var driven med turbin og vatn i trerøyr med jernsurring. Han er ikkje heilt sikker på årstalet dei fekk turbinsaga, men trur det må ha vore rundt 1935. Han veit ikkje kvar dei fekk saga frå.

Håkon fortel at dei tok fram tømmer og skar materialer til eige bruk, og utanom leverte dei plankar og bord til andre. Og så skar dei mykje material til fruktkassar, 20 kilos og 30 kilos. Dei frakta materialen ned til sjøen, spikra kassane i naustet og leverte rundt om kring. Det gjekk med mykje fruktkassar på den tida.

Dei skar alltid om våren. I snøsmeltinga var det god tilgang på vatn. Men det var likevel ikkje nok vatn i den vesle bekken. Lenger oppe i utmarka hadde dei laga seg til vassveiter som leidde vatnet ned til inntaksdammen. Stadene der dei leidde vatnet bort frå sitt naturlege løp kalla dei vasstak. Dei hadde to slike vasstak og dei kunstige vassfara leidde vatnet nedover mot dammen som i ein V. Det er enno spor etter dei gamle vassveitene.

kjelder:

Førsund, Finn B: Skipsverftet ved Sognefjorden. 1993
Materielle spor på Rud.
Munnlege opplysningar frå:
Håkon Rud, Børsa.
Ola Vestrheim, Leikanger.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-930?? Løland Verft.