Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Arnestadstøylen



Arnestadstøylen (sommarstøl) ligg ca. 385 m o.h., og er støl for gnr. 7, Arnestad indre, og gnr. 8, Arnestad ytre. Stølsdrifta vart avslutta i 1950-60 åra. Stølen ligg i Langedalen nær midten av Langedalsvatnet. Begge sidene av vatnet vart brukt til beite og slått. Stølen ligg fint til på ein graskledd stølsvoll ved vatnet. Husa, 8 sel og 5 fjøsar, er velstelte og stort sett plassert i rekker med endegavlen mot vatnet.

Arnestadstølen ved Langevatnet.

Arnestadstølen ved Langevatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsvegen gjekk via Gimmestad og Moane til Osen, ytre enden av Langedalsvatnet. Herfrå bruka dei båt eller gjekk råsa vidare til stølen. Dei hadde to "sameignebåtar", tausebåten og tulebåten (Tulen var gjætarguten). Tidlegare gjekk det truleg om lag 1 time å gå til støls. I dag er det bygdeveg eit stykke og skogsbilveg vidare opp til Osen (bomveg). Mange friluftsfolk brukar denne vegen. Dei kan og ta ein annan bomveg om Veslevatnet til Fitje vårstøl med rås over ytste skaret til Arnestadstøylen.

Bruk av stølen

Det var sagt at budeiene arbeidde og låg i selet, men tylen (gjætarguten) måtte finne seg sengeplass på fjøslemmen. Stølstida var truleg frå jonsok til midt i september. Arnestad skal og ein gong hatt vårstøl på Arnestadnakken. Restane av ei hytte stod der fram mot krigen. Frå Kommuneboka III side 63 sakser vi at beitet var på begge sider av vatnet. Dette var likevel inga hindring i å utnytte beitet på ein fullgod måte. Kyrne symde greitt over. Likevel var det gjerne slik at kyrne først og fremst nytta godversdagar til beitedagar "bortafor" vatnet. Kyrne var flinke til å registrere når det var uver i vente.

På den andre sida av vatnet var ei innhegna kvie der kvar hadde si lade til å ha høyet i. Høyet på stølssida av vatnet hadde dei inn på fjøslemmen. Når isen vart sterk nok, køyrde dei høyet heim på slede. Bortafor vatnet var det frå gamalt av ei inngjerda sauekvie med overnattingshus for 2 gjætarar. Om dagen var sauene i Ångsdalen, ein god beitedal som ligg ca 400-500 m høgare. På grunn av rovdyrfare vart sauene drivne ned på kvia om natta der gjætarane passa på. No set stølseigarane denne kvia i stand att med "vandegard" (risgard) og har planar om også å sette opp gjætarhytta.

Nokre fakta

Arnestad indre, gnr. 7, hadde 3 bruk i 1890, medan Arnestad ytre, gnr 8, hadde 5 bruk. På dei to gardane budde det 48 personar i 1865.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 61. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR