Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Randastølen



På Randastølen beitte det kring 1950 heile 15 buskapar med eigne bjøllekyr. I eldre tid nytta fleire av brukarane stølar andre stader i Randamarka. Truleg forlet dei desse ein gong på 1700-talet, og alle samla seg på Randastølen.

Randastølen er ein av dei største stølane i Stryn kommune. Her rår søndagsro over setertunet ein gong på 1960-talet.

Randastølen er ein av dei største stølane i Stryn kommune. Her rår søndagsro over setertunet ein gong på 1960-talet.

Eigar: I Årbok for Nordfjord 1969.

Datering: 1960-talet.

Fotograf: Rolv Tvinnereim.

Randastølen

Randastølen er ein av dei største stølane i Stryn kommune. Drifta var på det største i åra fram til kring 1950. På den tida hadde dei mindre bruka fått seg opp sel og fjøs og var komne under tak i eigne sel og fjøs. På det meste var det heile 15 buskapar med eiga bjølleku på stølen. Dei tre gardane eller grendene Rand, Skrede og Hammer hadde støl i lag på Randastølen. I eldre tid hadde desse gardane andre stølar. Spor ulike stader i Randamarka fortel oss om det. Me kjenner til fem ulike stølar i Randamarka. Av ein eller annan grunn vart fire av desse nedlagde, og brukarane samla seg om Randastølen.

Eldre stølar

I utmarka syner enno spor som fortel om eldre stølar i Randamarka. Ein kan sjå steinar som er lagde til og som klårt viser at ein gong har det stått hus på dei. Første stølen i Randamarka er Nærestølen. Som namnet seier låg den nærast bøgarden. Stølen låg på ei flate like ved den gamle stølsvegen i høgd med neste Blomteigen på bruk nr. 11. Litt ovanfor stølsplassen var der ein godt synleg og mykje nytta kvilestein. Bruk nr. 1 og 3 nytta denne stølen. Desse bruka hadde fjellstøl på ytste Randalia og denne heitte Kleivåkrestølen. Plassen ligg på ein hammar så langt ute og oppe at ein ser ned til Rand. Desse to bruka hadde nok god bruk for ein mellomstasjon før dei flytte så høgt til fjells.

Skrede og Hammer sine stølar

På Randastølen der han no er, var det til å byrja med 4 bruk, nr. 7, 8, 9 og 11. Skrede hadde sin støl i høgda innanfor øvste Blomteigane. Tuftene ligg mot Rustene om lag midt mellom Skrestølnakken og Tua. Segna seier at det spøkte der, men om det var grunn til at dei flytte, veit me ikkje.
På Skår finn me tuftene etter Hammerstølen. Der flata det litt ut før den bratte stigninga opp til toppen av Høgefjell byrjar. Her var det bra plass til stølshusa. Det var ein lang og tung stølsveg opp hit frå Hammer. Endå tyngre var nok turen heim med mjølkebørane. Ulven var ei lei plage på denne stølen. Det er fortalt at det var ein av grunnane til at dei flytte herifrå. I det ulende terrenget innover mot Klebergsdalen var det gode gøymsler og hiplassar for ulven. Desse to stølane låg ikkje nær elvar slik stølar ofte gjorde. Men båe stader var det vatn i oppkomer like ved. Her fann dei nok vatn både til avkjøling og vask.

Alle samla seg på Randastølen

Av ulike grunnar vart dei andre stølane nedlagde, og alle samla seg til slutt på Randastølen. Det er vanskeleg å seia når dette skjedde. Under flytting av Hammerselet i 1963, kom årstalet 1853 fram på ein stømmerstokk i selveggen. Selet kan vera bygt det året, men det kan og vera året dei flytte frå Skår. Kor lenge dei var på Kleivåkrestølen er og uvisst, men om dei ikkje var flytte, så hadde dei nok planar om det ved skogskiftet som var i 1737. Stølskveene som dei no er, vart uttekne under dette skogskiftet, og korkje kveene eller skogsteigane har vore endra seinare. Det vart utsteina litt større område enn det som vart innhegna til slåttekveer. Vi har grunn til å tru at dei fleste var samla på Randastølen frå midten av 1700-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat frå Hans Rand, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR