Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinstova på Reiakvam

Steinstova på Reiakvam er frå gammal tid og bygd av stein, og er ikkje heilt vanleg. Ho er dessutan den einaste steinstova vi veit om i Naustdal, og den einaste steinbygning frå eldre tid som står i eit gardstun.

Steinstova sett mot aust.

Steinstova sett mot aust.

Eigar: Sunnfjord Museum.

Datering: 1980-1984.

Fotograf: Jan L. Hundvebakke.

Særmerkt bygning

Ei sperrestove bygd i stein er nokså uvanleg så vidt langt inne i landet, der det var tolleg bra tilgang på tømmer. Ho er dessutan den einaste steinstova vi veit om i eit gardstun i Naustdalstraktene. Ingen veit kor gammal stova er, eller noko visst om kvifor ho vart bygd.

Bruken av steinstova

Vi er på gnr. 104, bnr. 2 på Reiakvam i Naustdal. Eigaren i dag, Oddne Reiakvam, har høyrt at stova m.a. vart brukt som skulehus på 1800-talet. Den førre brukaren, Bjarne Reiakvam (f. 1907), farbror til Oddne, fortalde i 1981 at heller ikkje hans foreldre, fødde 1880 og 1882, gjekk på skule i dette huset, så difor må denne bruken av huset i alle fall vere før 1880.
I 1930-åra tok familien til Bjarne steinstova i bruk som bustadhus, då den gamle sperrestova på garden vart for lita. Dei var ni sysken, så tilhøva var tronge, men kaldt var det ikkje å bu i steinhuset. Det ytste rommet vart brukt som eldhus med grue og det heile. Her vart det både kokt og bryggja, i samsvar med tradisjonen.

Lagnad seinare

Bjarne Reiakvam fortalde vidare i 1981 at stova vart gjeven til Naustdal kommune "for 20 - 30 år sidan", kring 1950-60. Litt seinare på 1980-talet vart det løyvt kommunale midlar til vøling av stova, og det vart gjort ein del arbeid for sysselsetjingsmidlar. Handverkar Barlund frå Sunnfjord Museum var på staden med råd og rettleiing i 1984.
I dag framstår stova i tolleg bra stand, restaurert, med nytt torvtak og tener som rom for oppbevaring av eldre husbunad og reiskapar, gamle ting som høyrer garden til, eit gardsmuseum. Og Oddne Reiakvam viser gjerne rundt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleiveland, Geir: Bygdebok for Naustdal. Band II. Naustdal 1997. Firdaposten. 22.10.1981.
Munnlege opplysningar frå:
Oddne Reiakvam, 2001.
Jon Alv Barlund, Sunnfjord Museum, 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR