Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ysteriet i Årevika



Dei veglause gardane Skeistrand, Hammar, Årevika og Mettenes ligg på sørsida av Nordfjorden mellom Hyeneset og Ålfoten. I åra 1924-1945 dreiv dei med geiter og hadde eige ysteri i Årevika. I Kjelda 4/96 står eit stykke av Martinus Mettenes om geitehaldet på Strendene. Artikkelen her er det same stykket, berre litt redigert.

Ysteriet i Årevika stod der hytta nede til venstre står. Det vesle huset eit stykke opp i bakken vart bygt til ostelager. Det vart bygt med torvtak og godt isolert for at det skulle halda seg kjøleg. Der vart osten teken ut or formene, stempla, voksa og pakka.

Ysteriet i Årevika stod der hytta nede til venstre står. Det vesle huset eit stykke opp i bakken vart bygt til ostelager. Det vart bygt med torvtak og godt isolert for at det skulle halda seg kjøleg. Der vart osten teken ut or formene, stempla, voksa og pakka.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Etter 1943.

Fotograf: Ukjend.

Geiter og utstyr frå Breim

Det var Nils Skeistrand, Ingebrigt Skeistrand, Bertel Årvik og Martinius Mettenes som i 1924 vart samde om å kjøpe geiter og gå i gong med ysting. Tidleg om våren, var vi ein tur til Kandal og Årdal i Breim og såg på ysteria der og tinga kje som kunne alast fram til geiter. Vi ville kjøpe geiter óg, men det var vanskeleg å få til. Anton Bogstad tok på seg å vere millommann og samla saman kjea og få dei ned til Sandane. Han tok óg på seg å arbeida det utstyret vi trengde til ystinga, - tråg (trau), klubbe og ystespader.

Byrja ystinga i 1925

Vi tok opp eit sams lån i Gloppen Sparebank. Pengane brukte vi til innkjøp av geiter og til det utstyr vi trengde, og til byggjing av ysteri. Ysteriet bygde vi i Årevika, nede ved sjøen attmed ein bekk. Der var bra med vasskraft. Vi laut óg kjøpe separator og to gryter på 190 liter kvar. Hausten 1924 kjøpte vi fleire geiter. Det var mest i Hyen vi fekk dei. I 1925 tok vi til med ystinga. Marta Hilde frå Innvik var fyrste ysterska. Ho hadde tidlegare vore ysterske på Møre.

Elektrisk kraft

Mjølka måtte førast i båt frå Skeistrand til Årevika. Det er om lag 2,5 km. Alle tok del i føringa (transporten). Arbeidet gjekk på omgang. Dei som førde mjølka hjelpte til med separeringa. Veden kjøpte ysteriet hjå leverandørane. Vi ysta nokre år før vi fekk osterører som gjekk med elektrisk kraft. Det var ein lette å sleppa å røra osten og snu separatoren med handemakt. Turbin og røre fekk vi kjøpt frå Breim. Nils Gåsemyr frå Breim hjelpte oss å setja maskineriet opp. Seinare fekk vi ny turbin og røyr lenger oppe i bakken, og då fekk vi meir kraft.

Formenn og ystersker

Fyrste formannen i ysteriet var Bertel Årvik, den andre var Ingebrigt Skeistrand, seinare gjekk det på omgang. Nils Skeistrand og Martinius Mettenes var óg formenn. Vi hadde flinke og dugande ystersker. Dei fleste av dei hadde fått opplæring på Breim.

Lett å selja

Etter det første året gjekk det lett å få selja osten. Første året hadde vi enno ikkje fått nok samband med firma som kjøpte ost. Seinare selde vi mykje ost til Vestlandske Salslag, ein del av den osten gjekk til eksport. Eit anna firma var O. Kavli, og mykje selde vi til Gloppen Handelslag og Eid Forbruksforening.

Medalje

I 1929 fekk ysteriet sølvmedalje for heilfeit geitost på ei meieriutstilling i Stryn. Det siste året, 1943, leverte vi mesteparten av osten til Norske Meieriers Salgssentral. Dei klaga aldri på kvaliteten derifrå.

Slutt under krigen

I 1943 slutta dei med geiter på Skeistrand. Dei hadde hogge ut mykje bjørkeved og i dei snaue skogteigane hadde dei hug å planta gran. Dette let seg ikkje gjera når ein hadde geiter som gjekk mykje ute i vinterhalvåret. Det var og mykje plage med at geitene ville leggja seg til i fjellet når det leid frampå sommaren, og arbeidshjelp var det helst lite med. Vi i Årvik og Mettenes ysta eit par år til. Så slutta vi og med geiter. Seinare vart det meir sauer vi kom til å drive med.

kjelder:

Mettenes, Martinus: Geitost-ysteriet i Årvik. I Kjelda. 4/1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR