Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bergsvika - tidlegare trafikknutepunkt



Bergsvika ligg ein snau kilometer innom ferjestaden Nordeide. Frå gamalt var Bergsvika hamn for bygda Berge eit stykke opp frå Bergsvika. Bygdefolket sa berre Vika. I ein tiårs-periode rundt 1900 var <i>Bergsvik</i> stoppestad for Fylkesbaatane. Deretter tok Nordeide over.

Bergsvika med bryggje, naust og ein fylkesbåt som vert borda. Her i Vika var det båtstoppestad for Fylkesbaatane i ein tiårsperiode kring 1900. Det var ekspedisjonsrom i naustet med ark. Biletet er ein reproduksjon av ein akvarell laga av Norvald Stedje.

Bergsvika med bryggje, naust og ein fylkesbåt som vert borda. Her i Vika var det båtstoppestad for Fylkesbaatane i ein tiårsperiode kring 1900. Det var ekspedisjonsrom i naustet med ark. Biletet er ein reproduksjon av ein akvarell laga av Norvald Stedje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sverre Berge skreiv artikkel om Bergsvika

Sverre Berge (1933-2004) var bonde på Ytre Berge. I 1999 hadde han ein interessant artikkel i avisa Ytre Sogn om Bergsvika kring århundreskiftet 1900 og eit stykke inn på 1900-talet. Han fortel om båtar og naust, om ferdsla til og frå, om handel og vedhogging, og om splinteliv. Vika var ein samlingsplass, ein livleg møtestad. Her fylgjer artikkelen slik han stod i avisa.

Trafikknutepunkt

"Bergsvika var tidlegare eit trafikknutepunkt. Der var det til tider stor verksemd på bryggje og i naust. Staden var Høyanger-folk sin landingsstad under kyrkjeturar, og dit måtte dei for å nå Amtsbaatane til by'n m.a [frå 1919 Fylkesbaatane]. Når vinden var sterk ute i Storefjorden [Sognefjorden] landa dei frå Måren i Vika òg."

Stoppestad for Fylkesbaatane

"I over 10 år var Vika stoppestad for Amtsbaatane, som vart borda med færing. Frå den vart varer lossa og lasta, likeeins folk og post. Posten vart stempla ombord slik at Bergsvik aldri var eit poststempel. Det var fem naust i Vika og post- og vareekspedisjonen var i naustet med ark [sjå biletet]. Fire naust er no borte."

Landfeste og god plass for brislingsteng

"Det var ein åburd (eit landfeste) i innkant av Vika og der var det ofte båtar som ankra opp. Staden var og naudhamn for jekter som kunne ligge der og vente på betre vêr i Storefjorden [Sognefjorden]. Vika var ein mykje brukt stad for brislingsteng, og det var ofte flust om fiskarar utanfor stenget, men ein måtte ikkje kome for nær, for då vart ein jaga av nothundane [brislingfiskarane]."

Handel

"Ei tid dreiv Magnus Kyrkjebø handel. Han tømra ei lita stove med lem til butikk, og tilsette ein styrar. Diverre låg styraren mykje på lemmen og drakk slik at butikkdrifta lønte seg lite. I 1895 starta Andreas Nordeide butikk i stova si, og handelen i Vika avtok ogso av den grunn. Magnus reiv stova og flytte ho til Kyrkjebø der han bygde fjøs av den. Nordeide tok etter kvart over både båtekspedisjon og butikkdrift."

Tømmer og utmarksbruk langs stranda

"Til Vika kom alt tømmer til brukarane omkring. Det kom frå Lindane, Skumsøyra, Klevald, Frivika og andre stader. Mange gardar hadde utskifting omkring 1900 og dei trengde mykje hustømmer.
Mange slo og lauva stranda inn langs Høyangsfjorden og alt vart farma [frakta, ført] i færingane til Vika; lauv, gras, ved, mose og never. Om hausten låg det mange store buntar lindebork nedsøkt i sjøen i eit par tre månader. Det vart vyrke for bastetog etter kvart."

Vedhogst

"Vika var hamning for alt som kom på kjøl, og det gjorde det meste: Sand, skjelsand, murstein, salt, mjøl, slipesteinar, treskemaskiner m.m. Brukarane omkring køyrde ved i strangar [trestammar utan topp og greiner] til Vika og sto der og saga og kløyvde den. Til sist var det å laste veden i jekter og skøyter. Under denne onna var det mange folk i arbeid, - og fleire for Vika forbi [la vegen framom]. Der frette ein mykje [fekk ein vita mykje]."

Bytehandel med folk på kysten - og splinteliv

"Folk ute frå kysten kom med fisk og sild, som dei bytte i ved, poteter og anna. Dei fleste hadde faste kunder som dei nemnde "vaor havmann." Sommars tid var det mykje splint som budde i nausta. Karane gjorde ymse loddearbeid, fortinna kjelar og laga takrenner. Nokre reparerte og bytte klokker. Konene for omkring og selde småting, som t.d. nål, tråd, skjerf, kniplingar og anna, og ofte tigga dei vel litt til "sjuke" born. Mange gjekk dit berre for å sjå splintelivet som var framandsleg."

"Etter at det vart veg [i 1937] kom splinten med hest og kjerre. Dei fekk då ei ny verksemd - dei bytte hestar. Det var livate tider når splinten heldt hus i nausta. Mange hadde og Vika som ein badestad. Fine søndagar var badeaktiviteten stor."

Ved århundreskiftet 1900/2000

"Reiser ein Vika forbi i dag [er framom, 1999] er det ikkje mykje som som minner om Bergsvika som trafikknutepunkt. Der kan likevel vere godt å stogge litt og sjå seg omkring - og tenkje. Også der vart ein flik av framtida til."

kjelder:

Ytre Sogn. 02.08.1999
Munnleg informasjon frå:
Eivind Berge, Solbergmoen

PERMANENT IDENTIFIKATOR