Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bedehuset Betel i Hjelledalen



Hjelledalen strekkjer seg nordaustover frå Strynevatnet. Bedehuset ligg for seg sjølv på nordsida av vegen om lag 1 km frå austre enden av Hjelledaltunellen. Huset stod ferdig i 1921. Til 80-årsjubileet i 2001 skreiv Tor Glomnes ein utførleg artikkel om bedehussoga. Artikkelen her er i hovudsak eit utdrag av Glomnes sin artikkel.

Bedehuset Betel ved riksveg 15 i Hjelledalen, 2007. Huset stod ferdig i 1921. Sist på 1960-talet bygde dei på 6,5 m mot aust (høgre). Då vegen vart noko utvida i 1980-åra var det på tale å riva huset sidan det kom for nær vegen. "Men det ordna seg", fortel Tor Glomnes i eit stykke om bedehuset i 2001.

Bedehuset Betel ved riksveg 15 i Hjelledalen, 2007. Huset stod ferdig i 1921. Sist på 1960-talet bygde dei på 6,5 m mot aust (høgre). Då vegen vart noko utvida i 1980-åra var det på tale å riva huset sidan det kom for nær vegen. "Men det ordna seg", fortel Tor Glomnes i eit stykke om bedehuset i 2001.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Huset
Det finst knapt noko bedehus i Sogn og Fjordane som ligg nærare ein sterkt trafikert riksveg enn bedehuset i Hjelledalen. Avstanden frå kantlina på vegen til vindfanget er under 5 meter. Eit flettverksgjerde er sett opp til sikring. Innkøyrsla til huset går til parkeringsplass på baksida. Namnet BETEL står med store bokstavar på inngangspartiet. Taket er tekt med skifer. Eit loddrett skilje i skifersteinane omtrent midt på, ber bod om at huset har vorte påbygd i austre enden.
Merknad: Betel var ein stad i Kaanan der Jakob bygde eit altar, 1. Mos. 35.

Vedtekter 1914
Tor Glomnes fortel at det gjekk fleire år frå tanken om å byggja bedehus kom opp, til huset stod ferdig i 1921. Dei første vedtektene vart vedtekne i 1914. I bedehusarkivet har dei eit skriv datert 2. februar 1914 med overskrifta "Regler for bedehuset Betel bygt [dvs: som det er planar om å byggja] ved Krokhaugen." Paragraf 1 fastset kven som kan bruka huset:

"Huset brukes bare i kristelig øiemed efter statskirkens grundsætninger. Dog tillates, utenfor statskirken staaende, at tale i huset, naar de forkynder det rene Kristi evangelium."

På same arket står tilføyd: "Den 3/1 1921 velges bestyrelse for huset. Valgte blev I.M. Guddal, Knudt Glomnes og Kolbein E. Folven. Av de blev som formand [vald] K.E. Folven."

Kolbein E.Folven - attersyn
I 1969 bad dei Kolbein Folven, første formannen, om å skriva ned bedehusminne i møteboka. Folven skreiv i innleiinga at han vil "forsøke og gjere det så nøyakig som eg hugsar." Han trekkjer liner tilbake til 1914.

Ynskje om hus kom opp som eit utslag av lekmannsrørsla, at det vart halde møte (oppbyggjingsmøte) utanom kyrkja. Skulehusa var ikkje alltid tilgjengelege, og stovene hjå folk lite høvelege. Føregangsmenn var Knut Glomnes, Tore Glomnes. Mons R. Folven, Rasmus A. Folven og Erik Folven. (Kolbein Folven nemner ikkje seg sjølv).

Tomta, verdsett til 50 kroner, var gåve frå Absalon Tenden. Dei bygde huset midt i dalen. Byggjearbeidet gjekk i etappar med stans ei tid under verdskrigen 1914-1918. Huset kom opp takka vere stor dugnad og gåver. På ei gåveliste er det notert 35 namn og pengegåver, materialgåver og dugnadsinnsats oppgjeve i dagsverk. Rasmus R. Fure og Knut R. Fure var ansvarlege for byggjearbeidet.

Til slutt skreiv Kolbein Folven i attersynet sitt i 1969: "Når vi no har fått [etter utviding på 1960-talet] eit så unelegt og godt gudshus så er det vårt ynskje og bøn at Gud med sin ande vil gjeste oss og dei komande slekter med vekking og liv. Det vert løn for offer, bøn og arbeid."

Verksemd
Tor Glomnes fortel vidare om verksemda på bedehuset. Hjelledalen indremisjonslag vart skipa hausten 1921. Laget hadde god aktivitet med faste oppbyggjelege møte og bønemøte. Om vintrane kom tiltreisande emissærar og heldt møte. Dei var grundige forkynnarar som la vekt på omvending og heilaggjering. Dei budde rundt om i heimane og gjekk på husbesøk om dagen.

Elles brukte sjømannsforeininga (kvinneforeining) bedehuset, sameleis søndagsskulen og ei barneforeining. Det vart halde to eller fleire juletrefestar. To eller tre årvisse basarar med auksjon, loddsal og åresal samla alltid fullt hus. Folk gav ymse ting til basarane, - rømegraut, landbruksprodukt og anna. Bedehuset har av og til óg vore brukt til skule og kurs.

Utbetringstiltak og planar om utviding
Erling Folven var formann i åra 1932-1971. I eit notat han skreiv inn i møteboka, går det fram at salen og galleriet vart kledd med huntonitt og måla i 1938 - for å redusera fyringsutgiftene. Det vart óg lagt nytt golv. Sidan salen var i minste laget, tok dei til å leggja planar for å utvida. Turvande grunn fekk dei i gåve av Arnulf og Torbjørg Tenden. Og Vegvesenet gav løyve til å byggja på austover. Huset vart no overdrege til Hjelledalen Indremisjon [i 2007 Hjelledalen Normisjon] som eigar, og tinglysing ordna 19.10.1964.

"Nytt" bedehus
Arkitekt Erling Bakke Eidså teikna eit 6 m langt påbygg i same høgd som før. Tilbygget skulle gje plass til ein mindre sal, kjøken, toalett, ny inngang, trapp til 2. høgda og lagerrom. Mellom "gamledelen" og påbygget skulle det lagast faldevegg slik at dei to salane kunne brukast kvar for seg eller som ein.

Mons I. Guddal, Erling Fossheim og Malvin Skaar stod føre byggjearbeidet. Nils Sundal var óg med. Anders R. Folven gjorde alt elektriske installasjonsarbeidet gratis. Elles hjelpte folk denne gongen óg til med dugnad og materialgåver. Dei gamle langbenkane vart skifte ut med stablestolar. Og det vart lagt inn vatn. Det "nye" bedehuset vart vigsla 10. september 1972.

Kvinneinnsats
Tor Glomnes rettar i stykket sitt ei takk til dei mange "namnlause" sin innsats for og på bedehuset. "Det er ikkje få liter kaffi som er koka her, og alle matpakkane som er tillaga, eller medtekne heimanfrå. Det var vanleg at maten vart servert i papirserviettar i benkene før. Då vart det eit slags matbrett på kvar benkerygg," fortel han.

Fare for riving
I 1982 var Vegvesenet skeptisk til planar om eit vindfang som ville koma nærare vegen enn det dei 12,5 metrane frå midtlina det hadde vorte gjeve løyve til då dei bygde på huset kring 1970, men sidan vegen vart lagt noko nærare bakken på sørsida og avstandet frå midtlina på denne måten vart 14 meter, vart det gjeve løyve. Likevel skulle det ikkje gå lenge før det nære naboskapet til riksvegen enno ein gong skapte vanskar. Då riksvegen skulle utvida st noko mot bedehuset, var eitt alternativ å riva. "Men det ordna seg denne gangen og," fortel Tor Glomnes stykket sitt i Fjordingen 28. desember 2001, i høve ei 80 års-samling dei laga til.

Rekruttering
Heilt til slutt stoggar Glomnes ved framtida til bedehuset. Han er optimist. "Dei fleste gamle er borte, og lenge var det vanskar med rekrutteringa til [indremisjons]-laget Men dei siste åra har nye personar i sin beste alder kome til, noko som gjev von for komnde år. Og medlemstalet er no nesten som det var ved skipinga [1921]."

kjelder:

Glomnes, Tor: BETEL, huset- og tilknytt bruk dei første åra og utover. I Fjordingen, 28.12.2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR