Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hauglum - Sagi



I 2000 er det lite att av det gamle Fresvikgodset. Garden Hauglum ligg der godset var,- garden vert og kalla Sagi sidan der frå gamalt av har vore eit sagbruk.

Garden Hauglum i Fresvik. Me ser stovehus, sagbruket nede ved fjorden, driftsbygning, garasje og naust. Attmed husa stamlaksbassenget. Vatn til sagbruket vart leidd i veit frå der me ser idrettsbana. Lengst borte ser vi Fresvik Produkter.

Garden Hauglum i Fresvik. Me ser stovehus, sagbruket nede ved fjorden, driftsbygning, garasje og naust. Attmed husa stamlaksbassenget. Vatn til sagbruket vart leidd i veit frå der me ser idrettsbana. Lengst borte ser vi Fresvik Produkter.

Eigar: Eigar av biletet: Isak Hauglum.

Datering: 1990-95.

Fotograf: Ukjend.

Fresvikgodset

Siste godseigaren i Fresvik var Wollert Krohn Hille, som kjøpte Fresvikgodset i 1824 for 300 riksdalar. Godset hadde eiga jekt, der var landhandel og sagbruk, og godset var fast tingstad for Leikanger. I Krohn Hille si tid vart godset stykka opp og selt unna, att var bruka Hauglum og Grundeland.

Nye eigarar

I 1859 selde Krohn Hille til vossingen Ole Davidsen Skjervheim (1804-1876), men han reiste til USA i 1868. I 1871 kjøpte då Kristen Isakson Bøtun (1833-1915) Hauglum for 3000 spesidalar, og sidan har den slekta vore på garden. Dottera Marta hadde ein son, Kristian (1886-1961), med Johan Lindgjerde. Denne Kristian, gift med Marta Olsdtr. Hov (1891-1990), overtok Hauglum i 1909 for 7900 kr, og i 1954 fekk sonen hans, Isak, f. 1922, skøyta på garden. Isak er på garden i 2001.
Kristian hadde vore jekteskippar, og hadde fleire gonger vore til Russland og Tyskland med sildelast.

Sagbruk

Heilt nede ved fjorden låg sagbruket, som truleg har vore i drift frå 1600-talet. Hans Gude måla i 1866 sagbruket med to jekter liggjande ved kai medan dei lastar material.
Vatnet som dreiv saga, vart leidd i veit frå elva ca. 1 km oppe i bygda. Det var og laga til renner på ca. 150 m som leidde vatnet inn på saga.
I 1911 leigde Erik Øvrebø (1863-1942) sagbruket og bygde seg hus på garden. I 1933 bles rennene ned, og Erik slutta då med sagbruk. Etter at Erik døydde i Fresvik i 1942, budde kona nokre år i bygda. Sonen og dottera hadde flytta til Bergen. Etter krigen vart huset deira i Fresvik teke ned og frakta til Laksevåg i Bergen, og dit flytta kona og busette seg.

Nytt sagbruk

I 1947 bygde så Isak Hauglum og Magnus Hauglum nytt sagbruk. Dei dreiv med fruktkasse-produksjon til midt på 1960-talet. I tillegg vart det laga ein del sviller, og dei hadde leigeskur. Isak dreiv og garden ved sidan av.

Stamlaksbasseng

I 1963 vart det bygt stamlaksbasseng på garden. Frå stamlaksbassenget vart det teke rogn til klekkeri. I anlegget var det tre basseng med tilførsel av både ferskvatn og sjøvatn. Laksen vart fanga i vekefredinga og stod i bassenga til han var gytemogen. I fyrstninga var det lett å få tak i laks, fyrst i Fresvik, seinare ved Suphamar og Eitorn, og til sist i Vik. Laksen vart frakta med båt til Fresvik, med tillaga basseng om bord. På det jamne var det 30-50 laks i bassenga. Stamlaksbassenga var i bruk til 1985.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H: Leikanger bygdebok, bind I og II. Leikanger 1965 og 1979.
Munnleg informasjon frå:
Isak Hauglum, f. 1922, Vik.
Bøthun, Jakob: Soga um Fresvikgodset. Bergen 1925.

PERMANENT IDENTIFIKATOR