Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hytta på Bandet



Fyrste delen av ruta frå Turtagrø Hotell til Store Skagastølstind går søraustover opp Skardstølsbotn til Skagastølsbandet på ca. 1730 m o.h. Her ligg ei over hundre år gammal steinbu, Skagastølshytta eller Hytta på Bandet som folk vanlegvis seier. I 2003 vart hytta ombygd, men ikkje alle var glade for dette. Luster Røde Kors Hjelpekorps sende protestbrev.

Utsyn frå Turtagrø mot Skagastølstindane. Frå Storen, lengst bak, går det bratt nedover til Bandet (bak fjelldraget midt i biletet) der hytta Skagastølsbu står. Biletet har tittelen "Vegvisar 2002" Skagastølstindane, og var vinnarbilete i ein fotokonkurranse.

Utsyn frå Turtagrø mot Skagastølstindane. Frå Storen, lengst bak, går det bratt nedover til Bandet (bak fjelldraget midt i biletet) der hytta Skagastølsbu står. Biletet har tittelen "Vegvisar 2002" Skagastølstindane, og var vinnarbilete i ein fotokonkurranse.

Eigar: Luster kommune.

Datering: Mars 2002.

Fotograf: Anders Fortun.

Engelskmann fyrst på Storen

Året 1876 er eit merkeår i den norske fjellklatringssoga. Den 26. juli nådde engelskmannen William Cecil Slingsby som fyrste mann toppen av Store Skagastølstind (Storen, 2403 m o.h.) Hendinga innleidde ei ny æra. Toppane og tindane i det sterkt alpine fjellområdet Hurrungane var ikkje utilnærmelege likevel. Stadig fleire klatrarar kom hit for å prøva seg, etter kvart også kvinner.

Den kjende danske klatraren, Carlo Hall, skreiv i DNT si årbok 1896 om Turtagrø som utgangspunkt for turar i Hurrungane:
Stedet byder [...] på en rigdom af tinder og bræpassager for enhver smag og behag, fra rene promenader, som kan udføres af enhver, der blot kan gaa nogle timer i fjeld, indtil bestigninger der hører til de vanskeligste i Norge.
Femti år seinare bygde Norsk Tindeklubb medlemshytte ved Skagastølvatnet.

Hytte på Bandet

DNT bygde hytte på Bandet 1890 og kalla ho Skagastølshytten. Bandet var ein høveleg stad, kring tre timars gange frå Turtagrø og ved foten av Storen. Men Bandet er ein ekstremt vêrhard stad. Dei måtte gong på gong til med reparasjonar og vinteren 1890/1891 var det så gale at heile hytta bles ned. DNT vedtok straks å byggja ny hytte, ei noko lågare og betre festa til fjellet. Thorger Sulheim i Skjolden skulle stå for arbeidet.

Ny hytte 1894

Sommaren 1894 stod den nye hytta ferdig. Ho var bygd av stein frå grunn til tak og hadde eitt rom med nokre naglfaste benker. Innvendig var muren fuga med sement men ikkje utanpå. Av omsyn til damer og behov for å byta kler vart det sett opp eit tilbygg i 1895. Hytta blei etter kvart utstyrt med ullteppe, eit par petroleumsomnar, kokekar og koppar.

Dårleg forfatning

Den nye hytta vart og nokså snart ''et Smertens Barn.'' DNT sin reiseinspektør var framom sommaren 1897. Han fann grunnen fuktig og tregolvet i dårleg forfatning. Det draup ned frå taket i store mengder og fleire av ullteppa var ''medtagne''. Inspektøren konkluderte med at det ikkje ville gå lenge før hytta var ubrukeleg og føreskreiv difor omfattande utbetringar

Mot århundreskiftet

Same sommaren vart det ordna med nytt golv, bølgjeblikktak og utvendig sementpussing. Men så slo eit voldsomt uvêr til att hausten 1897 og påførte hytta store skadar. Dei var jamvel inne på tanken om det hadde vore eit kraftig lynnedslag, det var nemleg kome ei stygg sprekke i eine veggen. To år seinare fortel rapportar at hytta er i god stand, og at ho no er bardunert med åtte jernstrenger. Framandboka syner 58 vitjingar i sesongen 1899.

1900-talet

Årsmeldinga for 1911 fortel om 157 besøk, men samla overnattingsavgifter var berre 40 kroner. Hytta vart ingen suksess og etter at Norsk Tindeklubb si hytte vart teken i bruk i 1938 minka interessa for hytta på Bandet. I 1956 vart vedteke at hytta skulle kondemnereast, men ho var framleis i bruk og istandsett att i åra 1960-1962. I staden for dei gamle sengebriskane kom det no fire køyer med gode madrassar og nye ullteppe. Utvendig vart ordna med turvande tak- og vindaugereparasjonar.
Otto J. Elvøy frå Jostedal stod føre byggjearbeidet på denne særs vêrharde og utsette byggjeplassen.

Nedbygging 2003

Sommaren 2003 vart hytta nedbygd til naudbu, det vil seia at alt inventar vart fjerna, og dosetet teke ut frå do. Etter sterke innvendingar frå fleire hald gjekk DNT noko attende på nedbygginga slik at ho ikkje vart så ''strippa'' som planen var.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helberg, Claus: Skagastølsbu. I Den Norske Turistforenings Årbok. 1962.
Den Norske Turistforenings Årbok. Fleire, m.a. 1895 og 1809.
Opplysningar frå:
Den Norske Turistforening, v/Sverre A. Larsen, Oslo.

PERMANENT IDENTIFIKATOR