Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Fraa Sogn



Fraa Sogn er eit resultat av Olav Sande si systematiske innsamling av munnleg tradisjon. Noko er også dikta av Sande sjølv. Førestillingar frå 1800 talet vert knytt saman med førestillingar frå middelalderen i den andre skjønnlitterære boka som kom ut på nynorsk i Sogn og Fjordane.

Her ser me bok to i verket <i> Fraa Sogn </i>. I 1992 kom verket ut i ny utgåve. I 2004 gav forlaget Skald ut ei illustrert utgåve med utvalde segner, <i> Segner frå Sogn</i>.

Her ser me bok to i verket Fraa Sogn . I 1992 kom verket ut i ny utgåve. I 2004 gav forlaget Skald ut ei illustrert utgåve med utvalde segner, Segner frå Sogn.

Om forfattaren

I tillegg til å vera segnesamlar og diktar var Olav Sande (1850-1927) målmann, komponist, og lærar. Fraa Sogn er eigentleg to bøker med undertitlane Segner og annat I frå 1887, og Segner fraa Sogn II frå 1892 ( Desse to bøkene kom samla ut i ny utgåve i Segner frå Sogn i 1992. Me omtalar dei difor i lag som Fraa Sogn). Sande var skuleflink og var ferdig utdanna lærar i 1871. Han kom frå garden Sande i Høyanger, men budde mesteparten av sitt liv på Leikanger. Det er som komponist Sande er best kjend. Han har mellom anna tonesett tre salmar i Norsk Salmebok ( 1985), deriblant Blix-salma Himmelske Fader.

Samla munnleg tradisjon

Når Sande hadde fri frå lærarjobben sin på Leikanger, reiste han rundt og prata med folk frå ulike stader i Sogn og skreiv ned det dei fortalde. Sande opplevde ikkje alltid forståing for innsamlingsarbeidet sitt, men i ettertid ser me at Sande samla verdfulle kulturskattar frå Sogn. I hovudsak er det segner, men også anna stoff. Dessutan er det også dikt og tonar av Sande sjølv. Mangfaldet i bøkene gir oss eit breitt inntrykk av kulturen og folkelivet i sognebygdene på 1800 talet.

Overtru

I bøkene finn me mytiske segner, segner med eit overnaturleg innhald. Her er hovudpersonen eit overnaturleg, utanomjordisk vesen som i dei mange huldrehistoriene. Ein finn opphavssegner som til dømes forklarar stadnamn. Kjende historiske segner, som Jostedalsrjupa er også å finna i dei to bøkene.

Eigne dikt

Bøkene fortel ikkje berre om folkelivet og bondekulturen, men også om naturen. Nokre av dikta har som nemnt Sande dikta sjølv, og då handlar det gjerne om naturen og kjensler knytt til den. Eit døme på det er diktet Vaaren:

Livet seg letta`,
kumrane spretta.
Blomane blenkjer kring markjer og mur.
Livet, eg sakna`,
Rundt um meg vakna`-
Atter paa løysing og letta eg trur.
 

Sjølv om noko av stoffet i Sande sine bøker er sjølvprodusert, er det i hovudsak innsamla stoff frå Sogn me finn. Fraa Sogn inneheld mykje kunnskap om folketru og liv på 1800 talet. Her er eit døme som me ser på med eit smil, men som har vore alvor for folk i tidlegare tider.

kjelder:

Bondevik, Bjørkum: Dikting og diktarar frå Sogn. Øens Prent. 1978.
Sande, Olav: Segner frå Sogn: Norsk Bokreidingslag 1992

PERMANENT IDENTIFIKATOR