Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. februar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skipsverftet i Leirvik



Eit moderne småskipsverft i Leirvik byggjer skip opp til 12 000 tonn dv. Verksemda vart starta opp som slipp og smie i 1918 av Jonas Løland (1877-1960), og er den eldste verksemda i sitt slag i Sogn og Fjordane.

Havyard Leirvik AS - skipsverftet ved Sognefjorden - år 2000.

Havyard Leirvik AS - skipsverftet ved Sognefjorden - år 2000.

Eigar: Havyard Leirvik AS.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Etablering

Jonas Løland kom frå Løland i Bø sokn. Han hadde bak seg to år i smedlære i Bergen, då han i 1902 starta smie på heimegarden. Han var ei tid smed på veganlegg, og frå 1907 til 1911 på Rjukan-anlegget. Der lærte han å lage vassturbinar og småkraftverk.
Jonas Løland sette opp smie og verkstad ved Bøelva, og ein patentslipp for fartøy opp til 60 fot. Motivet hans for å starte eiga verksemd var å sysselsette sine seks søner. Det klarte han, men opplevde og at to søner omkom i arbeidsulykker i 1927 og 1939.

Mangfaldig aktivitet

I tiåret før 1918 skaut motorisering av fartøy fart. Motorane denne første tida trong tidt reparasjon og utskifting av slitne delar. På slippen vart fartøya overhala og propellar reparerte. I 1918, var det ingen verkstad som kunne utføre slikt arbeid i ytre Sogn og nærliggjande kyststrok.
I 1928 fekk verksemda elkraft frå eigen kraftstasjon i Bøelva. På leigd grunn lengre ute på Bø vart det på same tid sett opp eit verkstadbygg. Dei neste femti åra vart dette staden for motorverkstad, saghus, nytt verkstadbygg, bustadhus, slipp og bedding til skipsbygging.
Jonas Løland starta produksjon av turbinar i 1920-åra, og monterte mindre kraftstasjonar fram til 1953, då det siste kraftverket vart levert til Måren Kraftlag. Dei fleste vart leverte i Sogn og Fjordane. På verkstaden vart det elles laga kne og reidarar av jern til forsterking av trebåtar. Det vart reparert gardsreiskapar, produsert trillebårer, traller og stubbebrytarar, særleg til Vegvesenet. I 1950-åra tok denne produksjonen slutt.

Bilete av Magnus Løland med to av Jonas Løland sine produkter.

Skipsbygging

Skipsbygging vart hovudaktiviteten på 1950-talet, men starta alt i 1938. Då vart det levert ei 15 m lang ferje til Vegvesenet, til sambandet over Loftesnessundet i Sogndal. Ei ny ferje vart bygd i 1944. Frå 1953 vart det levert minst eitt nybygg kvart år. I 1958 stod ein overbygd bedding til skipsbygginga ferdig. På eigen slipp vart fartøy reparerte og overhala.
Verftet bygde stålfartøy, først ein del fiskebåtar, deretter fleire pallebåtar. På seksti- og syttitalet vart bilferjer eit spesialprodukt. Seinare har det vorte bygt moderne palleskip og spesialbåtar.
Verftet vart den største arbeidsplassen i Hyllestad. Talet på arbeidarar auka frå kring 12 i 1950 til kring 80 i 1970, og vidare til over 200 på nittitalet, medan det er kring 170 i 2001.

Bilete av arbeidarar på Løland Moterverkstad sommaren 1938.

Bilete av Løland Moterverkstad sommaren 1956.

To verftsanlegg

Den gamle tomta vart for liten som skipsverft, og nytt verftsanlegg stod ferdig i 1977 på Kjørneset, ved munningen til Bøfjorden. Den overbygde dokka på 20 x 130 m, med tilknytte produksjonshallar, ruver godt ved Sognefjorden. På gamleverftet vart det bygt skip opp til 66 m, på nyverftet over 140 m (seksjonsbygg).
Men verftet kom opp i vanskar då nytt anlegg var ferdig. Byggekostnadene vart omtrent det doble av kalkulasjonen, det vart magre kontraktar i ei tid der marknaden i skipsindustrien fall saman, og verksemda fekk organisatoriske problem med drifta på det nye anlegget. Verftet gjekk konkurs, vart omorganisert, og Kleven-gruppa i Ulsteinvik kom inn som ny hovudeigar i 1980. I 1990 vart dei fusjonert med Kværner AS, som i 2000 selde verftet til familien Per Sævik.

Bilete av nedskjering av landgangen før utdokking. Dette tar sted i byggjehallen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Finn B. Førsund: Skipsverftet ved Sognefjorden Kværner Kleven Leirvik AS 1918-1993. 1993.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv SFF-

PERMANENT IDENTIFIKATOR